At ho gjekk bort, fekk meg ikkje berre til å kjenne meg einsam, det fekk meg også til å innsjå kor einsame vi var.
Av James Baldwin for Esquire/ November 1969
Lorraine Hansberry var forfattaren av to suksessrike oppsetjingar på Broadway, A Raisin in the Sun og The Sign in Sidney Brustein’s Window. Den første av desse gjorde henne i 1959 til den yngste amerikanske dramatikaren, den femte kvinna og den einaste svarte forfattaren som nokon gong har vunne prisen for årets beste stykke frå New York Drama Critics’ Circle. Hansberry døydde av kreft i 1965, i ein alder av trettifire. Stykket basert på livet og arbeidet hennar, To Be Young, Gifted and Black, har gått på Cherry Lane Theatre sidan januar 1969 og skal ut på ein landsomfattande turné neste år. To Be Young, Gifted and Black blir også tittelen på boka som avsnitta over er henta frå. James Baldwins minneord om Hansberry følgjer nedanfor.
Det er slik eg alltid har følt om henne, så eg unnskyldar meg ikkje for å kalle henne dette no. Ho forstod det: i den så altfor korte tida då vi vandra og snakka og lo og drakk saman, av og til i gatene og barane og restaurantane i Village, av og til heime hos henne, av og til heime hos meg, av og til i uforskamma retrett frå andre sine hus; og av og til i det som for dei som ikkje kjende oss, kunne sjå ut som ein hard og uthaldande krangel. Vi brukte mykje tid på å diskutere historie og tett tilknytte emne i leilegheitene hennar i Bleecker Street og seinare ved Waverly Place. Og ofte, akkurat idet eg var sikker på at ho skulle til å kaste meg ut fordi eg i det heile var ein altfor bøllete type, kunne ho reise seg opp med hendene på hoftene (ved desse uformelle møta hadde ho alltid på seg slacks) og ta opp det tomme glaset mitt som om ho hadde tenkt å kaste det på meg. Så kunne ho gå ut på kjøkkenet mens ho med eit overlegent kast med hovudet sa: «Verkeleg, Jimmy. Du er ikkje heilt god, kompis!» Etter denne harde dommen kunne ho gi meg ein drink til og gi seg i kast med ein meisterleg analyse av akkurat kvifor eg ikkje var heilt «god». Eg sjangla ofte ned trappene hennar idet sola stod opp, vanlegvis midt i ein samtale og alltid midt i eit latterutbrot. Den fantastiske latteren. Det fantastiske andletet. Eg elska henne – ho var både søster og samansvoren. At ho gjekk bort, fekk meg ikkje berre til å kjenne meg einsam, det fekk meg også til å innsjå kor einsame vi var. Vi hadde den respekten for kvarandre som kanskje berre menneske på same side av barrikadane kjenner; menneske som lyttar til det stadig sterkare drønnet frå hovane av hestar og belta til stridsvogner.
James Baldwin og Lorraine Hansberry var nære venner.
Første gong eg såg Lorraine, var ved Actors Studio vinteren 1958–59. Ho var der som observatør for verkstadproduksjonen av Giovanni’s Room. Ho sat langt oppe på tribunen, der ho stod opp mot nokre av dei største namna i amerikansk teater fordi ho hadde likt stykket mens dei, stort sett, ikkje hadde det. Eg var enormt takknemleg overfor henne. Det verka som ho snakka for meg; og etterpå tala ho til meg på ein så vennleg og imøtekomande måte at eg aldri kan gløyme det. Ein liten, sky og bestemt person, med ein styrke diktert av absolutt usjølvisk ambisjon: ho prøvde ikkje å «få det til» – ho prøvde å behalde trua.
Vi møttest derimot på ekte i Philadelphia i 1959, då A Raisin In The Sun var i starten av si fantastiske karriere. Mykje har vore skrive om dette stykket; Eg personleg meiner at for i det heile tatt å kunne vurdere det, så kjem det til å krevje eit langt mindre skuldtyngd og fordomsfullt folk enn dagens amerikanarar. Ingen kan likevel underkjenne betydninga det har som historisk bragd. Det som er relevant her, er at eg aldri i mitt liv hadde sett så mange svarte personar i teateret. Og årsaka var at aldri før i amerikansk teaterhistorie hadde så mykje av sanninga om svarte liv vore vist på ei scene. Dei svarte hadde ignorert teateret fordi teateret alltid hadde ignorert dei.
