- Så var det handlar om ein manns siste timar. Den gamle mannen er som ein sil som livets vatn renn igjennom. Og det vatnet er jo mitt vatn, sa Glaser til seg sjølv.
Han går kledd i elegant kvit lindress og hatt. Etienne Glaser har eit mildt vesen, og bak brillene lurer eit leikent blikk. Han er innom Det Norske Teatret for å sjå på scenen han skal spele på, og på eit teppe, som er alt som er på scenen forutan han sjølv når han framfører Så var det.
Den røynde skodespelaren har eit nesten 80 år langt liv innan svensk teater og film å sjå tilbake på, og brenn framleis for kunsten. At det var teater han skulle halde på med, skjønte han alt som åtteåring, da han var med i si første teateroppsetjing:
- Eg merkte at publikum jubla når eg gjorde visse ting, og det var ei svimlande kjensle av makt og bekrefting. Da tenkte eg at: Nei, det er det her eg skal gjere! Og no har eg snart halde på i 80 år, seier han og ler.
Teaterpersonlegdom og flyktning
Etienne Glaser er fødd i Danmark i 1937, og kom som flyktning med familien frå Danmark til Västerås i Sverige i 1943. Faren var komponist, og i Glaser-familien var kunst, musikk, litteratur og kunnskap viktige verdiar. Så det var ingen som sette seg imot det da han søkte og kom inn på Dramatens teaterskole. Deretter har han gjennom eit langt liv i kunsten hatt mange ulike roller. Han har mellom anna stått på scenen på Dramaten og Stockholm Stadsteater, vore ein av dei sentrale kreftene i Unga Klara-scenen der, regissert opera, teater og film. Så det er ikkje mindre enn ein svensk teaterpersonlegdom som kjem til Det Norske Teatret under DIFF-festivalen.
Dei som har levd ei stund har kanskje kjennskap til Etienne Glaser frå filmen Bröderna Mozart – der han både var med på å skrive manus og sjølv hadde hovudrolla. Han blei nominert til Guldbaggen for den prestasjonen, og kona hans den gongen, Suzanne Osten, fekk prisen for beste regi. I ettertid er Bröderna Mozart også kjent som filmen den svenske statsministeren Olof Palme såg på kino rett før den kvelden han blei skoten på open gate i Stockholm. Det er ein digresjon, men like fullt er det ei påminning om døden, som det jo handlar om i Så var det.
Kunstnaren og livet
I monologen snakkar den gamle mannen, ein kunstnar, om livet slik det har vore.
- Eg trur det er Platon som seier ein plass, at å vere, er å ha vore. Og det er vel eit mantra ein kan nytte på Fosses tekst. Han går omkring og minnest. Korleis livet har vore, og kva som har gjort at det har vore slik. Han går i rette med seg sjølv, og forsøker å forstå kvifor han har handla som han har gjort, og rettferdiggjere seg sjølv. Han spør seg om han har ofra for mykje for kunsten, seier den 87 år gamle skodespelaren.
Brøderna Mozart blei ein stor suksess. Det er ikkje kvar dag The New York Times anmelder ein svensk film, men det gjorde dei denne gongen. "Witty! Upraorous!" skreiv dei.
Og dette kan han nok kjenne seg igjen i. For Etienne har teateret og livet vore ei og same sak. Nett slik målekunsten har vore for den gamle kunstnaren i Fosses tekst. Og den gamle skodespelaren brenn framleis for teateret og kunsten, og kan ikkje legge det bak seg som eit lukka kapittel.
- Teateret er jo blant anna eit alternativ til det vi kallar livet. Det kan også vere eit tilfluktsrom. Der ein reddar seg vekk frå eit liv prega av brutalitet, rutinar og kjensla av å ikkje bli forstått – eit liv ein ikkje vil leve, seier han.
- På ein måte kan ein seie at livet er halvvegs liv. Men med teater! Når eg står på scenen. Da er det…
Skodespelaren tek seg ein pause og ser meg rett i auga.
