Seks månader etter invasjonen av Ukraina, og på dagen 31 år etter at Ukraina blei sjølvstendig frå Sovjetunionen, inviterer Det Norske Teatret og Dakh Theatre frå Kyiv til tre dagar med ukrainsk kultur og eit tett møte med krigen som framleis rasar ikkje så langt unna.

Dette er det første performative kunstprogrammet med Ukraina som tema som vender seg både til lokale publikummarar, ukrainske flyktningar og ukrainarar i eksil.
Billettinntektene frå framsyningane vil gå til barn og familiar i Mariupol og andre byar i det krigsramma landet.

Eit samarbeid mellom Det Norske Teatret, DAKH Center for Contemporary Art og GOGOLFEST Festival of Contemporary Art.
Art Resistance Festival er støtta av Fritt Ord, European Theatre Convention (ETC) og Det Norske Teatrets venner.


Framsyningar

Art resistance festival Danse Macabre av Dakh Daughters og Vlad Troitskyi

Tid: 24. og 25. august kl. 21.00
Stad: Scene 2

Seks ukrainske kvinner i eksil gir stemme til dei som er igjen heime.

Art resistance festival Bomb Shelter Night Dakh Theatre i samarbeid med Det Norske Teatret

Tid: 26. august kl. 23.00 til 06.00
Stad: Foajeen

Søk ly i teatret i ei unik teaterhending natta igjennom.