Teater for alle, men spesielt tilpassa barn, vaksne og familiar som kan oppleve det som utfordrande å vere med på ordinære framsyningar.

I vår skal Det Norske Teatret spele familieframsyninga Pippi på sirkus. Tysdag 2. juni er framsyninga RELÆXT.

Kva får du på ei Relæxt-framsyning?

At ei framsyning er merkt med RELÆXT, betyr at det er gjort nokre justeringar.

Før teaterbesøket får du tilsendt ein visuell guide på e-post. Denne skildrar heile opplevinga frå de kjem inn dørene til de går heim. I guiden kan du lese alt om sjølve arrangementet, karakterane på scenen, og eit samandrag av handlinga. Her listar vi òg opp moglege triggarar. Guiden er tilgjengeleg digitalt og kan skrivast ut.

  • På teateret finn du eigne Relæxt-soner som kan nyttast både før, under og etter framsyninga.
  • Det vil vere publikumsvertar til stades for å hjelpe dykk om de har behov for det.
  • Alle dører står opne under framsyninga og du kan når som helst gå ut og inn av salen.


Vi gjer følgjande tekniske tilpassingar av framsyninga:

  • Lyset i salen vil vere dempa, men aldri slått heilt av.
  • Vi tilpassar lydnivået.


Viktigast av alt: Under Relæxt-framsyninga er det lov å snakke høgt, le, gråte, tikse, rope, eller berre vere heilt stille. Det einaste vi ber om, er at du ikkje hysjar på andre – Relæxt er ei hysj-fri sone.

Framsyninga varer i 1 time og 30 minutt.

Opplev Pippi på Sirkus!

Les meir om Relæxt teater

Framsyningar