Vi inviterer til eit djupdykk inn i ei av verdshistorias mest kjende romanar, når podkasten Leselaget les Les Misérables av Victor Hugo. Heile sesongen er no lagt ut som podkast.

Victor Hugos episke storverk Les Misérables er ein murstein av ein roman. Ikkje berre blir han rekna mellom 1800-talets beste. Han er også blant dei lengste romanane som er skriven nokosinne. I haust og vinter gyv vi i podkasten Leselaget laus på han.

Vi har valgt ut fem sentrale tema frå romanen, og inviterer til fem direkteopptak av lesepodkasten Leselaget der dramaturg Ingrid Weme Nilsen tar for seg romanen med ulike tematiske overskrifter. Kvar episode har ein ny gjest. Sjå oversikt over dei ulike temaa under.

Vi vil gjerne ha deg med på denne lesemaratonen!

Anten kan du lese saman med oss, del for del. Eller la andre ta seg av lesinga og berre komme for den gode samtalen. Alle episodane er no lagt ut som podkast. Meir informasjon om dei ulike episodane finn du under.

I sesong tre av podkasten Leselaget les vi Medmenneske-trilogien av Olav Duun. Her finn du meir informasjon om det.

Lytt til Leselaget der du lyttar til podkast!

Gjest i først episode er Ghulam Abbas. Foto: Foto: Lina Hindrum/Cappelen Damm

Del 1 Forvandling - med Ghulam Abbas

Fredag 12.12.25 – kl. 17.30-18.15

Les Misérables er Victor Hugo sin store roman frå 1862 om samfunnets utstøytte. Hovudpersonen er den tidlegare straffangen Jean Valjean. Romanen begynner i det Jean Valjean nett har blitt frigjeven, etter 19 år i straffeanstalt. I lomma har han 109 franc og eit gult pass, som for alltid merkar han som straffange.

Kor skal han gjere av seg?

I denne episoden av Leselaget dykkar vi djupare ned i forholdet mellom brotsverk og straff. Mennesket er skapt godt, men kan menneskenaturen bli totalt forvandla, av lagnaden? Kan hjartet bli øydelagt og vondt av strukturer i samfunnet? Kan menneskeætta forvandle menneske til ville dyr?

Og kan mennesket bli godt igjen?

Dagens gjest er Ghulam Abbas, tidlegare gjengleiar for den berykta B-gjengen, no sosionom og ungdomsarbeidar. Abbas har fortalt historia si i boka Gudfaren, skrive av Kjetil Østli.

«Det er kanskje ikkje hans feil, men han er likevel skuld i desse brotsverka.» (Frå Les Misérables)
Gjest i andre episode er Anna-Sabina Soggiu. Foto: Jonas Mailand

Del 2 Fattigdom - med Anna-Sabina Soggiu

Fredag 21.11.25 – kl. 17.30-18.15

Les Misérables handler om menneske som er fødd inn i dei lavaste sosiale sjikta i samfunnet, og viser korleis dei kjempar for overleving i ei kald og kynisk verd. Denne episoden av Leselaget er tilegna fattigdom. Vi drar linjer frå 1800-talets Paris, der armodet gjer seg uttrykk i tynnkledde gatebarn og prostitusjon, til dagens moderne samfunn, og undersøker korleis fattigdommen rammar i Norge i dag.

Korleis påverkar fattigdommen moglegheitene til eit barn, og kva skal til for å bryte ei arverekke av fattigdom?

Dagens gjest er Anna-Sabina Soggiu, samfunnsdebattant og sosionom, kjent frå mellom anna TV-programmet Den norske fattigdommen med Thomas Seltzer og forfattar av boka Vi fattigfolk.

«Eg har drukke brennevin ut av reint elende. Det døyver armoda.» (Frå Les Misérables)
Gjest i tredje episode er Kari Veiteberg. Foto: Dag Smemo/Oslo bispedømme

Del 3 Forsoning - med Kari Veiteberg

Onsdag 17.12.25 – kl. 18.00-18.45.

