Utøyas historie

Ein forkorta versjon av historia om øya Utøya, lånt ut av Utøya.

1000 – 1950

Røvarar og munkar

Utøyas historie går tilbake til førre tusenårsskifte. På den tida var Tyrifjorden ein populær reiseveg for pilegrimar på veg til Nidaros. På Storøya budde det munkar som lenge brukte Utøya som urtehage.

Gardsdrift

På Storøya, litt lenger nord for Utøya, fanst det frå 1100-talet eit anlegg av betydeleg storleik. Utøya tilhøyrde i denne perioden Storøya, som var eit kyrkjegods som høyrde til Hamar bispedøme.

Etter reformasjonen i 1537 var Storøya, og dermed også Utøya, eigd av kongen i København. Då kongemakta selde fleire gods på slutten av 1600-talet for å dekke gjeld, kjøpte handelsmann Claus Trondsen frå Bragernes (Drammen) Utøya for 22 riksdalar. Dette er starten på ein periode på over to hundre år med stadige skifte av eigarar. På denne tida var det forpaktarar på øya som dreiv gardsbruket.

Frå gardsdrift til feriestad

I 1867 kjøpte kjøpmann Gunerius Pettersen og eit par av forretningspartnarane hans Utøya. Noko av det første dei gjorde var å bygge eit feriehus på øya, bygget som i dag er kjent som det kvite «Hovedhuset».

Jens Kristian Meinrich Bratlie kjøpte så øya i 1898, og eigde ho i 40 år. Han etablerte ho som feriestaden sin og lagde til fleire hagar rundt omkring på øya. Tenestefolka til Bratlie budde då året rundt på øya for å sjå til eigedomen.

Bilde 1: Det første kjente bildet av Utøya, 1930. Bilde 2: Båten “Utøya” frakta gjestar til Utøya, på 1930-talet. Bilde 3: Utøya sett frå lufta. I bakgrunnen ser vi Frognøya, Røyse og Geitøya. Bilde 4: Hovudhuset rundt 1930.

Frå høgre til venstre

I 1932 blei Utøya seld til arbeidarrørsla. I åra som følgde blei øya brukt som feriekoloni for barn og unge frå arbeidarklassen. Utøya blei etter kvart ein svært populær sommarstad, nytta av ei rekke av organisasjonane i arbeidarrørsla.

Arbeidernes Idrettsforbund (AIF) tok tidleg i bruk øya som sin sentrale kursstad, med politisk skolering og opplæring i folkehelse og breiddeidrett på programmet. På desse bilda er det morgonsamling med linjegymnastikk for deltakarane på sommarleiren til AIF på Utøya i 1938.
Den første feriekolonien: 119 barn av arbeidslause Oslo-folk var seks veker på Utøya sommaren 1933.
Oslo og Akershus faglege samorganisasjons sommarleir, 1938.
Den nystarta barne- og familieorganisasjonen Framfylkingen gjennomførte sin første landsleir på Utøya i 1935. Bildet er frå trappa til Feriekolonien (Kafébygget) under pinseleiren i 1947
På starten av 1930-talet blei det reist eit stort forsamlingshus på platået midt på øya, med sovesalar til barna, spisesal og kjøkken. Bygningen som blei kalla «Feriekolonien» fekk seinare namnet «Kafébygget».

Under solkrossen

Sommaren 1941 blei store delar av norsk samfunnsliv, fagrørsla inkludert, nazifisert. LO og lokale organisasjonar i fagrørsla fekk ny regimevennleg leiing. Samtidig heldt feriekolonien på Utøya fram, no i NS-regi.

Nasjonal Samlings partiflagg, Solkorset, vaia i vinden på Utøya sommaren 1944

1950 – 1990

Jubileumsgåve

I 1950 gir Oslo og Akershus faglege samorganisasjon Utøya i jubileumsgåve til AUF. Eigedomen var på 150 mål og bestod av styrarbustad, skolehus og ei rekke andre mindre bygningar. Han var derfor ein godt eigna stad til lære- og fritidsaktivitetar.

I den augneblinken AUF overtok øya, blei det sett i gang eit omfattande dugnadsarbeid – ein tradisjon som har blitt ein del av identiteten til øya.

Starten av 1960-talet heldt fram der 50- talet slutta, med Arbeidarpartiet med regjeringsmakt, vekst og framgang i Noreg, og med eit AUF i høg aktivitet, også på Utøya. Tiåret starta med ein av dei største leirane nokon gong. Over 1500 ungdommar frå heile Skandinavia strøymde til øya. AUF fekk etter kvart store økonomiske utfordringar med drifta av Utøya. Men Utøya blei likevel på AUFs hender.

1950 – 1990

Venstre om

Venstreradikaliseringa av AUF på begynnelsen av 1970-talet førte med seg ein utilslørt flørt med venstreradikal sjargong, omgrep og symbol. Det var i denne perioden den idylliske Åkervika nord på Utøya skifta namn til Bolsjevika. Samtidig blei den andre vika på øya kalla Mensjevika. Bolsjevikane og Mensjevikane var fraksjonar i den russiske revolusjonen tidleg på 1900-talet.

