Bakgrunnsartikkel

Om gjesteartistane

Bli betre kjend med artistane som er med på DRAGONBLOOD.

Team Rolfes’ 321 Rule, Kevin Peter He & DJ Trick (US)

Desse visjonære kunstnarane frå New York har samarbeidd med toppnamn som Lady Gaga og Metallica, og har revolusjonert underhaldningsbransjen med sine klubb-teaterframsyningar i sanntid med fokus på virtuell røynd.

Saman med Rolfes-brørne vil Kevin Peter He og DJ Trick ta med seg sitt unike, klubb-inspirerte audiovisuelle uttrykk til scena, og gjere 321 RULE: LIVE til ei oppleving du ikkje vil gløyme.

Ikkje gå glipp av denne elektriske samansmeltinga av satire, musikk og banebrytande teknologi.

Team Rolfes
Team Rolfes
Kevin Peter He
Kevin Peter He

YOHAN - Music of the Mind

Guruen Yohan inviterer oss inn i sitt eklektiske new-age-univers, der vi får utforske opphavet til nokre av verdas største poplåtar, korleis vi kan bli betre til å lækje oss sjølve og kvarandre gjennom musikkens magi, og korleis vi – med Yohans rettleiing, meditasjon og ambiente musikk – kan bli betre menneske i harmoni med naturen.

ONLY SLIME, NEKO3 & DRAGONGIRL presenterer: Magisk Aftan

Denne kvelden er vigd musikkens mysterium. ONLY SLIME, det danske eksperimentelle multimedia-ensemblet NEKO3 og skodespelarar frå Det Norske Teatret, framfører eteriske låtar fra DRAGONBLOOD og black metal-verket BLACK MAGIC.

I ein post-apokalyptisk skog der åndar talar gjennom eit oppslukande anime-black metal-ritual – ei operatisk iscenesetjing av folketru og dystopi, som gir gjenklang i ruinane av ein spekulativ, aude framtid, manar BLACK MAGIC fram visjonar om ein ny tidsalder.

Verket utforskar rituelt teater, autotuna vokal, midi-trommer, fiolin og el-gitar – der kvar lyd og kvart brøl styrer visuelle element i sanntid gjennom Unreal Engine. Avatarar glitchar, skogar brenn, og daude relikviar flimrar til live. Publikum blir dregne inn i ein levande, hybrid seremoni der fantasi, kjønnsflyt og digital natur smeltar saman.

ONLY SLIME
NEKO3
DRAGONGIRL
NEKO3

DRAGONGIRL

Komponist, produsent og DJ dragongirl, som held til i København, arbeider i skjeringspunktet mellom klubbmusikk, samtidsmusikk og scenekunst. Universet til dragongirl er inspirert av mellom anna litterær fantasy, skrekkfilmar, dataspel og klubbkultur. Ho er oppteken av korleis musikk kan byggje verder, skape rom, få fram ei eiga form for taktilitet og setje kroppen i ulike tilstandar. Dette utforskar ho på debutalbumet sitt – lydreise- og klubb-eventyret hot blue. Sjølv om musikken hennar ofte blir skildra som apokalyptisk, er han ikkje dystopisk i natur, men bringer fram håp og lys. Med suggererande og stemningsfulle tonar arbeider ho mot ei framtid der drakar og maskiner lev side om side.

Dragongirl har spelt live på festivalar som Øya, By:Larm og UKA, og DJ-ar over heile Nord-Europa. Ho har arbeidd tverrfagleg med mellom andre Nikima Jagudajev, Marie Ursin, Runa Borch Skolseg, Fredrik Floen og Heiki Riipinen.

The Frida Marida Show

Gjennom musikk, dans og sterke scenebilete utforskar ho identitet, forvandling – og fridomen til å leve utan etikettar.

Med røter i klassisk song, elektronika og arabisk pop, skapar Frida eit lydunivers der elektronisk musikk gøymer nakne brystvorter, slagverk vert spelt på hofter og lår, og kostyme lagar lyd – eit sanseleg smell!

The Frida Marida Show er ei vill blanding av musikk, drag, teknologi og forteljing. Med nye låtar, klassikarar i ny drakt med mellomaustleg vri, og gjestar som Cvntess og Cyber Candy, byr showet på ei reise gjennom språk (arabisk, engelsk, fransk, norsk og ukrainsk), rørsle og sjølve livet.

Til slutt står berre eitt spørsmål igjen:

Er dette Frida sitt siste dragshow?