Rebell

Det Norske Teatrets teaterklubb for dei på 4. - 7. trinn med interesse for alle teaterets element.

Er du nysgjerrig på teater og scene, eller kjenner nokon som er det?

Anten ein er interessert i å stå på eller bak scenen, eller berre vil snuse litt på teater, er ein velkommen til å delta på Rebell!
Her vil du få vere med på kurs i mellom anna skodespel, dans, tekst, scenografi og scenelyd.

Prosjektet går føre seg om ettermiddagane hausten 2026 på ulike ungdomsklubbar i Groruddalen. Prosjektet går føre seg i samarbeid med Den Mangfaldige Scenen.

Det er gratis å delta.
Du treng ikkje å søke, berre kom som du er!

Du får:

- Utfalde deg både på, framom og bak scenen
- Rettleiing frå nokre av dei fremste innan sine kunstfelt
- Gratisbillettar til teaterframsyningar!

Du kan bli med i teaterklubben Rebell på Lindeberg/Lia Klubben, Haugenstua Fritidsklubb/Verdenshuset, Stovner Frivilligsentral og Det Norske Teatret.
(Sjekk kursdatoar under)

Kontakt: nina.sandquist@detnorsketeatret.no

Kurshaldarane våre

Hilde Bugge aka Fru Bugge: Collage-kunst og scenografi
Eshidoreen Paradiso: Grunnleggjande ferdigheiter i hiphop og house
Adonis: Musikk og lyd i teateret (rap)
Shwan Wahed: Skodespel
Arman Surizehi: Video, sketsj, humor i SOME
Kim Tunstrøm: Måling og scenografi

Kursdagar Lindeberg / Lia Klubben
kl. 16.15-18.15

Collage-kunst og scenografi med Fru Bugge:
1. september
8. september
15. september

Musikk og lyd i teateret (rap) med Adonis:
15. september
22. september
29. september
6. oktober

Skodespel med Shwan:

8. oktober
15. oktober
22. oktober
29. oktober

Hiphop og house med Eshidoreen:
13. oktober
20. oktober
27. oktober


Kursdagar Haugenstua Fritidsklubb, Verdenshuset
kl. 13.45-15.30

Collage-kunst med Fru Bugge:
2. september
9. september
16. september

Hiphop og house med Eshidoreen:
7. oktober
14. oktober

Skodespel med Shwan:
21. oktober
28. oktober
4. november

Stovner frivillighetssentral
i haustferien

Collage-kunst og scenografi med Fru Bugge:
30. september kl. 13.30 - 15.30

Musikk og lyd i teateret (rap) med Adonis:
30. september kl. 16.30 - 19.30

Skodespel med Shwan:

30. september kl. 14.30 - 16.30

Felles kursdagar på­­ ­­­­Det Norske Teatret

Sketsj, video og humor med Arman Surizehi aka Shafquat:
12. desember kl. 14.00-17.00

Fru Bugge, Kim, Eshidoreen, Adonis og Shwan:

3. november kl. 17.00-20.00
10. november kl. 17.00-20.00 (Vising kl. 19.00)

Spørsmål?

Kontakt: nina.sandquist@detnorsketeatret.no

Vi håpar å sjå deg!

Rebell er i samarbeid med Den Mangfaldige Scenen og Rommen Scene.