Folkeavstemming om EF

I august 1972 arrangerte Nei-sida i Arbeidarpartiet si einaste landsdekkande samling før folkeavstemminga. Møtet blei halde på Utøya. Kampen blei krona med nei-siger i folkeavstemminga 25. september 1972.

Mobilisering og modernisering

Etter at Arbeidarpartiet mista regjeringsmakta og Willoch-regjeringa tok over, blei Utøya frå starten av 1980-talet ein viktigare stad for AUF, også utetter. Gro Harlem Brundtland var den første partileiaren som systematisk brukte Utøya. Då Jens Stoltenberg blei vald til AUF-leiar og Ståle Dokken til sekretær i 1985, var hovudmålet deira å modernisere både AUF og Utøya. Resultata var gode og deltakinga på sommarleirane til AUF voks kraftig på slutten av 1980-talet.

Ein stolt og glad AUF-formann Frank Andersen takka for gåva og sa blant anna: «Utøya skal vi gjere til det sentral utfarts- og fritidssentrum for arbeidarungdommen på heile Austlandet, og vi kjem også sikkert til å få besøk av fylkingskameratar langvegs frå, når dei ser korvakkert det er her».
Formann i jubileumskomiteen Einar Gerhardsen ved overrekkinga av Utøya som gåve til AUF ved 50-årsjubileet i august 1950.
Tidlegare AUF-leiar og framtidig partileiar, Reiulf Steen, og dåverande AUF-leiar Thorbjørn Jagland i samtale på teltplassen i juli 1977.
AUF-ungdom kosar seg i det nydelege sommarvêret på Utøya, 1987.
Tidlegare statsminister Thorbjørn Jagland vaskar utedoen på AUF sin sommarleir på Utøya i juli 1979. Ingen toalett i Noreg har blitt vaska av fleire statsministrar enn utedoen på Utøya.

1990 – 2010

Ein stad også for andre enn AUF

I 1990 bestemte AUF at organisasjonen skulle bli brukt til politikk, mens andre kunne ta seg av det som ikkje var hovudoppgåva deira. Dette fekk følger også for Utøya. Eit aksjeselskap blei etablert og fekk ansvaret for drift og økonomi, samt eit mandat til å utvikle Utøya til noko meir enn berre AUF sin eigen leirstad.

Langt fleire enn «arbeidarrørslas eigne» har eit sterkt forhold til øya. Her har sentrale frivillige organisasjonar hatt stiftingsmøte, miljøorganisasjonar fatta kontroversielle og banebrytande vedtak, mens religiøse organisasjonar har feira seg sjølv og praktisert si tru.

EU-kamp

Frå 1990 til 1994 var AUF sine sommarleirar på Utøya prega av intens EU-debatt. EU-kampen i AUF blei på mange måtar avgjort på Utøya. Med AUF på nei-sida blei det nok ein gong nei-siger i folkeavstemminga 28. november 1994.

Homoøya

Kampen for toleranse står sentralt i Utøya si politiske historie, særleg kravet om like rettar for homofile og lesbiske. Det var ikkje tilfeldig at stiftingsmøtet til Skeiv Ungdom, ungdomsorganisasjonen til LLH (Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner), blei halde på Utøya i 2004.

Ei øy som engasjerer

Etter at AUF fekk Utøya i gåve frå LO i 1950, er øya si historie forteljinga om ei lita øy som fekk stor betydning. Utøya er ofte brukt som «politisk laboratorium» for AUF sitt moderparti, både i regjering og opposisjon.

I generasjonar har Utøya vore ein eineståande arena for unge på venstresida som har kombinert politisk aktivisme og fritid. Gjennom politisk skolering og bevisstgjering på eit utal kurs, møte, samlingar og ikkje minst tradisjonsrike pinse- og sommarleirar med opptil tusen ungdommar frå heile landet, og internasjonale gjestar. Her er sentrale politiske saker og initiativ diskutert og utvikla. Statsministrar, partileiarar og framståande politikarar har formidla visjonar, standpunkt og utspel. Langsiktige politiske alliansar er etablerte. Politiske vindar har blåse frå Utøya og ut over Noreg, og politiske vindar har blåse inn over øya.

Øyas kanskje viktigaste misjon har vore at ungdom har fått innsikt i demokratiarbeid og auka politisk engasjement, og deretter tatt erfaringane med seg vidare i livet. Dei raude trådane i Utøyas historie har vore ungdommeleg engasjement, kultur, internasjonalisme, mangfald, toleranse og demokrati.

