Lurer du på noko meir, så ikkje nøl med å ta kontakt!
(Kontaktinfo nedst på denne sida)
Komme hit
Det Norske Teatret ligg midt i Oslo sentrum, like ved Karl Johans gate og Stortinget.
Adressa er Kristian IVs gate 8.
Næraste trikkestopp er Tinghuset.
Næraste T-banestasjonar er Stortinget eller Nationaltheatret.
Næraste togstasjon er Nationaltheatret.
Parkering
Køyrer du bil, kan du parkere i Sentrum P-hus.
Det finst også HC-parkeringsplassar på andre sida av gata for teateret i Kristian IVs gate.
Skal du til Rommen Scene? Den ligg i Groruddalen. Les meir her!
Overnatting
Det er mange hotell like rundt hjørnet for Det Norske Teatret:
Bondeheimen
Hotell Bristol
Savoy
Grand
Scandic Grensen
Du kan også prøve Showpakker, som inkluderer teaterbillett og overnatting i eitt!
Svolten?
Velkommen til teaterrestauranten vår, Bule!
Førebu deg før du kjem i teateret!
Nokre synest teateropplevinga ofte kan bli betre dersom dei har litt kjennskap til framsyninga på førhand. Vi har mange måtar å gjere det på hos oss!
Nettsidene
Kvar framsyning har ei nettside med informasjon om framsyninga, skodespelarane og det kunstnarlege teamet. Her finn du som regel også artiklar og film.
Program
Det Norske Teatret har av miljøomsyn gått meir eller mindre over til digitale program. Desse kan du kjøpe på same tid som du kjøper billett på nettsidene våre.
På utvalde framsyningar på Hovudscenen kan du kjøpe programmet i papirformat på teateret.
Digitalt og fysisk program vil vere tilgjengeleg frå premieredatoen.
Podkast
Aktualiserande podkastar finn du her eller der du lyttar til podkast. Kanskje du rekk å høyre ein episode om framsyninga du skal sjå på vegen ned til teateret?
Sosiale media
Du kan også følge oss på sosiale media som Facebook og Instagram for å få innblikk i repertoaret vårt!
Når du kjem hit
Scenane våre
Hovudscenen ligg i andre og tredje høgda. Det er tilgjenge både med trapp og heis. Det er trappefri tilgjenge til rad 15 inne i salen.
Scene 2 ligg i 1U. Det er tilgjenge både med trapp og heis. Det er trappefri tilgjenge til rad 2 inne i salen.
Scene 3 ligg i femte høgda. Det er tilgjenge både med trapp og heis. Det er trappefri tilgjenge til rad 1 inne i salen.
Rommen Scene ligg på Rommen i Groruddalen. Der er det tilgjenge utan trappar. Les meir her!
Rullestol
Det er trappefri tilgjenge til rad 15 på Hovudscenen, rad 2 på Scene 2, rad 1 på Scene 3 og rad 1 på Rommen Scene. På Hovudscenen, Scene 2 og Scene 3 må ein nytte heis for å komme til salane.
Billettar til rullestolbrukar må ein bestille på førehand på telefon, direkte i billettluka eller ved å sende ein e-post til hei@detnorsketeatret.no
På Hovudscenen har vi plass til to rullestolbrukarar. På Scene 2, Scene 3 og Rommen Scene er det plass til ein rullestolbrukar per scene.
Garderobe
Hovudscenen har ubetent garderobe med låsbare skap i foajéen i første høgda. Skapa er: 54 cm djupe, 43 cm høge og 37 cm breie. Garderoben blir låst under framsyningane.
Scene 2 og Scene 3 har ubetent garderobe ved dei respektive scenane.
Klede og verdisaker heng der på eigars ansvar.
Attgløymde saker blir levert til billettluka.
Servering
Barane er opne før framsyning og i eventuelle pausar. Det er tillate å ta med seg drikke i plastbeger inn i salen.
Du kan bestille servering på førehand. For Hovudscenen, klikk her. For Scene 2 og Scene 3, klikk her.
Billettar
Billettluka held ope heilt fram til framsyninga startar. Om du har fått billettar på e-post, kan du vise dei fram på telefonen når du går inn i salen. Vi set pris på at du lastar ned billettane dine før du kjem i teateret.
Du kan òg skrive dei ut og ta med utskrifta til teateret. Avsendar står som hei(@)detnorsketeatret.no med ordet "stadfesting" i emnefeltet. Om du ikkje finn billettane i innboksen din, bør du sjekke søppelposten – nokre gonger hamnar billettane der. Ligg ikkje billettane der heller, kan du kontakte billettluka på tlf. 22 42 43 44 eller sende e-post til hei(@)detnorsketeatret.no.
Om du skal hente billettane i billettluka, ligg dei på etternamnet/tlf.nr ditt.
Hugs å ta med relevant legitimasjon/medlemskort.
IR-anlegg for den med nedsett høyrsel
Det Norske Teatret har ikkje teleslynge, vi har IR-anlegg på alle scenane våre.
IR-anlegg er eit alternativ til teleslynge, ofte brukt i lokale der det er mykje elektromagnetisk forstyrring, til dømes frå elektriske gitarar, lysstoffrøyr eller T-bane/tog.
IR-mottakarane har høyretelefonar eller halsslynge tilkobla ein 3,5 mm lydkontakt, og kan derfor bli brukt av personar som ikkje bruker høyreapparat med telespole, men også av dei som gjer det. For best lydoppleving ved bruk av IR på Hovudscenen, anbefalar vi å sitte frå rad 5 og bakover.
Du kan låne ein mottakar med høyretelefonar eller halsslynge hos oss når du kjem i teateret. Merk at vi har avgrensa tal på sendarar til utlån. Ta kontakt med publikumsvertane våre i foajéen. Har du spørsmål om IR-anlegg kan du kontakte oss på hei@detnorsketeatret.no.
Tolking av framsyningar
Av og til har vi teiknespråktolka framsyningar. Følj med på nettsidene våre for datoar.
Treng du tilrettelegging for skrivetolk? Send oss ein e-post på hei@detnorsketeatret.no
Er det noko meir du lurer på?
Ikkje nøl med å kontakte billettluka på tlf. 22 42 43 44 eller send ein epost til hei@detnorsketeatret.no .
Opningstidene finn du her.