Vi ryddar Hovudscenen og slepper til ein ambisiøs og heiltent gjeng elevar som har blitt kåra til årets skolerevy! I år er det OHG-revyen som er den heldige vinnar!
Kvart år legg hundrevis av skoleelevar ned hundrevis av timar for å lage den aller beste revyen. Ei stor gruppe dedikerte elevar set alt anna på pause, for å gi publikum eit show dei seint vil gløyme. Det er beinhardt arbeid, blodslit, skyhøge ambisjonar og masse engasjement.
Vinnaren av Årets skolerevy 2026 blei kåra på Revykavalkaden 24. mars - og i år er dei heldige Oslo Handelsgymnasium sin revy I alle dager!
Torsdag 23. april kan du oppleve revyen på Hovudscenen på Det Norske Teatret.
OHG-revyen 2026: I alle dager!?
Lang og stolt historie
Skolerevyen er ein institusjon i Oslo, med ei historie som strekker seg heilt tilbake til 1922. Det har vore ein talentfabrikk og arena for rekruttering av scenekunstnarar, komikarar og kulturarbeidarar. Skolerevyen engasjerer ungdom frå store delar av Austlandet, og den slår eit slag for lagspel og fellesskap.
Revykavalkaden har i meir enn 30 år jobba for å styrke skolerevymiljøet i Oslo og omegn. Det Norske Teatret heiar på ung kreativitet, talent og entusiasme, og er stolt samarbeidspartnar med Revykavalkaden.
