Europavisjonar er musikalen der låtar frå dei siste 35 års Eurovision Song Contest er lydsporet til store politiske hendingar frå murens fall og fram til i dag. No har Eurovision flytta inn på Hovudscenen. Aldri før har vi sett så mange paljettar svinge seg over scenen. Bli med på innsida av verdas viktigaste songkonkurranse!

Rolla som Angela Merkel er det ei erfaren musikalstjerne som speler; Heidi Gjermundsen Broch. Her prøver ho på nummeret sitt. Foto: Monica Tormassy
‘Wir schaffen das’
Ho er kanskje ikkje ei opplagd musikalstjerne, mor Europa som ho blir kalla. Men Angela Merkel klarar det, sjølvsagt. ‘Wir schaffen das’ er hennar mest kjende sitat, og i Europavisjonar syng ho denne politiske bodskapen ut til tonar frå Loreens vinnarlåt frå 2012; Euphoria.




