Tilnærmingsforsøk

Framsyninga Ein av oss er eit tilnærmingsforsøk til 22. juli. Publikum og fire skodespelarar leitar i ruinane av hundrevis av trekassar etter moglege svar.

Du blir møtt av lukta av vaflar og trevirke. Byggplast, lik den som framleis dekker regjeringskvartalet i Oslo, heng frå tak til golv på alle sider. Ei klokke på veggen viser 15.00, og tikkar vidare. Ein installasjon av fleire hundre trekassar er plassert midt i rommet. Kassane har ord brent inn i sida. Publikum vandrar rundt trekasseinstallasjonen og et vaflar. Når klokka på veggen viser 15.25.22, stoppar tida opp, følgt av eit brak. Dette er starten på framsyninga Ein av oss.

Det har gått åtte år sidan terroren ramma Noreg. Terroristen var ikkje den radikalt andre, men den radikale blant oss. Kva er det med Noreg som gjorde denne handlinga mogleg?

Norsk-tysk samarbeid

Ein av oss er eit tysk-norsk samarbeid. Framsyninga hadde premiere i Hannover i mars i år, og kjem til Noreg og Det Norske Teatret i november. Det er Erik Ulfsby som har regien. Konseptkunstnaren Lars Ramberg har, saman med Ditteke Waidelich, laga scenografien. På scenen står det to norske og to tyske skodespelarar.

Framsyninga låner tittel frå Åsne Seierstads bok om Anders Behring Breivik og terroråtaket i 2011. I Noreg har framsyninga fått undertittelen «tilnærmingsforsøk til 22. juli». Ulfsby meiner at undertittelen er ei naudsynt forklaring av prosjektet: - Dette er ikkje ei dramatisering, skodespelarane spelar ikkje roller i tradisjonell forstand. Det er meir i retning ei open drøfting eller diskusjon. Skodespelarane undrar seg på vegner av eit fellesskap. Kva gjer, i eit samfunn som vårt, at ein av oss produserer så mykje hat at han endar opp med å gjere ei så vanvitig ugjerning?

Har vi teke eit oppgjer med dei strøymingane som gav Anders Behring Breiviks verdsbilde næring? Det tankegodset som gjorde at han kunne peike ut seg sjølv som frelsande riddar. Denne mannen som «hata dei andre, men drap sine eigne.» Som meinte han redda nasjonen, mens han drap barn og unge.

Erik Ulfsby tenkjer at det no, fleire år seinare, nok er fleire som ønskjer eit kraftigare oppgjer med det som låg bak. Om det er på overtid eller om det er prematurt, det er vanskeleg å seie. - Noreg har veldig mykje, og etter veldig mange parameter er vi eit vellukka samfunn. Vi er blant dei lykkelegaste og mest privilegerte i verda. Men det gjer det kanskje enda skumlare å ramle utanfor?

Kunstnar Lars Ramberg har laga ein installasjon til framsyninga som publikum må hjelpe til med å ta ifrå kvarandre.

Kunstinstallasjon

Scenografien skal ikkje berre vere pynt eller skulpturar som refererer til seg sjølve, slår Lars Ramberg fast. Og det skal ikkje gi terroristen enda ein plattform. - Eg ville fokusere på det Breivik ikkje klarte, og det var å stoppe kjeften på 469 ungdommar og vaksne på Utøya som faktisk overlevde.

Scenografien består derfor av 469 trekassar. Dei representerer 469 «scenar», ein scene til kvar som overlevde. Inspirasjonen kjem frå Speakers Corner i Hyde Park i London. I dag kjenner vi det som eit symbol for ytringsfridomen, der kven som helst kan stille seg på ein kasse og ytre seg om det ein vil. Men opphavet til denne plassen var ein rettarstad, fortel Ramberg. – Heilt fram til 1783 blei folk hengde i Hyde Park med opp mot 10 000 publikummarar til stades. Men før dei blei hengde, fekk dei lov til å seie sine siste ord. Og dei fekk seie kva som helst! Så da ein slutta med desse offentlege avrettingane, var staden allereie så etablert som ein stad for det frie ord, og dermed fekk vi det vi i dag kjenner som Speakers Corner.

