Ein samtale med skodespelar Etienne Glaser etter framsyninga Så var det.

87 år gamle Etienne Glaser kjem til Fossefestivalen med monologen Så var det/Slik var det - om å nærme seg døden. Glaser er sjølv ein av Sveriges mest erfarne – og kjente – teatermenneske. Han har verka som både skodespelar, regissør og manusforfattar gjennom ein karriere som strekk seg over meir enn 70 år.

I monologen Slik var det møter vi ein eldre målar, ein stor kunstnar. Han ser slutten nærme seg, og gjer seg tankar om kva som no skal skje. Jon Fosse skriv som alltid om det heilt kvardagslege, men også om dei heilt store spørsmåla. Han har ein eigen evne til å skrive enkelt, men samstundes vesentleg om det som er komplekst og universelt. I det nesten banale speglar han dette på ein på same tid alvorstung og nesten lattervekkande måte.

Rett etter framsyninga Så var det/Slik var det blir det ein samtale på scenekanten med Etienne Glaser. Du må ha billett til framsyninga for å vere med på arrangementet. Det kan du kjøpe her.

Gratis

Vel dato for innsikt Møt skodespelar Etienne Glaser

  • Gratis