Bakgrunnsartikkel

Å snakke med barn om vanskelege ting

Nila og den store reisa tek opp vanskelege tema som er kvardagen for mange barn ute i verda - og for nokre som har kome hit til landet. Likevel er det viktig at barn lærer at verda er meir komplisert enn det vi ofte gir inntrykk av. Korleis snakke med barn om dette?

* Det er viktig å førebu barna før ein går i teateret. Dei forstår som regel langt meir enn du trur. Her kan du lese historia om Nila i tekst og bilde.

* Forklar fakta i eit tydeleg språk og eit alderstilpassa detaljnivå.

* Prøv å la barna styre samtalen og stille spørsmål. Svar så ærleg du kan.

* Slå deg til ro med at du ikkje nødvendigvis kan forklare alt. Barn forstår at vaksne ikkje kan svare på alt.

* Understrek at dette ikkje hender her, det er ikkje farleg for oss her i dag.

* Ver merksam på korleis barna reagerer kjenslemessig. Unngå å spørje barn om kva dei føler. Sei heller noko om at du synest barnet verkar trist eller engsteleg viss du faktisk synest det, eller snakk litt generelt om korleis det er naturlig å reagere når ein får vite om vondskap som finst i verda. La dei få høve til å fortelje om følelsane viss dei vil, men prøv å unngå å gi dei inntrykk av at dei skulle følt meir enn dei gjer.

Barn snakkar gjerne om slikt i små porsjonar av gangen. Så tar dei kanskje det dei har fått vite med seg i leiken sin og arbeider vidare med det gjennom den. Leik fungerer for barn som språk gjer for vaksne. Det er ein reiskap for å arbeide seg gjennom og mestre erfaringar og informasjon. Det er altså ikkje noko å uroe seg over i utgangspunktet at den dramatiske hendinga dukkar opp i leiken til barn. Tvert imot, dette er sunt og naturleg.

Kjelder: Barneombodet og Redd barna.