M/S Thorbjørn: AUF kjøpte i 1996 eit gammalt svensk landgangsfartøy. Etter at MS Thorbjørn kom til øya, blei drifta av øya revolusjonert. Båten blei kalla opp etter dåverande statsminister Thorbjørn Jagland

Kampen mot fascismen

Onsdag 20. juli 2011 blei det på Utøya avduka ei minnetavle like ved kafébygget på toppen av øya. Minnesmerket heidra dei som fall i dei internasjonale brigadane under den spanske borgarkrigen, 1936-39. Det var det første minnesmerket som nokon sinne blei reist på øya. På plaketten står delar av Nordahl Griegs dikt «Til ungdommen», som blei skrive i 1936. Under overskrifta «Til minne om dem som falt» blei ei nyheitssak om minnetavla lagt ut på AUF si nettside fredag 22. juli klokka ti.

Få timar etter at meldinga blei lagt ut, hadde organisasjonen fått mange nye falne.

Dugnad: Godt over 300 personar har lagt ned meir enn 8000 dugnadstimar for å gjere Utøya klart for nytt liv. Lars Henrik Øberg og Johannes Giske ryddar her skog saman med andre AUFarar våren 2015. Begge overlevde terrorangrepet 22. juli 2011. FOTO: Øyvind Elvsborg

Gjenreisinga

Politiske aktive ungdommar skal ikkje kunne bli kua med vald. Vald og terror skal ikkje få diktere korleis vi brukar ytringsfridomen, eller få presse fram meir lukka eller intolerante samfunn.

Arbeidet med å gjenreise Utøya har ikkje handla om å la den mørke eller den lyse historia bestemme framtida. I likskap med andre samfunn råka av terror har også Utøya måtta leite etter ein ny balanse for staden. Ein balanse som tar hand om behovet både for å minnast og for nytt liv. Arbeidet har handla om å legge til rette for at alle delar av historia blir ein del av denne framtida på ein meiningsfull måte. Målet har vore å legge til rette for ein ny og dynamisk balanse mellom minne og historie på den eine sida, og fornying, nytt liv og engasjement på den andre.

Det har ikkje vore ein enkel prosess. Den har måtta bli gjennomført med respekt, omtanke, forståing og audmjukskap. Noreg har heldigvis ingen tradisjon for korleis vi skal handtere slike hendingar.

Heime igjen

Det var ikkje gitt at AUF skulle ha sommarleir på Utøya igjen. AUF har måtta ta stilling til mange dilemma og vanskelege spørsmål etter 22. juli, men dei har vore fast bestemte på ikkje å miste Utøya som leirstad.

Parallelt med den fysiske gjenreisinga av Utøya blei det også lagt ned eit utal timar i arbeidet internt i AUF for å gjere organisasjonen klar til å ta Utøya i bruk igjen. AUF var samansett – med både overlevande etter 22. juli, gamle AUFarar som hadde brukt mykje tid av ungdommen sin på øya, men ikkje var der på den mørke dagen, i tillegg til mange nye medlemmar som aldri hadde vore verken på sommarleir eller på Utøya. Dette gjorde at det var mange ulike omsyn å ta: nokon trong å nedkjempe ei frykt og traume, andre trong kunnskap og eigarskap.

Det var aldri noko «oss» og «dei» blant medlemmane. Om du var på Utøya 22. juli eller ikkje, om du aldri hadde vore der eller var med for tiande år på rad – alle fekk lov til å føle like sterkt eigarskap til øya. Utøya var AUF si øy, og AUF var alle medlemmane.

I august 2015 var AUF tilbake på Utøya, med meir enn 1200 engasjerte leirdeltakarar. Det var dobbelt så mange som i 2011. Ungdommane samla seg for å videreføre ideala som blei angripne 22. juli og for å vise at gjerningspersonen ikkje greidde å rive ned det samfunnet vi i fellesskap har bygd opp.

Utøya i dag

Utøya ber i dag eit sterkt vitnesbyrd om kvifor vi ikkje kan ta demokratiet for gitt, men må forsvare og skape det kvar dag. Framveksten av anti-demokratiske krefter i Noreg og resten av Europa rekrutterer i stadig større grad unge menneske. I eit langsiktig perspektiv er det beste forsvaret mot desse kreftene å styrke unge menneske sine demokratiske kunnskapar, haldningar og verdiar. Derfor tilbyr Utøya no ein pedagogisk læringsarena for ungdom, fordi kunnskap overvinn framandfrykt, hatytringar og konspirasjonsteoriar.

Kvart år besøker no fleire tusen menneske Utøya. Her lærer dei om det som skjedde denne kolmørke dagen og om kor viktig kampen mot ekstremisme, fascisme og framandfrykt er. Dei kjem til eit samlingspunkt og ein politisk verkstad for engasjert ungdom, ein stad for kultur, idrett, vennskap og kjærleik. Dei kjem til ein stad som har minnet om dei vi mista 22. juli i hjartet sitt, ein stad som aldri gløymer, og ein sted der nye generasjonar kan vidareføre ideala som blei angripne.