- Ja, det er da eg lever. Fullt ut, på ein måte eg ikkje kan gjere når eg sit her og pratar no og må legge band på meg for å ikkje seie og gjere ting som fell meg inn. På scenen finst ikkje desse avgrensingane. Det er det som er sjølve livet!
Behov for bekrefting
Opphavleg kom den jødiske familien Glaser frå Tyskland, men måtte alt før krigens utbrot komme seg vekk frå det stadig meir nazifiserte landet. Vesle Etienne var seks år gammal da familien kom til Sverige. Han lærte seg språket med det same, og familien snakka berre svensk. Også heime. Men kan det hende at draginga han kjente mot teateret også var ein form for flukt?
- Det er klart at… byrjar han og ser litt ut i rommet medan han tenkjer. Slepper pusten ut med eit tenksamt sukk.
Etienne Glaser som barn med familien.
- Eg hadde alltid ei kjensle av utanforskap som barn. Eg og familien min var annleis. Vi var overlevarar etter krigen. Vi var kultiverte og musikalske, las masse bøker, måla og diskuterte kunst, seier Glaser.
Kameratane på skolen hadde det ikkje slik som Glaser-familien heime, og unge Etienne levde eit slags parallelt liv ute og heime. Og han skamma seg over at foreldra hadde aksent.
- Det har nok påverka meg som person å skilje meg ut. Samtidig er jo det ei kjensle eg deler med veldig mange andre – både kunstnarar og andre menneske. Alle kan jo kjenne på at andre har eit samhald ein ikkje er del av, seier han.
Han er usikker på kor mykje av denne utanfor-kjensla som har med at han er flyktning å gjere.
- Men det er klart at det har spelt inn, og at eg har søkt etter bekrefting frå andre. Og når eg har fått det, har det kanskje betydd ekstra mykje.
- Teateret er jo blant anna eit alternativ til det vi kallar livet.
Og bekrefting fekk han også frå vennene som kom for å sjå han framføre Så var det på ein liten scene i Stockholm.
- Fosse skriv så grenselaust fritt. Poetisk og eksakt. Som musikk! seier han med smittande entusiasme.
- Jag kan prata länge om den där monologen. Den är en otroligt otroligt fin teatertext.
Teksten, skodespelaren, rommet
Da han bestemte seg for å sette opp Så var det, tok han fatt på oppgåva litt som eit eventyr, og som ein Espen Oskeladd fekk han råd av tre hjelparar.
Den første var den norske regissøren Eirik Stubø.
- Eg sa til Stubø at: Dette er jo eit enkelt stykke. Eg treng berre ei seng, ein rullestol, nokre krykker og litt anna.
«Nei», sa Stubø. «Du treng ikkje noko av det der. Du treng berre teksten», sa han.
Det tok eg med meg, fortel Glaser.
Den neste han møtte var ein yngre skodespelar, Andreas T. Olsson.
- Han sa at eg burde falle ein gong i løpet av framsyninga.
Det tok eg også med meg.
Til slutt møtte han koreografen Mats Ek.
- Eg spelte monologen for han heime i stova, forklarar Glaser.
- «Legg deg under teppet», sa Mats til meg. «Du står på eit teppe, legg deg under det», sa han. Det tok eg også med meg.

Slik gjekk det altså føre seg da framsyninga blei til, og no består ho av Etienne Glaser og eit teppe i eit mørkt rom. I lag med Jon Fosses tekst.
- Det hender iblant at ein møter kunst som lykkast i å fange det som ikkje eigentleg går an å halde fast. Men som ein kjenner at reflekterer eins eige liv. Som kjem under huda på ein og gjer at ein tenkjer at: Dette er jo mitt liv! Mine kjensler, forklarar skodespelaren.
Slik var det for den aldrande skodespelaren å møte Jon Fosses tekst, og denne kjensla håpar han å kunne formidle vidare i møte med publikum på Scene 2.