Kan dyra lære oss noko om mennesket?

Kva nashornet såg er ein fabel, og ein fabel er ei historie som fortel om dyr og korleis dyra oppfører seg i ulike situasjonar. Kan dei seie oss noko om korleis mennesket oppfører seg?

Jens Raschke, som har skrive forteljinga Kva nashornet såg, kom ein gong over eit fotografi. Det var eit bilde av ein zoologisk hage i konsentrasjonsleiren Buchenwald. Ja, du høyrde rett: Ein zoologisk hage i ein konsentrasjonsleir. Det var rettnok ikkje nokon stor hage, men leirkommandanten hadde fått han bygd i 1938 rett ved det elektriske piggtrådgjerdet som omkransa fangeleiren. Dyrehagen var ikkje der for å glede dei 250 000 fangane, men for å underhalde vaktarane og familiane deira.

Raschke har latt seg inspirere av dette fotografiet til å fortelje den uhyrlege historia om kva menneske kan gjere mot kvarandre, og han har gjort det sett med dyras auge. Det har blitt ein fabel, ein fabel slik som fablar ofte er, ei historie som fordi ho handlar om dyr, kan seie noko sant om menneska. Sånne leirar som Buchenwald er vanskeleg for alle å forstå anten vi er barn eller vaksne.

Kva nashornet såg fortel historia om korleis dyra i dyrehagen reagerer på det dei ser på andre sida av gjerdet. Nokre blir redde, andre blir sinte og nokre blir sløve eller drar seg unna og let som om dei ikkje veit kva som skjer i nabolaget, men nokon gjer også opprør og prøver å rømme sjølv om det verkar umogeleg.

Sjølv om Kva nashornet såg opnar døra inn til eit av dei mørkaste kapittel i historia vår, blir dette gjort med stor innsikt, omsorg og varme.

Nokre fakta

Buchenwald er namnet på fangeleiren i historia vår.
Både fangeleiren og dyrehagen fanst verkeleg under verdskrigen for over 70 år sidan.
En fangeleir kan også kallast ein arbeidsleir eller ein konsentrasjonsleir.
Fangane i konsentrasjonsleiren var både barn og vaksne.
Dei var fanga fordi dei som hadde makta, bestemte at dei ikkje hadde livets rett på grunn av korleis dei såg ut, kor slektingane deira kom ifrå og religionen dei trudde på.

Nokre spørsmål til ettertanke og diskusjon etter ein har sett framsyninga

Kva betyr det å ikkje passe inn?
Kven bestemmer kven som ikkje passar inn?
Kven skal bestemme kva som er rett og gale?
Kva kan vere grunnen til at ein plutseleg begynner å like ein person ein tidlegare ikkje har likt?
Ein framand er ein venn du ikkje kjenner. Kva kan ligge i det?

Les også gjerne desse tipsa for korleis du snakkar med barn om vanskelege ting