
Spesialomvising: Den uendelege historia Spesialomvising: Den uendelege historia
Opplev magien bak teatermagien!
Kjøp billettKva gjer skodespelarane før framsyning? Korleis ser Steinknaskaren ut inni? Korleis ser det ut bak scenen?
Bli med på omvising og få innsyn i alle teaterhemmelegheitene!
Hovudscenen på Det Norske Teatret er kanskje imponerande på avstand, men å sjå sjølve scenen frå baksida kan vere ganske overveldande. De får høyre anekdotar frå tida da framsyninga blei til og frå speleperioden.
Turen vil også gå innom verkstadene der scenografi, kostyme og rekvisittar har blitt tilverka. Målet er at ein skal bli litt klokare på korleis eit teater går fram for å sette i scene ei storslagen familieframsyning, men også få nokre innsidekunnskapar å imponere med til dei som ikkje har vore på omvising.
Røpe-åtvaring! Dersom du ikkje har sett framsyninga før eller lest boka og ikkje anar noko om handlinga, kan det hende at du får vite eitt og anna som elles ville vore ei overrasking.
Praktisk
Omvisinga vil ta ca. 45 min.
Vi gjer merksame på at Det Norske Teatret er ein arbeidsplass, og nokre gonger er det restriksjonar på kvar vi kan gå. Rundt på huset er det store avstandar og ikkje alltid høve til å bruke heis.
Vi legg til rette for at alle skal kunne vere med, men treng beskjed om dette i god tid på førehand. Kontakt oss på omvising(@)detnorsketeatret.no
Vi gjer merksam på at billett til omvisinga ikkje inkluderer billett til framsyninga.
Pris 120,- for barn/unge opp til 25 år og 170,- for vaksne.
Kjøp billett
Vel speledato for Spesialomvising: Den uendelege historia
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar