Bakgrunnsartikkel

Hoppar inn i Pippi

Kva Tora Dietrichson er laga av, er ikkje godt å seie, men at ho er like tøff som Pippi, er det ingen tvil om! Å hoppe inn i roller har nærast blitt ein karriereveg for den tilsynelatande uredde skodespelaren. No suser ho inn på scenen i rolla som sjølvaste Pippi.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonsrådgjevar

Under eit sprudlande og overdådig blidt åsyn, lurar likevel nokre mørke tankar om kva ho har gitt seg ut på:
- Eg er redd, eg har sceneskrekk, eg er nervøs og vil at alle skal like meg! seier ho og slår ut med armane, tydeleg litt oppgitt over kva ho har sagt ja til.
Sidan ho sette sine bein innanfor dørstokken på Det Norske Teatret, har Tora Dietrichson nærast gjort det til sitt spesialfelt å gå inn i roller på rekordtid når sjukdom har meldt seg i ensemblet. Den unge skodespelaren har alt briljert i ulike roller i Europavisjonar. Rolla som Prussiluskan i Pippi på sirkus tok ho over på framsyning nummer to, grunna sjukdom. Deretter har ho også hatt rolla som Sirkusdirektøren, noko ho også vil halde fram med. Men frå og med 30. mai skal ho i tillegg dele på å spele Pippi Langstrømpe med Natalie Bjerke Roland. Det er med skrekkblanda fryd ho går inn i manesjen om nokre dagar.

Tora spelar også rolla som Sirkusdirektøren.
No er ho klar for rolla som Pippi.

- Eg blir jo også veldig stolt og så glad at det kriblar i magen over at alle her på teateret har tru på at eg skal få dette til. Men eg er også ganske redd. Og det tenkjer eg eigentleg at eg deler med Pippi. Eg trur eigentleg at under den tøffe overflata hennar, så må det vere andre kjensler også. Pippi er jo mykje aleine, og da kan ho ikkje anna enn å vere tøff, rampete og direkte, for ho må vere si eiga alt. Og det må eg også vere no. Eg må heie på meg, støtte meg og seie når eg må roe ned, forklarar Tora, som starta vegen mot teateret med ballett.

Ei Pippi som likar det strengt

Barndomen blei brukt på ballettskole, hos den vidgjetne og strenge Jorunn Kirkenær. Alt som sju år gamal jente let ho seg fascinere av den legendariske og dyktige ballettpedagogen.
- Eg var ålreit til å danse – men ikkje best. Eg trur det Jorunn likte ved meg, var at eg jobba hardt, resonnerer Tora, som i motsetnad til Pippi, kan sette pris på strenge autoritetar.
- For ho var veldig streng, ja, seier Tora og trekker på smilebandet.
- Men eg ELSKAR streng! Eg synest strengt er flott. Den strengleiken som inneber direkte tale. Som inneber rettferd, som er til å stole på og opplevast som ein rettleiar inn i eit rom der eg ikkje blir forvirra, men lærer ting og utviklar meg – det likar eg, forklarar ho entusiastisk.

Jorunn Kirkenær og unge Tora blei gode vener, og hadde kvar sin del av eit lite hjartesmykke som Tora gjekk med kvar dag. Da dagen kom for at ho skulle bli konfirmert, var hennar gode venn og strikse danselærar ein sjølvskriven gjest. Men det var først da ho var med i ei danseframsyning der ho fekk spele skjelpadde, at ho skjøna at ho likte å bruke meir enn grasiøse rørsler på scenen. Frå den dagen var det teater som gjaldt, og det blei dramalinje, Romerike folkehøgskole, og den fysiske teaterutdanninga til Jacques Lecoq i Paris.

Svingar seg i manesjen

Den fysiske utdanninga med ballett og klovneri kjem godt med i rolla som Pippi. No skal Tora praktisk talt svinge seg i manesjen medan ho syng - og få det til å sjå lett ut.
Da er det lurt å tenkje som ei viss jente med raudt hår og frekner:
"Det har eg aldri gjort før, så det klarer eg heilt sikkert!"

Teksten er publisert 30. mai 2026. Alle foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret.