Bakgrunnsartikkel

Ofte stilte spørsmål om autisme

Dr. Alexandra Havdahl ved University of Bristol og direktør ved Folkehelseinstituttet, Dr. med. Camilla Stoltenberg svarar.

Les også om teaterframsyninga Tung tids tale, basert på Olaug Nilssens roman.

Dei siste åra har vi sett ein sterk auke i talet på karakterar med autistiske trekk i bøker, fjernsyn og film, slik som Sara Norén i «Broen», Sam Gardner i «Atypical» og Sheldon Cooper frå «Big Bang Theory». Felles for mange av desse karakterane er at dei har spesielle særtrekk i åtferd, reaksjonar og interesser, men har avansert språk og er evnerike. Dette er ein overrepresentasjon av menneske frå den høgast fungerande enden av autismespekteret og kan dermed risikere å gi eit skeivt og idylliserande bilete. «Tung tids tale» er eit vesentleg bidrag til meir nyanserte, fleirfaldige og sannferdige skildringar av kva autismespekterforstyrring kan innebere.

Kva er autisme?

Autisme er ei gruppe utviklingsforstyrringar som påverkar utviklinga av hjernen. Kjenneteikna ved autisme er vanskar med å kommunisere og vanskar med sosialt samspel i tillegg til repeterande interesser og åtferdsmønster.

Kva meiner vi med autismespekterforstyrring?

Vi omtalar autisme som ei spekterforstyrring fordi symptoma viser seg på ulike måtar og i varierande grad. Til dømes viser nokon personar lite sosial interesse og kan verke som dei er i si eiga verd, medan andre gjerne vil vere i sosial aktivitet, men strevar med å tolke sosiale situasjonar og tovegs kommunikasjon. I tillegg har nokon lite språk og generelle vanskar med å lære, medan andre har avansert språk og intellektuelt funksjonsnivå. Diagnosekategorien autismespekterforstyrring omfattar barneautisme («klassisk autisme»), Aspergers syndrom, atypisk autisme, uspesifisert gjennomgripande utviklingsforstyrring og disintegrativ forstyrring.

Kor vanleg er autismespekterforstyrring i befolkninga?

Ny forsking viser at om lag 1 av 100 barn har ei autismespekterforstyrring. Dei siste åra har det vore ein store auke i talet på barn som får ein diagnose i autismespekteret. I hovudsak ser det ut til at auken kjem av at diagnosekriteria har blitt breiare og at fleire som strevar med autismesymptom blir oppdaga. Dette gjeld spesielt blant barn med normalt språk og intellektuelle evner.

Er autismespekterforstyrring smittsamt?

Nei.

Er det fleire gutar enn jenter som har autismespekterforstyrring?

Ja, det er om lag fire gutar for kvar jente som får ein diagnose i autismespekteret. Vi veit ikkje kvifor det er så stor forskjell mellom kjønna. Forsking viser at noko av grunnen kan vere at jenter er meir motstandsdyktige mot genetiske risikofaktorar for autisme. Det kan også vere vanskeleg å fange opp autismespekterforstyrringar hos jenter fordi symptoma ofte opptrer litt annleis enn hos gutar. Til dømes har mange av jentene mindre synleg repeterande åtferd og interesser.

Er det vanleg at barn i autismespekteret mistar ferdigheiter dei hadde tidlegare?

Disintegrativ forstyrring er ei form for autisme med normal utvikling, iallfall fram til toårsalderen, etterfølgt av eit omfattande tap av ferdigheiter som resulterer i autisme og ofte lågt generelt funksjonsnivå. Ein slik dramatisk tilbakegang i utvikling er heldigvis sjeldan (1-2 per 100 000 barn), også blant barn med autismespekterforstyrring. Derimot er det ei relativt stor gruppe barn i autismespekteret som har mindre tydelege tap av språklege eller sosiale ferdigheiter i løpet av dei første leveåra, særleg mellom eitt- og toårsalderen. Dei kan til dømes slutte å seie ord dei tidlegare har sagt jamleg, slutte å reagere på namnet sitt eller miste interessa for å leike med andre barn.

Kor tidleg kan vi oppdage teikn på autismespekterforstyrring?

Symptoma viser seg oftast i småbarn- eller førskolealder, men blir av og til ikkje oppdaga før skolealder, når krava til kommunikasjon og sosialt samspel blir større. Teikn på autisme hos små barn kan vere at barnet i liten grad reagerer når du snakkar til det, gir lite blikkontakt, ikkje gjengjelder smil, tar lite initiativ til å dele interesse ved å vise fram eller peike på ting, ikkje hermar etter andre, viser lite interesse for andre barn, eller har forseinka språkutvikling. Tap av språk eller sosiale ferdigheiter er «raude flagg» som raskt bør leie til ei vurdering av barnet si utvikling.

Korleis blir ein autismespekterdiagnose stilt?

Det finst ingen enkel test som kan påvise autismespekterforstyrring. Diagnosen blir som regel stilt i spesialisthelsetenesta på grunnlag av ei brei kartlegging av utviklingshistorie, språkleg og generelt evnenivå, medisinske forhold, og korleis personen fungerer i ulike situasjonar som heime med foreldra, i klinikken og i barnehage, skole eller jobb.

Kva er årsaka til autismespekterforstyrring?

Det er inga enkeltståande årsak til autismespekterforstyrring. Vi veit at genetisk sårbarheit har mykje å seie. I nokre få tilfelle kan det bli påvist ein genfeil som kan forklare symptoma, men dei fleste tilfella ser ut til å skuldast ein kombinasjon av genetiske, miljømessige og andre ukjente faktorar. Det er mykje vi framleis ikkje veit om årsaker til autismespekterforstyrring, men forskinga har vist klart at det ikkje skuldast oppseding, sosiale omstende eller MMR-vaksine.

Er autismespekterforstyrring ein livsvarig diagnose?

Studie som har følgt opp barn med autismespekterforstyrring i vaksen alder, viser at dei fleste utvikla seg i positiv retning, men framleis hadde betydelege vanskar med kommunikasjon, sosialt samspel og repeterande åtferd. Likevel ser det ut til at omtrent 1 av 10 fungerer så godt i vaksen alder at dei ikkje lenger fyller kriteria til diagnosen.

Finst det behandling for autismespekterforstyrring?

Det finst ingen «kur» for autismespekterforstyrring, men tilpassa opplæring og tilrettelegging er knytt til betring i symptom og funksjonsnivå. Det blir tilrådd å sette i gang slike tiltak så tidleg som mogleg for å gi best mogleg utbytte og hindre anna skeivutvikling. Det er ingen legemiddel som verkar på autismesymptom, men det finst legemiddel som verkar på tilleggsvanskar, som til dømes epilepsi eller ADHD (forstyrring av aktivitetsnivå og konsentrasjon).

Kva kan eg gjere dersom eg er bekymra for at barnet mitt har autisme?

Ved å ta kontakt med fastlege eller helsestasjon kan du få råd og eventuell tilvising til spesialisthelsetenesta for ei undersøking av autismespekterforstyrring. I tillegg kan føresette på eiga hand, gjerne i samarbeid med barnehage eller skole, tilvise til pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) for ei vurdering av om barnet har behov for støtte i barnehage eller skole.

TIL NYNORSK ved Inger Johanne Sæterbakk