«Stort bedre – og mer merkverdig – kan det ikke bli»

Ein mann møter opp heime hos mor si, som han ikkje har sett på mange år. Han vil finne ut kvifor han ikkje var ønskt, og kva liv mora har levd utan han.

For mange år sidan forlet mora barnet sitt for å komme unna eit heterofilt parforhold som foreldra hennar ønskte. Sjølv likar ho kvinner. Sonen, som er bifil, er del av ein generasjon som har komme langt i aksepten av seksuelle minoritetar. Derfor har han ei anna forståing enn mora av kva avgrensingar ein ikkje-heteronormativ kjønnsidentitet inneber.

Eit sentralt spørsmål blir derfor korleis forskjellige strukturelle rammer i oppveksten til ulike generasjonar kan verke avgrensande for å få innsikt i frigjeringskampane til dei andre generasjonane. I framsyninga besøker sonen mor si, som han har hatt eit perifert forhold til. Anten i eit forsøk på forsoning eller som ein forløysande konfrontasjon.

Mor og barn blei opphavleg skapt som ei stadsspesifikk framsyning i ein nedlagd barnevognbutikk i Arendal.
I Oslo vil kompaniet skape ein heilt ny versjon av verket i Cappella Johannea i Majorstuen kyrkje. Når framsyninga flytter seg, blir ho omarbeidd i møte med med ein ny stad, og nye aspekt ved verket blir dyrka fram.

MED Tone Oline Knivsflå, Sebastian Kjær

SPELESTAD Majorstuen kyrkje (Capella Johannea), Kirkeveien 84

Framsyninga er eit gjestespel frå Agder Nye Teater og er produsert med støtte frå Kulturrådet, Agder Fylkeskommune, Arendal kommune, Fløistad-stiftelsen, Fond for lyd og bilde, Fond for utøvende kunstnere.

For international guests at The Internationa Fosse Festival

Om Agder Nye Teater

Agder Nye Teater (ANT) er eit teater og scenekunstkollektiv med base i Arendal. Dei arbeidar for å lage, vise og spreie scenekunst i Agder - og frå Agder videre ut i landet.

ANT trur på at kunst og samfunnsengasjement forsterkar kvarandre gjensidig og arbeidar for å bli ein lokalt forankra kulturinstitusjon. Dei jobbar med å lage eksperimenterande og opne framsyningar basert på nyskive dramatikk for eit breitt publikum. Samarbeid med gjestande scenekunstnarar med ulike bakgrunner og fagfelt oppstår frå eit behov for kollektivt arbeid og erfaringsutveksling.

ANT består av dei faste medlemmane Magnus Sparsaas og Sebastian Biong. Deira faste samarbeidspartnarar er Johanna Karlsson, Charlott Utzig, Ingerid Frang, Kristin Ryg Helgebostad og Sunniva Fliflet.

Finn ut meir