Møt dramatikar Roland Schimmelpfennig i samtale med omsetjar Øystein Vidnes på Scene 3, fredag 24. april kl.16.00.

Dramatikaren bak vårens storsatsning Antropolis er ein av dei mest markante samtidsdramatikarane. Roland Schimmelpfennig kjem til Noreg for å snakke om skriving, teater, samtida og dei greske tragediane, i samtale med Øystein Vidnes, som har omsett Antropolis til norsk.

Om Antropolis

Dei mest berømte mytane i den europeiske sivilisasjonen har opphav i den greske byen Teben. Ødipus, Antigone og forfedrane deira spelar framleis sentrale roller i kunst, filosofi og psykologi. Konfliktane som blir utforska i dei antikke legendane ulmar under overflata av det moderne samfunnet. Ført i pennen av den tyske samtidsdramatikaren Roland Schimmelpfennig er Antropolis ei samanskriving av antikke klassikarar. Det er ei brutal forteljing om brodermord, incest, ville festar, blodige slag.

Dagens krigar blir som eit smerteleg ekko av fortidas og mytologiens blodige kampar. Vi menneske gjer dei same feila og kjempar dei same meiningslause kampane på nytt og på nytt. Nett som dei greske gudane, slepper heller ikkje vi unna lagnaden vår.

Antropolis har premiere 25. april på Scene 2.

Goethe Institut skal fremme kulturutveksling, utdanning og samfunnsdebatt i ein internasjonal kontekst på vegner av Forbundsrepublikken Tyskland.

Samtalen er eit samarbeid mellom Det Norske Teatret og Goethe-Institut. Den er gratis og ope for alle, men du må hente ut gratisbillett.

Varigheit omlag 1,5 time. Samtalen går føre seg på engelsk. Baren er open.

Velkommen!

Gratis

Vel dato for innsikt Gratis samtale