Tarjei Vesaas på Det Norske Teatret

Tarjei Vesaas (1897-1970) er ein av Noregs fremste forfattarar i nyare tid med både romanar, noveller og dikt. Romanen Kimen, som kom ut i 1940, kalla han sjølv for eit deleteikn i forfattarskapet. Den dramatisk fortetta handlinga over berre eitt døgn tar opp store eksistensielle spørsmål som skuld, erkjenning og oppreising.

TEKST Ola E. Bø FOTO Gyldendal Norsk Forlag
Tarjei Vesaas var ulykkeleg forelska i teatret
skriv Olav Vesaas i programmet til Bleikeplassen i 1995, «han ville så gjerne, men teatret med sin teknikk makta ikkje å omforma teksten hans til ei dramatisk utvikling framstilt på ein scene med levande menneske. Han ville skrive skodespel, ville sjå draumane og tankane sine levandegjort på scenen, og han sette teatret som kunstart svært høgt, men han fekk det berre ikkje til».

Unntaket var Bleikeplassen som hadde premiere i 1953. Vesaas hadde prøvd ut stoffet både som skodespel og roman (1946). Seinare har Bleikeplassen blitt spelt fleire gonger.

Vesaas debuterte som dramatikar alt i 1925 med Prosten på Det Norske Teatret. Det blei slakt hos kritikarane og særleg betre gjekk det ikkje i 1928 med Frå fest til fest. Noko betre gjekk det med Ultimatum i 1934, eit stykke som var prega av dei spente politiske tilhøva i mellomkrigstida. Som høyrespelforfattar gjorde han nok større lykke.

Stoff og tema hos Vesaas har freista til dramatisering og meddikting i andre medium. Det er laga heile sju langspelfilmar over Vesaasromanar, den kanskje mest vellykka er den polske filmatiseringa av Fuglane frå 1968, manus og regi av Witold Leszczynski. Vesaas fekk også mange litterære prisar, mellom anna Venezia-prisen for novellesamlinga Vindane i 1952 og i 1964 var han den første nordmannen som fekk Nordisk råds litteraturpris.

Kanskje kom dramatikaren Vesaas for tidleg for teatret. Seinare er det nemleg laga svært vellykka dramatiseringar og oppsetjingar av mellom anna Fuglane (Det Norske Teatret 1997 og Dramaten 2017) og Is-slottet (Det Norske Teatret/Teatret Vårt 2004).

Dramatikk

Prosten skodespel 1925, Guds bustader (eller Frå fest til fest) skodespel 1925, Ultimatum skodespel 1934 - høyrespel 1963, Morgonvinden skodespel 1947, Tøyveret høyrespel 1952, Det rare høyrespel 1952, Bleikeplassen skodespel 1953, Sabelskuggen høyrespel 1953, Blå knapp borte høyrespel 1956, Vår eigen song skodespel 1958, Regn i hår høyrespel 1958.