Bakgrunnsartikkel

Kjære publikum

Det er rart å skrive desse orda, og vite at det blir siste gong eg gjer det som teatersjef for Det Norske Teatret.

Skrive av
Erik Ulfsby
Teatersjef, 2011-2024

Det har vore 14 år fylt med spennande menneskemøte med både publikum og kunstnarar, overveldande opplevingar, store kjensler og enormt mykje eg har lært, som eg ikkje visste eg måtte kunne.

Til sist så står dei tre igjen.

Trua på at kunst kan endre menneske.

Håp om at Det Norske Teatret vil gå nye vegar og opne nye dører.

Og Kjærleik. Kjærleiken til eit hus. Til sceneromma våre. Til folka som jobbar her. Til publikum. Til nynorsken. Til teateret. Til livet.

For det er det som er botnlinja i det heile. Det handlar om livet. For oss som jobbar i eit teater, er teateret sjølve livet. Og teateret handlar om livet. Korleis leve det? Kva må vi lære for å takle det? Korleis kan vi sette oss inn i andre menneskes situasjon?

Vi lever i ei tid der kunstinstitusjonar er under press, og nokre blir også lagde ned. I Under open himmel er kunstens plass blant fleire store tema. Det har vore ein glede å samarbeide med kunstnar Lars Ø Ramberg, og Oslo kommunes kunstsamling om denne framsyninga. Eg vonar den vil bidra til refleksjon og ettertanke.

Velkommen i teatret, og tusen takk for meg!

Erik Ulfsby, teatersjef