Men i Raisin kjende dei svarte igjen dette huset og alle menneska i det – mora, sonen, dottera og svigerdottera – og gav stykket eit tolkande element som var fjernt for dei kvite: ei slags klaustrofobisk redsle som ikkje var skapt berre ut frå det dei visste om huset, men ut frå det dei visste om gatene. Og då teppet fall, var eg og Lorraine i gangen bak scena, der folk stimla saman om henne. Eg fann ein penn, og Lorraine gav meg handveska si og begynte å skrive autografar. «Det skjer berre ein gong», sa ho. Eg stod der og såg på. Eg såg på folka, som elska Lorraine for det ho hadde gitt dei; og eg såg på Lorraine, som elska folka for det dei gav henne. For henne handla det ikkje om å bli beundra. Ho blei styrkt og bekrefta. Ho var klok nok og ærleg nok til å forstå at svarte amerikanske kunstnarar står i ein svært spesiell situasjon. Ein er ikkje berre kunstnar, og ein blir ikkje dømd berre som kunstnar: og uansett om dei svarte som flokka seg rundt Lorraine såg på henne som kunstnar eller ikkje, så rekna dei henne heilt sikkert som eit vitne. Dette landet sin måte å behandle kunst og kunstnarar på har den effekten, som ein no knapt treng å nemne, at kunstnaren er isolert frå folket. Ein kan sjå effekten av dette i irrelevansen til så mykje av arbeidet som blir produsert av anerkjende kvite kunstnarar, men for ein svart kunstnar er effekten av denne isolasjonen skjebnesvanger. Han er, som svart amerikansk innbyggjar, allereie isolert frå dei fleste av sine kvite landsmenn. Når det strammar seg til, kan han knapt gå til kunstnarkollegaene sine for å få hjelp, for dei veit ikkje nok om han til å kunne korrigere han. For framleis å kunne vekse og bevare kontakten med seg sjølv treng han støtte frå det same samfunnet som står for alt presset livet i Amerika ustanseleg bidreg til å fjerne han frå. Og når han er effektivt fjerna, blir han stille – og folket har mist endå eit håp.
Mykje av påkjenninga Lorraine jobba under, vart skapt på grunn av kunnskapen hennar om denne sanninga og at ho bevisst nekta å la seg øydeleggje av dette. Ho var ei svært ung kvinne med ein svært sterk visjon, og ho hadde blitt berømt tidleg – ho må nok ofte ha ønska at det heile hadde gått litt langsamare. For det å være berømt er ikkje det same som å vere anerkjend, særleg ikkje her. For hennar del skulle det å vere berømt bety at ho blei kritisert svært grovt, svært høglytt og svært ofte av både svarte og kvite som tydelegvis ikkje ville tru på at ei verkeleg seriøs hensikt kunne finnast innanfor ei slik glamorøs ramme. Ho tok det heile med ein slags skarp og vittig humor og nekta til dømes å vurdere å forsvare seg sjølv når ho blei skulda for å vere ein «slumlord» på grunn av eigedomsverksemda til familien i Chicago. Eg ringde henne i den tida, og alt ho sa – med ein syrleg latter – var: «Gode Gud, Jimmy, veit du at du berre er den andre personen som har ringt meg i dag? Og du veit kor mykje telefonen min ringte før!» Ho var ikkje overraska. Ho var inderleg glad i mennesket, men ikkje på ein romantisk måte.
