Eit livsprosjekt

Det skulle ta Edvard Hoem eit liv å skrive ut historia om oldefaren.

Da Edvard Hoem var liten gut var stundene med faren små gløtt av lys. Faren var lekpredikant og ofte på reise. Vel heime var han gjerne sliten, og dersom det ikkje var ei gudsteneste i den lokale kyrkja, fekk faren kvile, medan mora spratt opp for å ta fjøsen, småbarna og husarbeidet. Da såg vesle Edvard sitt snitt til å krype opp i senga til far. Der fekk han historier som han hadde høyrt mange gonger før. Korte og spennande historier på opptil ti linjer, av slaget «du veit vel at du hadde ein oldefar som hadde fire søner og mista alle saman på forskjellig vis.» Eller «du veit vel at vi har slektningar i Amerika som vi ikkje veit kvar er.»

- Då eg som 22-åring la fram historia om denne oldefaren som mista sønene sine for Ola B. Johannessen på Teatret Vårt som utgangspunkt for eit mogleg stykke, lukta han raskt lunta. Er det familie dette da, spurde teatersjefen. Ja, sa eg. Og da kom det kjapt; du må aldri skrive om familie. Du må ta så mange omsyn da.

Tung prosess

Familien er ikkje lenger eit minefelt i norsk litteratur. Andre har gått opp langt meir kontroversielle vegar, og Edvard Hoem har med si historie opna dørene til ei verd som ikkje lenger finst. Ei verd som har rørt ved hundretusenvis av lesarar over heile landet. Slåttekar i himmelen er første band, av så langt fire, i den prisløna og kritikarroste familiekrønika om folket frå Rekneslia. Historia om oldefaren, Knut Nesje, han som gjekk og slo for andre i 40 år, har vore med forfattaren så lenge han kan hugse. Sidan den første korthogde forteljinga frå farens munn, har han visst at det låg ei historie og venta her.

Men da han mot slutten av 80-talet forsøkte å skrive historia, var forlagsredaktøren meir enn skeptisk.
- Prøver du å skrive Markens grøde på nytt, var forleggjaren si tilbakemelding, seier Hoem og ler.
Den gongen var det ikkje fullt så moro. Han gjekk heim, fortalde kona at han kjente seg mislukka som forfattar og at han trong luft. Hoem gjekk i banken, tok opp eit lån på 300 000 kroner og sette seg på flyet til Amerika. I San Fransisco forsøkte han å overleve på omsetjingsjobbar av Shakespeare og anna som kunne brødfø familien. Men også her blei han innhenta av oldefarens historie.

Telefon frå Amerika

- Ein dag fekk eg ein telefon frå ein mann som seier: Edvard Hoem, er du i live da? Og da svarar eg at det er vel ikkje så rart, eg er berre 41 år gamal. Eg såg namnet ditt på ein gravstein i Sisseton i Sør-Dakota. Men det må vere ein annan Edvard Hoem, det da, seier stemma i telefonen. Eg skjønte med ein gong at her har vi den forsvunne familien.

Edvard Hoem reiser så til Sisseton. Tar med seg far sin og resten av familien og opplever eit gjensyn som minner om den første pinsa i bibelhistoria. Ei form for tilbakekomst der alle er lukkelege, dei er samla om dette store som har hendt og det er om lag hundre menneske som feirar i tre dagar til ende. Sjølv har han aldri har sett desse menneska før. Dei er etterkommarar av folk som reiste for over hundre år sidan. Og turen går vidare til alle busettingane på prærien, hus og område som delvis er nedlagde.
- Så skjønte eg at historia om mannen som hadde fire søner og historia om dei som reiste og som vi ikkje visste kvar var, det er to sider av same sak. Der begynner det.

Edvard Hoem tilbake i tid, da han var teatersjef ved Teatret Vårt i Molde (1998-2000). Foto: Birkeland foto.

Mange turer til Amerika

Året er 1990, men det skal gå mange år før romanen tar form. Edvard Hoem har så mange prosjekt som skal gjerast og så mange avbrytingar som skal halde han igjen. Bøker skal skrivast, EU-kampar skal kjempast, han skal bli teatersjef ved Teatret Vårt og han skal gå frå stillinga som teatersjef. Han er med å stifte Shakespeare-selskapet, og i tillegg skriv han ein kritikarrost biografi over Bjørnstjerne Bjørnson. Og heile tida driv han research. Kvart år går turen over til USA og til Canada. Han kryssar Atlanteren, bestiller bil, køyrer til Sisseton og blir hekta på prærien. Der finn han spor etter familien, går i arkiva, leitar i avisklypp og samlar stoff gjennom mange, mange år. Og når han endeleg er ferdig med Bjørnson-biografien kan han vie seg til stoffet som har lege der så lenge. I 2014 kjem endeleg Slåttekar i himmelen, 25 år etter at han begynte systematisk å samle stoff. Men no er han i siget. Kvart år etter 2014 har han vore aktuell med ny roman om familien som blei spreidd mellom prærien og Romsdalen, men som likevel blir bunden saman gjennom generasjonane. Fire bøker har det blitt og i tillegg har han rokke å skrive om tippoldemora som var jordmor i Romsdal i 50 år på 1800-talet.

