Bakgrunnsartikkel

Tyngda av suksess

Han har fått yatzy av 6-arar av kritikarane og er heidra med to gjæve Heddaprisar. Aftenposten har påstått at teatermakar og skodespelar Tani Dibasey viser ein ny veg for norsk teater. Ikkje rart teatersjef Kjersti Horn inviterte han inn i Institusjonen. 

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonsrådgjevar

Da Tani Dibasey kom inn dørene på Det Norske Teateret, vandra coolness in persona over terskelen med musikkanlegg over skuldra. Det svinga med det same. Men samtidig entra også teaterets sterkaste kritikar bygget. Ein som har kalla teaterfolk “idiotar”.  
- Ein kompis av meg sa «Kva er det ein brukar å gjere med folk som bråkar mykje i kulturen og sånn? Berre gi dei masse prisar», seier Tani Dibasey og lar kommentaren henge litt i lufta, før han legg til: 
- Eg føler eg har fått masse anerkjenning eg ikkje har bede om, og no er det blitt litt som eit fengsel. Har dei gitt meg for høg status?    

Vil lage community

Sidan nyttår har han laga teaterframsyningar på Scene 3 i lag med kunstnarduoen Only Slime og forsøkt å rocke opp i strukturane i Det Norske Teatret. Han har trekt inn popkultur, improvisasjon og anime og invitert inn nye fjes både på og bak scenen. Kven som er på og bak er forresten ikkje så nøye. Alle må også kunne bere stolar og gjere det som trengst.
- Vi er alle community! Vi jobbar saman, seier Tani.  

- Eg vil at det skal koste noko, både å skape og å sjå på.

Frå Sorte gutter gråter ikke (2023), som blei spelt Hos Arne på Grünerløkka. Framsyninga fekk Heddapris og panegyriske kritikkar. Foto: Ronja Sagstuen Larsen.

Han skulle ønske det å jobbe på teateret var litt meir som å jobbe på eit kollektivbruk. Han vil at alle skal investere i det som blir presentert.  
- Eg vil at det skal koste noko, både å skape og å sjå på, forklarar han engasjert. 
- Litt meir som å make love. 

Autensitet og humor

At skodespelarane skal engasjere seg fullt og heilt har vore ei utfordring. Ofte spelar dei i to-tre andre framsyningar samtidig. Tani vil helst at alle skal vere til stades 100 prosent. Han vil at det som blir vist på scenen skal vere ekte - på ekte.
- Går det an å vere autentisk på scenen? undrar han. 
Det er ei gåte han ikkje klarer å knekke, men stadig undersøker.  
- Vi nyttar impro nærast som ei terapeutisk oppdaging på scenen. Eg trur publikum opplever det veldig sterkt når dei ser nokon som prøver å finne ut av ting og som deler av seg sjølv og sine eigne refleksjonar.   

- Går det an å vere autentisk på scenen?

Fight (av Scene 3, 2025) er eit eksempel på ei framsyning der humor hadde ei framtredande rolle, og der framsyninga kvar gong endte i ein terapisession rundt eit problem den faktiske skodespelaren personleg bala med. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.

Framsyningane treng å bruke humor. Regissøren trur folk lyttar betre når dei ler. Men han meiner dei som jobbar på Det Norske Teatret tullar litt for lite.  
- Eg håpar teateret har lært av meg å ha det litt meir gøy. It´s called a play, so let´s play! Det er leik, jo! seier han og slår ut med armane.

På Hovudscenen

I haust skal han også stå på sjølvaste Hovudscenen og gi vekk regien til den belgiske stjerneregissøren Lisaboa Houbrechts i Fossestykket Vinter. I teaterkretsar ute på kontinentet blir det snakka om at ho har fått ein «amazing actor» i Dibasey. Rolla han skal spele er Ho, ei kvinnerolle.  
- Eg tenkte det var sunt for meg personleg å ikkje bestemme, og å følgje nokon andre sin visjon. Og så likte eg det Lisaboa ønskte å formidle med stykket. Eg er jo ein mann, men i teksten blir eg omtalt som og omtalar meg sjølv som ei dame. Det er interessant og det kan føre til fleire spennande politiske samtalar og diskusjonar, seier han.   

Tani Dibasey som "Ho" i Vinter på Hovudscenen hausten 2025. Foto: Kurt van der Elste.

Kommersialisert?

Djupast sett ønskjer Dibasey å lage teater for «mixed kids». Dei som står mellom fleire kulturar og ikkje kjenner nokon tilhøyrsle i det norske samfunnet. Sjølv er han redd for at stemma hans er blitt kommersialisert.  
- Ho er ikkje rein lenger. No er eg ikkje lenger stemma til dei på gata.  

Dette har inspirert han til å lage framsyninga Magic Mouse vs. Capitalism som har premiere på Scene 3 i november. Der stiller han spørsmålet: Kva skjer med kunst, eller magien som i dette tilfellet, når han blir kapitalisert eller for kommersiell?

Sjølv meiner Tani at det han lagar ikkje er så forskjellig frå tidlegare produksjonar, som Sorte gutter gråter ikke eller Saykoluhjee.
- Folk opplever det berre annleis, fordi det er på Det Norske Teatret, meiner han.

It´s called a play, so let´s play!

Kvifor teater?

Tani Dibasey har framleis eit trøblete forhold til teateret. Han vaknar annankvar morgon og spør seg kvifor han held på med dette. 
- Kvifor skal eg rulle rundt på golvet framfor folk som betalar? Kva vil eg formidle? 
Han innser at han er privilegert som bur i eit land der han kan leve av kunst.  
- Men så tenkjer eg at eg har ei stemme eg kan bruke for at nokre av dei som ikkje tør å ta plass, kan finne mot til å ytre seg.
 Og så siterer han Ibsens Catilina med malmfull røyst: 
- “Jeg må! Jeg må; så byder meg en stemme i sjelens dyp, - og jeg vil følge den. “.

Opplev Tani på scenen

MAGIC MOUSE vs. CAPITALISM

- Tani sitt oppgjer med seg sjølv og tida på Det Norske Teatret.

Les meir

Intervjuet er skrive 29. august 2025. Sist oppdatert 4. september 2025.