Når eit så klart lys blir sløkt så tidleg, når ein så evnerik kunstnar forsvinn så raskt, står vi igjen med ei sorg og ei undring som grubling ikkje kan lindre. Ein står igjen med ei kjensle av urettferd som er like fåfengd som ho er kraftfull. Og den forsvunne personen fyller sinnet, i den eller den stillinga, i gong med eit eller anna. Innimellom høyrer ein i korte glimt den nøyaktige knekken i stemma, den nøyaktige klangen i latteren – slik eg har gjort når eg ser den dramatiske førestillinga To Be Young, Gifted and Black, og når eg les gjennom desse sidene. Men eg har ikkje hjarte til å gå i gang med å vurdere arbeidet hennar, fordi for meg var alt saman strøymd over av lyset som var Lorraine. Det er såleis mogleg at The Sign In Sidney Brustein’s Window forsøker å seie for mykje, men det er også høgst sannsynleg at det lagar ein så sterk og ubehageleg lyd på grunn av stilla rundt; det er ikkje mange skodespel i desse dagar som blir skulda for å forsøke å seie for mykje! Sant nok er Brustein eit svært medvite stykke og skamlaust didaktisk, men det kan likevel ikkje avskrivast eller kategoriserast på denne måten, nettopp på grunn av det forbløffande livet til folket det handlar om. Det innbyr nærmast til å bli avfeia som gamaldags og banalt, og like fullt har det den umiskjennelege evna til å snu sjåaren sin dom inn mot seg sjølv. Er alt dette sant eller ikkje sant? spør stykket og let oss nådelaust sitje igjen balande med dette spørsmålet. Ein kan eigentleg ikkje svare negativt på spørsmålet, for då risikerer ein å bli tatt i løgn. Men eit bekreftande svar pålegg oss eit nytt nivå av ansvar, både for måten vi opptrer på og for skjebnen til den amerikanske staten, og ein risikerer derfor det ubehagelege naudsynet av å bli «ein opprørar igjen». For Lorraine kvidde seg ikkje for å hevde at kunst har eit formål, og at formålet var handling: at han inneheldt «energi som kunne endre ting».
Det ville vere godt, på ein sjølvisk måte, å ha henne her no, den vesle, mørke jenta, med sitt vidd, si undring og si veltalande medkjensle. Eg har berre møtt éin person som Lorraine ikkje kunne nå inn til, og det var avlidne Bobby Kennedy. Og etter kvart som åra har gått sidan det stormfulle møtet – Lorraine snakkar om det på desse sidene, så eg går ikkje nærmare inn på det her – har eg ofte lurt på kva ho prøvde å formidle den gongen – at eit holocaust ikkje gjer forskjell på folk; at det som i dag berre ser ut til å vere audmjuking og urettferd for nokre få, kan, om det ikkje blir temt, bli redsle for dei mange og blåse ut kvite liv som om dei var svarte liv; at om den amerikanske staten ikkje kunne beskytte liva til svarte innbyggjarar, så ville heile staten no vere omringa. Og hestane og stridsvognene er verkeleg komne, og enden er ikkje i sikte. Det er kanskje like godt, når alt kjem til alt, at ho ikkje levde så lenge at ho fekk sjå med sitt ytre auge det ho såg så klart med det indre. Og det er ikkje i det heile tatt noko søkt i å mistenkje at det ho såg, bidrog til påkjenninga som tok frå henne livet. Det arbeidet Lorraine via seg til, er meir enn nok til å drepe eit menneske.
Eg besøkte Lorraine ved sjukehussenga då ho låg for døden. Ho prøvde å snakke, men ho kunne ikkje. Ho verka ikkje redd eller trist, berre forbitra over at kroppen ikkje lenger lydde henne. Ho smilte og vinka. Men eg føretrekkjer å hugse henne slik ho var siste gong eg såg henne på føtene. Vi var, av alle stader, på PEN-klubben. Ho sat og prata, kledd heilt i svart, med ein svært vakker og vid, svart hatt; tynn og strålande. Eg visste at ho hadde vore sjuk, men eg visste ikkje då kor alvorleg. Eg sa: «Kjære Lorraine, så vakker du er, korleis i all verda får du det til?» Ho skulle til å gå, eg har inntrykk av at ho var i ei trapp, og ho snudde seg og smilte det særeigne smilet sitt og sa: «Det hjelper å utvikle ein alvorleg sjukdom, Jimmy!». Så vinka ho og blei borte.
Til norsk ved Hildegunn Breivik/Samtext
Toppfoto: Allan Warren