Jours de joie / Tid for glede (FRA)
Gjestespel frå Odéon-Théâtre de l'Europe
Med avstand, humor og eit skarpt blikk skildrar Jours de joie korleis vi i vårt moderne liv handterer dei nære relasjonane våre.
Å ønskje, å håpe, å hate, å forlate, å bli verande … Å spele Lygre er ifølgje denne oppsetjinga å stille spørsmål som set livet i samanheng. Ei mor har kalla til seg dei to barna sine for eit lite familietreff. Til denne «gledas dag» har ho valt ein kyrkjegard som møteplass. Dottera kjem, men sonen dukkar ikkje opp. Det viser seg at han har bestemt seg for å forsvinne og ikkje veit om – eller når – han kjem tilbake. Mor og dotter blir også raskt forstyrra av andre som har behov for å snakke saman. Det blir ein samtale der usemje og familiære så vel som ekteskaplege problem kjem til overflata.
Den franske regissøren og teatersjefen Stéphane Braunschweig har i mange år hatt eit nært forhold til Arne Lygres dramatikk og har sett opp fleire av stykka hans. Urpremieren på Tid for glede ved Det Norske Teatret i 2022 blei ein teatersensasjon, og denne oppsetjinga av Braunschweig ved Odéon-Théâtre de l'Europe var den andre iscenesetjinga av stykket. Regissøren og laget hans ser forfattarskapen til Arne Lygre som ei teatral utfordring som set samtida i perspektiv.
SCENESPRÅK Fransk, med engelsk teksting på scenen
MED Virginie Colemyn, Cécile Coustillac, Alexandre Pallu, Pierric Plathier, Lamya Regragui Muzio, Chloé Réjon, Grégoire Tachnakian, Jean-Philippe Vidal
For international guests
About the performance in English
With distance, humor and a sharp eye, Time for Joy depicts how we handle our close relationships in our modern life.
Read more