Bakgrunnsartikkel

Witch Club Satan

Trass si korte fartstid som band, har Witch Club Satan rokke å bli ein internasjonal snakkis i musikkmiljøet.

På scenen skal skodespelarane stå saman med det okkulte, feministiske svartmetallbandet Witch Club Satan. Dei tre bandmedlemmene skal vere aktørar i framsyninga og både spele og grawle live på scenen. Bandet oppstod i samband med arbeidet med teaterframsyninga med tittelen Witch Club Satan i 2022. Sidan har bandet både provosert, blitt hylla, og tatt verda med storm.

Dei tek ein pause frå å turnere verda rundt for å vere del av Dommedag på Det Norske Teatret.