Møt Joi Gresham i samtale med Camara Lundestad Joof om dramatikar Lorraine Hansberry og hennar avtrykk i scenekunsten.

Ung, gåverik og svart

Stykket Ei rosin i sola opna ei dør for ein heil generasjon svarte kunstnarar, frå Sidney Poitier og Ruby Dee til Lloyd Richards, den første svarte regissøren på Broadway, da det blei sett opp i 1959. Med dette dramaet blei Hansberry den første svarte kvinna som fekk eit stykke oppført på Broadway, den første svarte dramatikaren, den femte kvinna og den yngste nokon gong som blei tildelt den ettertrakta «The New York Drama Critics' Circle Award for Best Play of the Year». I 2026 får stykket endeleg premiere på ein norsk scene.

Joi Gresham er litterær forvaltar for Lorraine Hansberrys dødsbo. Ho er dotter av Jewell Gresham-Nemiroff og Robert Nemiroff – som var Hansberrys tidlegare ektemann. Gresham var produsent for Broadway-oppsetjinga av Ei rosin i sola med Denzel Washington. Ho arbeider også som forfattar og redaktør for utgjevingar av Hansberry sine tekstar.

Fredag 13. november kl. 18.45

Før noregspremieren av Ei rosin i sola møtest Joi Gresham i samtale med Camara Lundestad Joof. Joof er forfattar, scenekunstnar og dramatiker, og kunstnarleg leiar på Dramatikkens hus.

Samtalen er gratis og open for alle, og skjer i Utskarpen i foajeen på Det Norske Teatret.