Videosketsj med Arman Surizehi Videosketsj med Arman Surizehi
Lyst til å lære meir om korleis ein lagar sketsjar som funkar på video? Arman "Shafqat" Surizehi, kjend frå Humoretaten, lærer bort tips og triks!
KURS I VIDEOSKETSJ
TYSDAG 26. MAI
KL. 17.00 - 20.00
PÅ SCENE 3, DET NORSKE TEATRET
Kanskje er du sjølv i målgruppa, eller kjenner nokon som er det?
Rebell er Det Norske Teatrets teaterkurs for barn og unge frå 4. - 7. trinn. Som siste kurs denne våren tilbyr vi eit kurs i å lage artige videoar for digitale flater.
Arman Surizehi er kjend for mange gjennom Humoretaten på NRK - og vil lage eit skreddarsydd kurs for dei som melder seg på.
Kurset er gratis, og det er berre 50 plassar - så ikkje nøl dersom du er interessert!
PÅMELDING OG SPØRSMÅL
nina.sandquist@detnorsketeatret.no // 41402103
Rebell
Det Norske Teatrets teaterklubb for dei på 4. - 7. trinn med interesse for alle teaterets element.
Les meir