Har du ein god penn?

Har du ein god penn og er frå Groruddalen? Send oss ditt bidrag til skrivekonkurransen og vinn skrivestipend på 50 000 kroner!

Det Norske Teatret og Dramatikkens hus ønskjer å løfte fram fleire historier og stemmer frå bydel Alna, Grorud, Stovner og Bjerke.

Har du ei historie på hjartet? Skriv du i smug?
Driv du med skriving frå før?
Send inn ditt bidrag til oss!

Kva er vi ute etter?

Vi er ute etter di historie, din penn, det du har på hjartet.
Vi er eit teater – men du treng ikkje skrive teater/dramatikk.
Du treng ikkje å ha ein ferdig skrive tekst - vi treng mellom 10 og 20 sider utkast til ei historie/idé/prosjekt eller ei tekstprøve du ønskjer å jobbe vidare med.

Kven er du?

Du er mellom 16 og 100 år!
Du har bakgrunn (er fødd, oppvaksen, har vore mykje i eller bur i) Groruddalen.
Du likar å skrive og har noko på hjartet!
Du likar å prøve nye ting, og er nysgjerrig på teater.

Kva er fristen?

1. februar 2022.

Kva skjer om du vinn konkurransen?

Vi vil velje ut eitt prosjekt som får eit tekstutviklingsstipend på 50 000 kroner.
I lag med tekstutviklarar/dramaturgar frå Det Norske Teatret og Dramatikkens hus vil vi i lag arbeide vidare med tekstutkastet ditt så det får ei form som kan passe på scenen.

Skriv du ikkje på nynorsk, seier du?

Null problem! Det Norske Teatret skriv og spelar teater på nynorsk og dialekt – men vi vil ha teksten på det språket som ligg ditt hjarte nærast. Det kan vere alt frå bokmål, swahili, urdu, polsk, arabisk, engelsk og nynorsk til samisk. Alle språk, med andre ord!

Vil du vere anonym?

Juryen vil behandle alle anonymt.
Skulle din tekst bli valt ut, kan du velgje å stå fram med namn, alias eller forbli anonym.
Men juryen må vite kven du er.

Kven sit i juryen?

I skrivekonkurransejuryen sit både representantar frå Det Norske Teatret, Dramatikkens hus, og nokre utanifrå. Juryen er:
Anders Hasmo (Det Norske Teatret), Line Rosvoll (Dramatikkens hus), Maria Navarro Skaranger (ekstern), Martin Rakzami (ekstern) og Rania Broud (ekstern).

Korleis går eg fram for å delta i skrivekonkurransen?

Send oss din tekst på 10 – 20 sider på det språket du vil til Rommen@detnorsketeatret.no .
Skriv også nokre liner om kva for tilknyting du har til Groruddalen, kvifor du ønskjer å delta, og kva du brenn for.

Har du spørsmål? Ta kontakt med Anders Hasmo på anders.hasmo@detnorsketeatret.no .

Kven er Det Norske Teatret og Dramatikkens hus?

Det Norske Teatret ligg i Oslo Sentrum med fire spelescenar, og har sidan 2018 i tillegg etablert seg i Groruddalen, der vi spelar teater på Rommen Scene. Nokre av framsyningane vi har vist her, har eit slektskap med dalen – for eksempel Tante Ulrikkes vei, basert på boka til Zeshan Shakar, Linje 5, av Shakar og Don Martin, Blokk til blokk av Don Martin, Fela og Jonathan Castro - og ikkje minst BEST, som er utvikla av og blir spelt av unge boksarar frå Stovner Bokseklubb.

Dramatikkens hus ligg på Grønland og arbeider for å utvikle dramatikk og nye tekstar for teater i lag med dramatikarar, dramaturgar, skodespelarar, regissørar og forfattarar.