Terningkast fem

Kollektiv kraftprestasjon

Terningkast fem

Tung tids tale er en veldig god bok. Men sceneversjonen er om mulig enda litt bedre

Terningkast fem

Politisk og personlig

Ei lita perle av ei bok er blitt teater.

Daniel er tre år, og foreldra gler seg over kor flink han er til å synge og prate. Men så sluttar snakkinga. Latteren vender seg innover. Den vesle guten endrar seg. For mora begynner ein kamp, først for å forstå kva som skjer med guten, så for å få hjelp til å gi han den omsorga han treng. Mødrer skal aldri gi opp, blir det sagt. Men kva er å akseptere, og kva er å gi opp?

Tung tids tale er inga heltehistorie. Det er ei historie om oss alle, skriven med både humor, sinne og varme. Om ei mor som må gi så mykje meir kjærleik enn ho kan få. Om ei mor som møter ei tyngre tid enn ho visste fanst. Midt i Noreg, midt i livet, midt i kvardagen til folk.

Olaug Nilssen er ein av våre mest vitale og engasjerte forfattarar, med ei både skarp og inderleg penn, og med Tung tids tale vann ho i fjor Brageprisen. Ho kallar sjølv boka for ei kjærleikshistorie.

Når Riksteatret har gått saman med Det Norske Teatret og Kilden Teater om å lage teater av denne sterkt personlege og kritikarroste romanen, er det Marit Moum Aune som har regien. Ho er ein av våre fremste regissørar, med oppdrag for TV, film og teater, og har tidlegare laga publikumssuksessar av Olaug Nilssens Få meg på, for fanen, Vi har så korte armar og Stort og stygt her på teateret.

Ein samproduksjon mellom Riksteatret og Det Norske Teatret i samarbeid Kilden Teater og Konserthus.

Finn ut meir