And Here I Am And Here I Am
av Hassan Abdulrazzak, basert på livet til og framført av Ahmed Tobasi
Kjøp billettEi sterk og humoristisk framsyning om å finne seg sjølv.
Stykket er basert på livet til den palestinske kunstnaren Ahmed Tobasi – framført av han sjølv. Ved å blande fakta med fantasi og tragedie med skarp humor, har den prisløna dramatikaren Hassan Abdulrazzak skapt ei rå og djupt menneskeleg forteljing om trass, utholdenheit og ein urokkeleg kamp for fridom. Vi følger Tobasi si reise frå dei krigsherja gatene i flyktningleiren i Jenin, til fangenskap i eit israelsk fengsel via væpna motstand til kunsten og teaterets forvandlande kraft. Frå eksil i Noreg tilbake til heimlandet – der kampen er langt frå over.
Med den israelske hærens stadige angrep og invadering av flyktningeleiren i Jenin, er And Here I Am ikkje berre ei historie frå fortida, men ei forteljing med ein brennande aktuell relevans.
SPRÅK Arabisk med engelske undertekstar
PASSAR FOR Vaksne og unge frå 16 år
INFORMASJON TIL PUBLIKUM
Røyk, høg lyd og tematikk knytt til krig, tortur og fengsling
Av Hassan Abdulrazzak Basert på livet til og framført av Ahmed Tobasi Regissør Zoe Lafferty Scenograf Sarah Beaton Lysdesignarar Andy Purve, Jess Bernberg Lyddesignar Max Pappenheim Rørsleinstruktør Lanre Malaolu Teknisk leiar Samra Bulbol Arabisk omsetjar Eyas Younis Stemmecoach Amiee Leonard
Opphavleg produsert av Developing Artists, no produsert av Artists On The Frontline.
Toppfoto: Joubard photography / Benjamin Lebellec
Palestinaprogrammet
Framsyninga er ein del av Palestinaprogrammet. Sjå kva meir som hender her!
Kjøp billett