Einkvan
av Jon Fosse
Eit heilt nytt skodespel av Jon Fosse.
«Det som greip meg då eg for første gong såg noko eg hadde skrive framført på ein scene, ja det var nettopp det motsette av einsemd, det var fellesskap, ja å skapa kunst gjennom å dela kunst – og det gav meg ein stor glad tryggleik.»
Dette sa Jon Fosse i Nobelforedraget han heldt den 7. desember 2023.
Det nyaste skodespelet hans, Einkvan, handlar nettopp om denne lengta etter kvarandre, og om einsemda, sorga og avmakta i ikkje å nå fram til dei vi er aller tettast bundne saman med, den næraste familien.
«Kanskje eg skal prøva å snakka til han igjen», seier ei av rollene.
«Ja, eg må jo kunna snakka med min eigen son».
Nærleik og avstand
Karakterane på scenen strevar etter å oppnå kontakt med kvarandre. Dette blir understreka av at publikum også vil oppleve ein fysisk avstand til skodespelarane på scenen. Scenograf Sven Haraldsson har skapt eit rom i scenerommet avgrensa av eit forheng av svakt gjennomsiktig plast, som stenger mellom skodespelarane og publikum. På lerret vil ein sjå levande nærbilde av skodespelarane som befinn seg inni rommet.
Braut igjennom som dramatikar
Når Jon Fosse får Nobelprisen i litteratur er han på mange måtar på høgda av karrieren sin, og meir produktiv enn nokosinne. Storverket Septologien vart fullført i fjor, til stor begeistring frå eit internasjonalt kritikarkorps. Men det var som dramatikar Jon Fosse verkeleg fekk sitt gjennombrot, og det er i teateret han høyrer heime. Det er ei stor ære for Det Norske Teatret å få vere vertskap for den første urpremieren til Jon Fosse etter at han fekk Nobelprisen.
Framsyninga blir sett i scene av påtroppande teatersjef Kjersti Horn og hennar sterke kunstnarlege lag – det same laget som stod bak kjempesuksessane Raskolnikov, Kristin Lavransdotter og Ei kvinnes kampar og forvandlingar.
Publikum kan vente seg ei formsterk framsyning som peikar framover mot eit nytt og spennande kapittel i historia til Det Norske Teatret.
«Hardcore Jon Fosse»
I denne episoden snakkar vi om korleis det er å gyve laus på den første urpremieren til Fosse etter at han fekk Nobelprisen, vi dykkar ned i språket og pausane til Fosse og inviterer oss sjølve inn i hovudet til Preben for å forstå korleis han går inn i rollene han speler!
Kva er greia med video i teateret? Er det eigentleg eit nytt og moderne grep? Og kvifor er det så elska og hata? Vi har prøvd å finne svara du lurer på i denne episoden av Bakteppet!
Kombinere teaterbesøket med ein middag eller eit glas etter framsyninga?
Kjøp billett
Vel speledato for Einkvan
-
Få billettar
-
Få billettar
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar