Litteraturhuset gjestar Hovudscenen til Det Norske Teatret, når Karl Ove Knausgård kjem for å snakke om romanen Underjordisk og Morgenstjernen-serien!

Det er ei verdshending når Karl Ove Knausgård no gir ut det sjuande og siste bindet i Morgenstjernen-serien, ein romanserie som har fascinert og imponert både lesarar og kritikarar med uhygga, idérikdomen og den suggestive spenninga si.

Etter suksessen med seksbindsverket Min kamp, byrja Knausgård i 2020 på eit nytt og ganske annleis storverk. Morgenstjernen-serien utforskar spenninga mellom den abstrakte idéverda og den fysiske verkelegheita, og er både slåande realistisk og fascinerande utanomjordisk. Det handlar om filosofiske og vitskaplege spørsmål, om det som ligg utanfor forståinga vår, og om kva som hender når mørkret i verda slepp laus. Serien består så langt av romanane Morgenstjernen, Ulvene fra evighetens skog, Det tredje riket, Nattskolen, Arendal og Jeg var lenge død.

Siste bind i serien

No blir serien avslutta med det aller siste bindet: Underjordisk. Romanen følgjer kunstnaren Kristian Hadeland – ein kjend skikkelse frå Morgenstjernen-universet. Sidan den dramatiske avslutninga i Nattskolen har det skjedd noko uforståeleg med han: Ansiktet hans liknar ikkje på ansiktet han ein gong hadde. Kristian legg ut på ei reise til stadar der grensene mellom verda til dei døde og verda til dei levande kan opnast. Så, ei natt i august, står det plutseleg ei ny stjerne og skin på himmelen, ei gåtefull hending for alle, bortsett frå Kristian, som forstår kva slags fenomen det er, og kva det varslar.

Forfattarskap med stort spenn

Karl Ove Knausgård debuterte i 1998 med Ute av verden. Med det autofiktive storverket Min kamp endra han samtidslitteraturen og etablerte seg som ein av dei største nolevande forfattarane, både i Noreg og internasjonalt. Dei mangearta romanane og essayutgjevingane hans er kjenneteikna av stort kunnskapstilfang, nådelaus sjølvgransking, fininnstilt følsemd og ei unik evne til å utforske både det kvardagslege og det metafysiske. Han er omsett til nær førti språk og har vunne mange norske og internasjonale prisar. I år er han òg finalist til National Book Award for omsett litteratur, ein av dei viktigaste litteraturprisane i USA.

Samtale med kulturredaktøren i Weekendavisen

Knausgård møter kulturredaktøren i danske Weekendavisen Kathrine Tschemerinsky, som i mange år har skrive om og følgt forfattarskapen til Knausgård, til samtale om ein av dei mektigaste romanseriane i nyare skandinavisk litteratur.

For at flest mogleg skal få med seg denne hendinga, flyttar Litteraturhuset inn på Det Norske Teatret for kvelden.

Toppfoto: Sølve Sundsbø/Oktober forlag.

Kjøp billett

Vel speledato for Karl Ove Knausgård