Bakgrunnsartikkel

Vondskapens ansikt

Det er ei sann historie om ein seriemordar som er utgangspunktet for skodespelet Roberto Zucco av Bernard-Marie Koltès. Den verkelege mordaren var visst så vakker at det var vanskeleg å tru at han kunne drepe. Kven var Roberto Succo?

Skrive av
Erlend Tårnesvik Dreiås
Formidlingsdramaturg

Første gongen den franske dramatikaren Bernard-Marie Koltès ser mannen, er på ein etterlystplakat på T-banen i Frankrike. Det er i slutten av 1980-åra og politiet er på jakt etter ein seriemordar. Koltès ser plakaten og blir fascinert. Han ser bilde av eit vakkert ansikt som berre blir vakrare saman med skildringane av dei grufulle gjerningane mannen har gjort. Koltès får tak i plakaten og henger den opp ved sida av arbeidsbordet sitt.

Ei stund seinare kjem han over eit innslag på TV. Ein mann står på taket av eit fengsel, berre iført undertøy. Han vinkar til helikoptera som krinsar over han. Kastar murstein på folk som har stimla saman på gata. Det er mannen frå plakaten. Det er som eit teater som utspeler seg, direktesendt, med heile verda som publikum.

Der og da bestemmer Koltès seg for å skrive eit skodespel om denne mannen.

Kven var Roberto Succo?

Roberto Succo blei fødd 3. april 1962 i Mestre, ein liten forstad til Venezia, nord i Italia. Han var det einaste barnet til politimannen Nazario Succo og husmora Marisa Lamon.

Ifølgje true crime-podkasten “The Evidence Locker” hadde Succo eit dårleg forhold til mora. Ho var kontrollerande, engsteleg og stilte høge krav til han. Succo hadde ikkje mange venner, men for å sleppe å dra heim til mora, dreiv han med ulike typar idrett. Når han var heime, heldt han seg på rommet sitt. Der dissekerte han små dyr, visstnok fordi han var interessert i å forstå menneskekroppen.

Søndag 12. april 1981 drep Succo for første gong.

Frå oppsetjinga av Roberto Zucco på Det Norske Teatret 1992. Den gong var det Lasse Kolsrud som spelte tittelrolla.

Det er kort tid etter den19. bursdagen hans. Han og mora kranglar igjen. Han vil låne bilen til faren, men ho nektar. Ho blir så engsteleg når sonen er ute og køyrer for han er ein uforsiktig sjåfør. Succo truar først med å ta sitt eige liv med ein kjøkkenkniv, men vender seg så mot mora og drep henne med trettito knivstikk.

Han skrur av alt lyset i leilegheita og ventar på faren, som arbeider kveldsskift. Når faren kjem heim, drep han han også. Succo legg begge lika i badekaret, dekker dei med vatn og lime for å utsetje oppdaginga. Neste dag tek han farens Alfa Romeo og køyrer til onkelen, fast bestemt på å fortelje alt. Men han mister motet, og dei et lunsj saman utan at Succo nemner kva han har gjort. Onkelen opplever Succo som veldig roleg.

Måndag morgon legg naboane merke til at Marisa ikkje har opna skoddene på balkongen. På politistasjonen stussar dei over at Nazario ikkje dukkar opp på jobb. Etter to dagar tek politiet seg inn i leilegheita til familien Succo og finn ekteparet i badekaret.

Roberto Succo blir raskt hovudmistenkt, og etter to dagar finn dei og arresterer han nær grensa til Jugoslavia. Under avhøyr fortel han at han drap mora fordi ho ikkje elska han. Å leve med henne var som å vere i fengsel, og da ho døydde, forsvann også problema hans, hevda Succo.

Fem år i fangenskap

Roberto Succo blir erklært paranoid schizofren og dømt til ti år på psykiatrisk avdeling i Reggio Emilia. I starten var han ein krevjande pasient. Han fekk klaustrofobi av det strenge regimet på lukka avdeling. Han hadde jo drepe for å sleppe unna den kontrollerande mora. No var kontrollen total. Men etter kvart verkar det som han tilpassar seg. Han fullfører vidaregåande skole, og får melde seg opp på universitetet i Parma for å studere vidare. Snart får han også studiepermisjon. Men i 1986, fem år inn i soninga, rømmer den 24 år gamle Roberto Succo.

Han har skaffa seg falske id-papir og reiser med tog frå Italia til Frankrike. I åra som kjem startar den kriminelle løpebana for alvor, med innbrot, ran, kidnapping, valdtekt og mord. Først veit ikkje fransk politi kven som står bak denne plutselege bølga av kriminelle handlingar. Men allereie i desember 1986 får dei ein ide om korleis han ser ut. Etter ei valdtekt kan offeret beskrive ein muskuløs mann med intense grå auge. Sjølv om Succo hadde ei hette framfor ansiktet, klarar politiet å lage ei fantomteikning av han.