Like før jul inviterer vi til ein rolig time om forsoning. Les Misérables er gjennomsyra av kampen mellom gode og vonde krefter. Karakterane kjempar óg mot djupe avgrunnar i seg sjølv. Men verket har nokre av verdslitteraturen vakraste skildringar av forsoning og tilgjeving, og denne kvelden ei lita veke før jul er det desse vi skal fortape oss i.

Korleis forsone seg med sine eigne feil? Korleis gjere godt noko som er urett? Korleis tilgje nokon som har synda mot deg? Og kva er eigentleg ekte forsoning?

Dagens gjest er prest og teolog Kari Veiteberg, tidlegare prest i Kirkens Bymisjon og Oslo biskop emerita.

«Han så at det i det fryktelige mørket steg opp en ukjent morals sol; så det med redsel og svimmelhet.» (Frå Les Misérables)
Gjest i fjerde episode er Monica Roland. Foto: Julia Loge/Uniforum

Del 4 Kjærleik - med Monica Roland

Fredag 23.01.26 – kl. 17.30-18.15.

Les Misérables er kjent for dei vakre skildringane av den romantiske kjærleiken som oppstår mellom dei to unge hovudpersonane, Cosette og Marius. Men det er fleire interessante og svært rørande relasjonar i romanen, ikkje minst det sterke og mangefasetterte forholdet mellom Jean Valjean og Cosette, for ikkje å snakke om det interessante forholdet mellom kriminaletterforskaren Javert og Jean Valjean.

Kva er kjærleik, og kva er det som skjer med oss når vi blir overmanna av varme kjensler for eit anna menneske? Korleis bind kjærleiken oss saman? Kva skjer med barn som veks opp utan kjærleik i liva sine? Kor går grensa mellom sunn og usunn kjærleik?

Dagens gjest er Monica Roland, filosof og førsteamanuensis ved NTNU.

«Hver som har elsket, kjenner alle de følelsene som rommes i de fem bokstavene: Henne.» (Frå Les Misérables
Gjest i femte episode er Jonas Bals. Foto: Ingrid Pop/Cappelen Damm

Del 5 Revolusjon- med Jonas Bals

Onsdag 04.02.26 – kl. 17.30-18.15.

Handlinga i Les Misérables går føre seg med ein uroleg politisk bakgrunn. Det er berre få år sidan revolusjonen, og statskuppet til Napoleon i 1799 er framleis ferskt. Fridommen er innskrenka. Dei sosiale skilnadane er enorme. Folket lir, svolt og urettferd framprovoserer frå tid til anna blodige gatekampar der desperate sivile gjer opprør mot politi og myndigheiter. Mot slutten av romanen lar Hugo oss få bli med inn i eit slikt opprør. Karakteren Marius, den unge og engasjerte kjærasten til Cosette, Jean Valjean si elska fosterdotter, blir nesten drepen i opprøret.

Er revolusjonens tid forbi? Kven er villig til å gå til revolusjon i våre dagar? Treng vi ein skikkeleg revolusjon? Og kva er vi villige til å risikere livet for?

Dagens gjest er forfattar, historikar og fagforeiningsmann Jonas Bals.

«Et opprør ligner en snøball, og øker som den, mens den ruller av sted, med en forvirret mengde mennesker.» (Frå Les Misérables)

Om Leselaget

Leselaget er ein podkast laga av Det Norske Teatret. Våren 2025 las vi Lady Macbeth frå Mtsensk frå 1865 av den russiske forfattaren Nikolaj Leskov. I haust held vi oss på 1800-talet, men vi tek turen til Frankrike og skal der møte "dei elendege" i romanen Les Misérables av Victor Hugo.

Toppbilde på denne sida er illustrasjonen "Cosette", teikna av den franske kunstnaren Émile-Antoine Bayard. Illustrasjonen var på trykk i den første utgåva av Les Misérables (1862). Den har seinare blitt eit kjent motiv for musikalen basert på romanen.