Omslaget til boka Slåttekar i himmelen, Oktober Forlag, 2014.

Lag av fiksjon

- Men det er fiksjon eg skriv, understrekar Edvard Hoem. - Eg kjenner dei viktigaste årstala i livet til oldefar min og har enkelte vitnemål om korleis han levde, men eg måtte dikte han fram. I 1990 fekk eg dei 12 breva som han sende sonen Eilert i Canada. Det er ingen andre i familien som forstår det som står her, derfor får du desse, sa den siste i familien som snakka norsk der borte. Så eg har førstehandskjelder, men måtte puste liv i han slik at karakteren steig fram.

No er det Edvard Hoem som har gitt frå seg historia. Slåttekar i himmelen er ein samproduksjon med Teatret Vårt i Molde, og teatersjefen der, Kristian Lykkeslet Strømskag, har dramatisert romanen. Bentein Baardson har regien og Jon Bleiklie Devik skal gi liv til Knut Nesje, oldefaren til Edvard.

- Eg har ikkje tenkt å blande meg borti oppsetjinga. Berre det språklege, seier Edvard Hoem. - Eg synest det er bra at Bentein Baardson skal gjere det, eg beundrar han.

Vel vi liva våre?

Baardson har vore tydeleg på at alle karakterane i Hoems persongalleri, på kvart sitt vis, er eksponentar for det evige spørsmålet: Kva bestemmer vi over når det gjeld eigne liv – handlar det om våre personlege val, eller er det dei ytre omstenda som avgjer? Edvard Hoem trur sjølv han veit grunnen til at så mange har gripe til bøkene om Nesje-slekta.

- Alle trur det handlar om at vi alle har slekt i Amerika. Men det er kome tusenvis av bøker om utvandringa som ingen les. Eg meiner at det tar opp eksistensielle problemstillingar som; Skal vi bli eller skal vi dra? Vi har vel alle tenkt, ein eller annan gong i livet: Orkar eg dette livet? Orkar eg denne jobben? Orkar eg denne kvardagen? Dei fleste blir, men for dei som drog den gongen, var det definitivt.

Forsoning

Men det er også eit anna stort tema i bøkene, nemleg å kunne eller måtte forsone seg med livet. Som med Slåttekaren kjem vi alle til eit punkt i livsløpet der vi ikkje lenger kan rette på noko eller gjere noko med situasjonen. Vi må erkjenne og vi må forsone oss med livet.

- All litteratur – og alt teater – som skal røre oss, det må røre ved eksistensielle problem som vi alle blir konfrontert med. I breva frå Knut Nesje er dei ei gripande kurve fram til han når ei form for innsikt. Først håpar han at sonen skal kome tilbake. Deretter begynner han å lokke sonen tilbake med utsegn som «du kan få låne hundre kroner av meg om du kjem tilbake». Når det ikkje verkar, blir han nesten aggressiv. «Du har vel ikkje tenkt å bli der borte.» Til slutt kjem resignasjonen. «Jeg ligger så ofte våken om natten og tenker på mine barn og ber om at gud må bevare dem hvor hen de farer i verden.» Da har han innsett at han ikkje får sjå dei igjen, seier Edvard Hoem.

Dei nære tinga

I november fekk Hoem Brageprisens heiderspris. I grunngjevinga blei det lagt vekt på Hoems evne til å gi ei stemme til dei som ikkje har det. Evna til å skildre gleda og slitet i all slags arbeid, til å utforske sosiale klassar og vise nyansane i ulike menneskeliv, blir også framheva i forfattarskapen. Sjølv trur han at suksessen har noko å gjere med ei tid der ting går altfor fort, at vi har mista oversikt over kvar vi kjem frå. At det er ein tendens i tida, at vi vil sjå ein lang historisk samanheng, at det er nokon bak oss og at bøkene treffer ein nerve i nettopp det nære.

Og da er det kanskje eit lukkeleg litterært samantreff at ein av Noregs mest arbeidsame og folkekjære forfattarar har fått overlevert ei rad korte historier som faren fortalde der han låg og forsøkte å kvile ein gong for meir enn seksti år sidan. Historier som ikkje berre den fem år gamle Edvard fann useieleg spennande, men som eit heilt lesande folk har funne glede i. Hoem antydar at det er meir å hauste frå det rike slektstreet. - Det er andre våghalsar i familien og fleire interessante historier å puste liv i, seier han avslutningsvis. – Her er unekteleg stoff til fleire romanar. Vi får sjå kva det blir til.


TEKST Ida Michaelsen FOTO Paal Audestad