I april 1987 drep Roberto Succo den 38 år gamle politibetjenten André Castillo. Han blir funnen i ein blodpøl ved sidan av bilen sin. Tenestepistolen er borte. Den kommande veka er det innbrot i fleire hus i området.

Om lag ein månad seinare kidnappar Succo den 30 år gamle engelsklæraren France Vu-Dinh. Ifølge Succo sjølv budde han med denne kvinna i fleire veker, ho var lenka til ei seng, før han drap ho og kasta liket i sjøen nær Nice.

I same periode forsvinn den 26 år gamle legen Michel Astoul. Eit halvt år seinare blir han funnen i ein låve, drepen med pistolen til politimannen. I oktober 1987 valdtek og drep han den 40 år gamle Claudine Duchosal i hennar eigen heim. Også ho blir drepen med politipistolen.

Succo terroriserer Frankrike, men klarar alltid å sleppe unna. Vitneskildringane sprikar, og Succo blir nærast ein mytisk storleik i offentlegheita.

I 2024 er det Carl Martin Eggesbø som speler rolla som Roberto Zucco på Det Norske Teatret. Foto: Magnus Skrede

Innsirklinga

Vinteren 1988 er fransk politi nære på å ta Roberto Succo. Det har vore bråk og skyting utanfor ein bar, og politiet klarar å spore den eine personen, som gjekk under namnet André, til eit hotell. Politiet veit ikkje at det er ein seriemordar dei har spora opp. Når Succo ser dei to politimennene, skyt han mot dei. Den 35 år gamle politimannen Michel Morandin døyr av skotskadane. Ein annan politimann blir skada.

Succo flyktar vidare til Sveits, der han ranar ein bensinstasjon, kidnappar Nicole Veillet og den 15 år gamle sonen hennar, men slepp dei fri igjen. Han får ei kvinne til å køyre seg mot Bern. Under bilturen fortel han at politiet er etter han. Kvinna klarar å hoppe ut av bilen i fart. Succo flyktar til fots, men snart har han politiet i hælane. Han skyt og skadar to politifolk, før han igjen klarar å forsvinne. Han bryt seg inn i ei leilegheit, der han valdtek to kvinner.

Politibilde av Roberto Succo frå 28. februar 1988, dagen han blei fengsla. Foto: AFP

Det var i hovudsak kvinner som hjelpte Succo. Han hadde ein utsjånaden som vekte tillit. Samstundes var han ein av Europas mest jakta personar. Politiet i Italia, Frankrike og Sveits var etter han. Men i følgje podkasten «The Evidence Locker» var det vanskeleg for politiet å få eit tydeleg bilde av han. Det var ikkje nokon logikk i handlingane hans. Nokre gonger valdtok og knivstakk han, andre gonger brukte han pistol. Offera var både menn og kvinner. Han hadde ikkje ansiktet til ein drapsmann.

I februar 1988 får politiet ein ny ledetråd. 16 år gamle Sabrina hadde i fleire månader vore kjærast med ein italienar ho kjente som Kurt. Han endra utsjånad kvar gong ho møtte han, men hadde forklart at det var fordi han var hemmeleg agent. Han fortalte at han hadde drepe foreldra sine. Sabrina slo opp med han, men når ho kjente han igjen frå eit bilde på etterlystplakatane, gjekk ho til politiet.

Det franske politiet kontaktar italiensk politi, og gjennom å samanlikne spor, får dei endeleg sirkla inn Roberto Succo.

Rein vondskap

I opningsscenen i skodespelet Roberto Zucco av Bernard-Marie Koltès er det to fengselsvaktarar som snakkar saman. Den eine vakta spør: «Korleis trur du nokon kan få ideen til å stikke med kniv eller kvele? Først ideen, og så gjere det?»

Den andre vakta svarar: «Rein vondskap».

Den første fangevaktaren har studert fangane i fengsel, fortel han, for å finne kva det er som skil dei frå han. Sjølv meiner han at han er «ute av stand til å stikke med kniv eller kvele, ikkje eingong til å få ideen om det.» Men han finn ikkje at mordarane er annleis enn han på noko vis. Korleis ser «rein vondskap» ut?

I boka Ondskapens filosofi skriv Lars Fr. H. Svendsen «Erkjennelsen av det onde vinnes gang på gang, for så å glemmes.» Vi kjenner igjen det vonde når det får eit ansikt og ein identitet. Men kva skjer når dette ansiktet ikkje ser ut som vi forventar?

- Eg er ein mordar. Eg drep menneske.

- Eg er ein mordar. Eg drep menneske, skal den verkelege Roberto Succo ha sagt da han blei arrestert av politiet i 1988, etter å ha vore på flukt i nær to år.