Trekassane i framsyninga har ord brent inn i seg: «Sensur», «Anger», «Berømt», «landsmoder», «Waffen», «Waffel», «Lik og del». Orda har ikkje berre positive verdiar. - Når ein set desse kassane saman, fortel Ramberg, - så får du ein installasjon som minner om eit regjeringsbygg eller ei form for nasjonsbygging som består av alle stemmer i eit demokrati, eit slags parlament. Blant dei viktigaste verdiane i eit demokrati, er ytringsfridom og kunstnarleg fridom. Da er det også viktig å sleppe til dei stemmene vi ikkje liker.

I ruinane finn vi historia

Gjertrud Jynge er ei av dei fire skodespelarane som er med i framsyninga. Men hovudrolla i det store dramaet, slår ho fast, er det Rambergs installasjon som spelar. - Vi er oss sjølve, som leitar i ruinane etter moglege forklaringar på kva som skjedde den dagen. Og vi har eigentleg ikkje nokon svar, vi har berre veldig mange spørsmål.

I arbeidsprosessen har skodespelarane komne til arbeidet med kvar sine historier, tankar og inngangar til tematikken. I tillegg til utdrag frå Seierstads bok, er det artiklar, kronikkar, brev, songar og talar som utgjer tekstgrunnlaget. For Jynge har utgangspunktet vore at viss du skal leite etter svar no, må du også leite bakover i historia. I framsyninga, på plastveggane rundt installasjonen, projiserast det tekst. Spørsmål blir stilte på ei tekstmaskin. «Kor lenge skal vi hugse historia?» «Endrar historia seg med tida?» «Kva for ei historie er det vi hugsar i dag?»

Jynge har tidlegare, i framsyninga Frå Landevegen, brukt av si eiga familiehistorie til å fortelje om den brutale fornorskinga av taterane. Da dei begynte med prøvene til Ein av oss, for å finne inngangar til denne tematikken, var det naturleg for Jynge å sjå på si eiga historie igjen. – Eg meiner at viss du skal leite etter svar i dag, må du først finne ut kven du er og kor du kjem frå. Og det gjeld vel også for eit land. Du må også leite bakover. Når ein no igjen opererer med «oss og dei andre», som mykje av retorikken mot muslimar gjer, må vi også sjå på korleis vi tidlegare har behandla dei vi har kalla «dei andre». Til dømes jødar, samar, romanifolket og roma.

Gjertrud Jynge har tidlegare laga ei soloframsyning om sin eigen familie og romfolket.

Historia har svaret

Professor i historie, Timothy Snyder, skriv i boka Om tyranni at det er nokre antihistoriske tendensar som gjer at totalitære tankar igjen har blitt daglegdagse, og som set demokratiske institusjonar under press. Det er anten ei tru på at det einaste som ligg i framtida er meir av det same, at historia berre kan gå ein veg, mot liberalt demokrati. Den andre ideen er ei idylliserande, navleskodande lengt mot ei fortid som i røynda aldri eksisterte. Desse antihistoriske tankesetta pregar det politiske ordskiftet og fordreiar måtane å sjå oss sjølve i verda på. Motsvaret, hevdar Snyder, ligg i historia sjølv, som teiknar eit omriss av dei strukturar vi kan prøve å finne fridomen innanfor. Å forstå at ein augneblink inneberer å sjå at ein har moglegheit til å vere med på å skape ein annan augneblink. Historia gjentek seg ikkje, men vi kan lære av ho.

