Chamber Chamber
Design av Rafael Jakob Schlaepfer
Mote møter teater og performance i ei unik og annleis teaterhending.
Ei scenisk moteoppleving i regi av Chamber i samarbeid med framsyninga 2002 Ntoro Yume, med design av Rafael Jakob Schlaepfer. Mote, lyddesign, lys og live performance smeltar saman i eit flytande og heilskapleg forløp med modellar, dansarar og musikk. Det blir moteplagg designa av Schlaepfer, kombinert med kostyme frå Det Norske Teatrets kostymeavdeling, vist fram av m.a. modellar og skodespelarar frå framsyninga 2002 Ntoro Yume. Opplevinga er atmosfærisk, delvis improvisert og ope for tolking, og publikum vil kunne røre seg fritt i eit sanseleg rom der det iscenesette og spontane glir over i kvarandre.
NÅR 8. august kl. 19.00
KOR Brynsveien 1
BILLETTAR 150,- i døra
KOMME DIT 37-bussen til Helsfyr eller T-Bane til Brynseng
Design og regi Rafael Jakob Schlapfer Co-regi Tani Dibasey Video Io Sivertsen, Tani Dibasey Kameraoperatør Borgar Skjelstad Skodespelarar/modellar frå Det Norske Teatret Malik Edo, Nami Kitagwa Aam, Ameli Isungset Agbota