For Koltès skal det ha vore nettopp dette, mangelen på motiv, som fascinerte han ved Roberto Succo. Det var ein vakker ung mann som drap utan grunn. Koltès var ikkje interessert i å skrive ‘true crime’. I eit intervju spør journalisten Koltès: - Men du prøver ikkje å snakke med folk som kjente han?

- Nei, svarar Koltès, - Eg etterforskar ikkje, eg vil absolutt ikkje vite meir. Denne Roberto Succo har den store fordelen at han er mytisk.

Fuglar døyr i fengsel

Sju år etter sitt første drap, 28. februar 1988, blei den verkelege Succo fanga, nær heimbyen Mestre i Italia. Det var tilfeldigvis ein kollega av faren, Raffaele Ruggiero, som stod for arrestasjonen. Han skal ha sagt: - Eg kjente han som barn, og eg arresterte han som eit monster.

Dagen etter arrestasjonen, mens Roberto Succo er ute i luftegarden i fengselet, greier han å sleppe unna vaktene. Han kjem seg opp på taket av fengselet. Der tek han av seg kleda og berre iført undertøyet vinkar han til lokale TV-team som filmar seansen, og til helikoptera som flyg over institusjonen. Politiet har våpena retta mot han, og han roper tilbake «Skyt meg!».

I over ein time er han på taket. «Eg drep dykk alle!», roper han til journalistane som står på bakken. «Fortel Sabrina at ho forrådde meg. Du forrådde meg, du er ei hore!» Og vidare: «Eg kan ikkje bli i fengsel. Fuglar døyr i fengsel og eg er ein fugl.»

Roberto Succo på taket av fengselet. Han kler av seg, vinkar til helikoptera, kastar murstein. Dette blei utgangspunktet for Koltès til å skrive skodespelet Roberto Zucco. Foto: Patrick Kovarik/AFP

Roberto Succo på taket av fengselet. Foto: Patrick Kovarik/AFP

Han prøver å klatre på nokre elektriske leidningar som heng mellom taka, men dett ned og blir borte for journalistane og kamera. Succo hadde håpa at dette stuntet skulle få han tilbake på psykiatrisk sjukehus, der tilhøva var betre og friare enn i fengsel. Men han enda berre opp med nokre brotne bein.

23. mai 1988 tek han sitt eige liv i cella i Livorno fengsel, 26 år gammal. Han etterlet seg ein lapp, der det står: «Ikkje bli for trist når dei fortel deg at eg er død. Eg vil lytte til fuglesongen.»

Eit vakkert ansikt

Det var ansiktet til Roberto Succo frå ein etterlystplakat som inspirerte Bernard-Marie Koltès til å skrive skodespelet Roberto Zucco. Succo og Zucco er begge mordarar, men utover å ha nesten same namn, er historiene deira ganske ulike. Koltès visste lite om Succo, og han var heller ikkje interessert i å få vite. Like fullt vakar den verkelege Succo i bakgrunnen av skodespelet heile tida. Han er eit vakkert ansikt på ein etterlystplakat.

Dramatikar Bernard Marie Koltès fekk aldri oppleve Roberto Succo på ein teaterscene. Han døyde berre 41 år gamal. Foto: Louis Monier/Gamma Rapho via Getty Images

Den Roberto Zucco vi møter i framsyninga kan ikkje roe oss i publikum. Vi får ikkje stadfesta vår eigen normalitet. Det vonde er ikkje noko heilt anna enn oss. Zucco er ikkje ein gong bildet av eit menneske vi fryktar. Det er ikkje sånn vi har lært at «rein vondskap» ser ut. Vondskapen har ikkje eit ansikt.

Kva er det som får nokon til å bli mordarar? Kanskje er det sånn at vi alle, under dei rette vilkåra, har det i oss å kunne drepe eit menneske. I Ondskapens filosofi skriv Svendsen at det er i det spesifikt menneskelege vi finn kjelda til vondskapen. Dyr kan til dømes ikkje vere vonde, meiner han.

Noko av det siste Koltès skreiv inn i skodespelet, var ein monolog til Roberto Zucco. Der seier han: «Eg skulle gjerne bli fødd på ny som hund, slik at eg blei mindre ulykkeleg.»

Hundar har ikkje moglegheita til det vonde i seg, fordi dei ikkje er frie. Det er det berre menneske som er. For Svendsen inneber det å vere ein fri, moralsk aktør, moglegheita til både det gode og det vonde. Men han legg til: «Det betyr imidlertid ikke at vi alle er gode og onde i samme utstrekning. Og det betyr heller ikke at mengden ondskap i verden alltid vil være den samme.»

Den russiske forfattaren og nobelprisvinnaren Aleksandr Solzjenitsyn meinte vondskapens akse ikkje går mellom gode og vonde menneske. Den går tvers gjennom kvart einaste menneskeleg hjarte.

Og kven er vel villig til å øydelegge ein del av hjartet sitt?

Teksten er publisert 12. januar 2024.