Gjertrud Jynge meiner at når det kjem til vår eiga historie i Noreg, og vår handsaming av urfolk og minoritetar, er det ei skamfull historie vi møter: - Vi har ingenting å vere stolte av. Vi har aldri greidd å gjere noko skikkeleg bra. Og det må vi minnest om igjen og igjen og igjen. Og eg har trua på at viss ein ser på historia, så kan ein kanskje kjenne igjen når det skjer igjen. Og da kan vi kanskje klare å gjere noko klokt. Det er engasjementet mitt.

Utøya-besøk

I november 2018 var heile teamet på besøk på Utøya. Jonas Steglich er ein av dei tyske skodespelarane i framsyninga. For han blei det eit paradoksalt møte med øya. - Ein veit kva som skjedde på Utøya. Men du kan ikkje fatte det. Du får ikkje eigentleg noka forståing for dimensjonane av det og kva det betydde for menneska som var der. Du berre vitjar staden, det er som å vitje Auschwitz. Du kjenner deg nesten som ein turist. I retrospekt kan du forstå kva denne øya betydde for desse ungdommane og korleis sommarane var der. Men med tanke på sjølve hendinga, terroren, vil ein aldri vere i stand til å forstå heilskapen, anten du dreg dit eller ikkje.

I november skal dei spele framsyninga i Oslo. Steglich trur det blir ganske annleis å spele framsyninga i Noreg. - I Tyskland er publikum veldig interessert i tematikken, men det kjem frå ein annan emosjonell plass. Når vi kjem til Noreg vil det vere menneske til stades som blei råka på ein heilt konkret måte. Eg reknar med det vil vere personlege kjensler for tematikken som dei tek med seg inn i rommet. Kanskje noko av det vi gjer vil gjere publikum triste, eller gjere dei sinte. Og publikum er så til stades i dette rommet og i dette kunstverket. Publikum er ein partnar. I Noreg vil partnaren vere ein annan.

Framsyning hadde premiere i Hannofer i Tyskland. Her møter teatersjefen publikum etter framsyning.

Murrande norsk idyll

Den tyske diktaren og forfattaren Hans Magnus Enzensberger budde i Noreg frå 1956 til 1964, og nesten kvar sommar i 30 år. I 1984 gav han ut boka Norsk utakt, eit kritisk skråblikk på Noreg og usamtidigheita han meiner pregar vårt på same tid gammaldagse og veldig moderne land. Boka blei ein bestseljar i Noreg. Boka sluttar sånn: «Norge, dette extravaganza i periferien av Europa, mellom oljeterminal og sommerhytte, fjellgård og glassarkitektur, er ikke paradiset på jorda, men et selvrådighetens monument, og en murrende idyll.»

Enzenberger er onkelen til Gjertrud Jynge, og ho kontakta han i samband med framsyninga Ein av oss. Han skreiv boka si på den tida Anders Behring Breivik vaks opp. Og Jynge skriv og spør om Enzenberger, med sin kjennskap til Noreg, på avstand ser noko som er skjult for oss. Om han kan hjelpe til på veg mot eit svar. Og ganske raskt svarar Enzenberger, som no er 90 år. I brevet skriv han at som ein framand kan han ikkje tillate seg å komme med eit svar på dette; han er nøydd til å overlate det til nordmennene sjølve å finne ut av.

I boka Norsk utakt skriv Enzenberger at det ikkje er ei enkel sak å oppspore det vonde i det norske samfunnet: «For hvem i dette landet vil vel gå for å være rasist og høyreekstremist?» I dag veit vi svaret på dette spørsmålet. Vi veit korleis vondskapen ser ut, og at han liknar på ein av oss.

Demokrati og ytringar

«Ondskap kan drepe et menneske, men aldri beseire et folk», sa statsminister Jens Stoltenberg i dagane etter 22. juli 2011. Bodskapen i Noreg var at vi skulle møte desse gjerningane med meir demokrati og meir ytringsfridom. Vi gjekk i rosetog, song Barn av regnbuen og var einige om at dette ikkje var tida for å fordele skyld. Som folk skulle vi svare på dette åtaket med det sterkaste av alle våpen, det frie ord og demokrati. Verda såg til Noreg, korleis vi evna å møte terroren. I dag er spørsmålet om valet om å dempe retorikken etter åtaket 22. juli var det riktige.

