Velkommen til ein introduksjon før Haugtussa, i samarbeid med Asker Museum.

To år etter at Arne Garborg skreiv diktsyklusen Haugtussa, flytta han saman med kona Hulda Garborg frå Kolbotn til Asker, i 1897. Det vart starten på ei særs produktiv tid for folkemål og folkekunst i ein periode med kraftige kulturkampar og idébrytningar.

Heimen deira, Labråten, vart sentrum for ein stadig større krins av kjende kunst- og kulturpersonlegdomar. Det var også det første øvingslokale for Det Norske Spellaget som seinare vart til Det Norske Teatret.

Torsdag 11. desember kl. 18.45 kan du få ein introduksjon før framsyninga Haugtussa.

Introduksjonen er ved André Finnøy Brunvoll. Han er leiar ved Asker museum. Kunstnarheimen Labråten vart i 1996 ein del av museet, og er ope for omvisingar fem dagar i veka heile året.

Gratis

Vel dato for innsikt Heimen til Hulda og Arne Garborg

  • Gratis