Gnist

Det Norske Teatrets teaterskole for ungdom mellom 16-18 år med interesse for lyd, lys, scenografi og maske/sminke.

Det finst mange måtar og moglegheiter til å formidle i teater, og fleire av dei handlar om det du ser og høyrer; lys, lyd, scenografi, kostyme, maske/sminke. Til Gnist-prosjektet har vi samla unge som er nysgjerrige og vil utforske eit eller fleire kunstnariske uttrykk. I Gnist lærer dei meir om korleis dei designar og bygger eit scenisk rom og dei vil få prøve seg fram med kostymedesign og teatersminke. Dei vil utforske og prøve seg fram i trygge rammer, med kompetente rettleiarar innanfor alle fagfelta. Prosjektet går over åtte ettermiddagar våren 2022.

Det er 15 plassar, og det er gratis å delta.
Søknadsfristen er gått ut.

Kursoppstart: 11. mars 2022
Kurset går over 8 ettermiddagar våren 2022.

Deltakarane får:

- Vere ein del av ein dynamisk og kreativ fellesskap
- Praktisk og spennande erfaring innan den visuelle delen av teateret
- Rettleiing frå nokre av dei fremste innan kvart fagfelt
- Omvising og besøk på Det Norske Teatret, sjå framsyningar, «bak scenen»-opplevingar og bli kjent med nye menneske

Kurshaldarar:

Katja Ebbel (Scenograf/kostymedesignar)
Peter Baden (Musikar/lyddesignar)
Oscar Udbye (Lysdesignar/videodesignar/scenograf)
Torkel Skjerven (Lysdesignar)
Dordi Strøm (Scenograf)

Kursdagar

  • fredag 11. mars (vi ser framsyninga Linje 5 på Rommen Scene)
  • torsdag 17. mars (omvising på Det Norske Teatret)
  • måndag 21. mars
  • måndag 18. mars
  • måndag 4. april
  • måndag 25. april
  • måndag 2. mai
  • måndag 9. mai

Skjema for påmelding:

Bruk - (bindestrek) mellom tala. Eks: 14-11-1994