Gjertrud Jynge er sikker på at Stoltenberg gjorde rett i å møte hatet med kjærleik og å jobbe for forsoning etter terroren. Men, legg ho til - så gjekk dei inn i ein valkamp hausten etterpå der det var ei slags stillteiande einigheit om at ein skulle stå skulder ved skulder. Ein skulle ikkje røre det politiske. Der trur eg ein gjorde ein feil. Ein høyrer heile tida: ein må ikkje dra Utøya-kortet, ein må ikkje dra 22. juli-kortet. Men det er den andre sida som har vunne. Det er den retorikken som har vunne. Og det skremmer meg. Og der trur eg ein gjorde ein feil. Ein skulle teke tak i det politiske litt før. Og om ein ikkje har gjort det før, så må ein iallfall gjere det no.

I veka opp mot premieren på Einer von uns i Tyskland i mars i år, skjedde terroråtaket på New Zealand. Ein mann skaut menneske i to moskear i Christchurch. Statsminister Erna Solberg la ut ein Facebook-post der ho uttrykte sympati med offera. Posten måtte slettast etter at kommentarfeltet blei fylt opp av hatefulle og rasistiske meldingar. Terroristen på New Zealand var inspirert av Anders Behring Breivik.

Ytringsfridom

Det farlegaste som kan skje, er at vi trur at fridom og ytringsfridom er noko vi har fått og som vi aldri kan miste. Lars Ramberg er kritisk til den norske tendensen til å tru at vi har oppnådd det vi treng, så det ikkje lenger er noko å kjempe for: - Vi har fått desse høgreradikale folka i trynet fordi vi har pakka oss inn i ein slags vaffelstinkande, halvsøvnig ide om at vi allereie har fått til demokratiet så vi treng ikkje eigentleg vere der ute og kjempe på barrikadane.

I framsyninga er publikum delaktige. Dei får ikkje lov til å sitte på kvar sin stol, men må sitte, stå på og bere installasjonen. - I det første scene opnar, og denne konstruksjonen av demokratiske stemmer blir sprengd, forklarar Ramberg, - så handlar eigentleg resten av stykket om å forsøke å finne nye strukturar, nye stemmer, nye koplingar av forskjellige verdiar som kvar av desse trekassane har fått. Og publikum må delta i dette demokratiske gjenreisingsprosjektet.

Kunstens moglegheit

Erik Ulfsby meiner at kunsten har nokre unike moglegheiter: - Innanfor politikken og media er det så mange som skal ha rett. Dei har tenkt noko smart og så skal dei ha oppslutning om det. Dei skal vinne eit val eller få fleire klikk og lesarar. Kunsten kan nok la spørsmål vere opnare. Vi kan presentere ting som vi ikkje er sikre på, berre ut frå eit ønske om at det skal bli diskutert. Eg trur kunsten kan opne for litt andre tankar enn det ein politisk debatt eller ein leiarartikkel i ei stor avis kan.

- Ein av oss er som ein kunstperformance, fortel skodespelar Jonas Steglich. - Teater som finn stad i eit stort kunstverk. Eg trur kjenslene er i tematikken. Og vi prøver å nærme oss den tematikken på den mest verdige måten vi kan. I Rambergs kunst, med verktøya til teateret, og saman med publikum vil vi forhåpentlegvis gi nokre nye perspektiv og lage eit rom der du kan tenke, frå ulike perspektiv, på denne emosjonelle, politiske, forferdelege hendinga 22. juli 2011 – og kva den har gjort med oss sidan da.


TEKST Erlend Tårnesvik Dreiås FOTO Siren Høyland Sæter