I februar skal 27-åringen frå Ellingsrud ta over rolla etter Jonas Benyoub i suksessen Da vi var yngre – ei framsyning som har gått sin sigersgang frå Scene 2 til Hovudscenen, fekk strålande kritikkar, Heddapris og har spelt for proppfulle hus. Han har mykje tekst å lære utatil og store sko å fylle. Men livet ser lyst ut, for han får drive med det han likar.
Slik har det ikkje alltid vore.
Som syttenåring var Serhat sikker på å komme inn på A-laget til Strømmen, da draumen om å bli proff-fotballspelar plutseleg brast:
- Eg tenkte berre: Faen as. Eg har trent så hardt! Men veit du kva? Fakk fotball. Ditt datt. No skal eg ete chips og …
Han syntest framtida såg dyster ut. Da ringde plutseleg ein kompis, Sami Hassan («Eg passar alltid på å seie namnet hans, for han har eg alt å takke for!»). Han sa:
- Serhat! Bli med på audition! Du er jo lættis.
Heldigvis for unge Yildirim let han seg til slutt overtale. Og det var han som stakk av med rolla som Emrah i NRK P3-serien 17.
Det blei til slutt 4 sesongar, og i sesongen kalt 18 hadde han hovudrolla:
- Det kjentest like gøy som å spele fotball! Skodespel er jo også ein slags sport. Eg kan kjenne meg heilt fri, både på fotballbanen og som skodespelar.
- Skodespel er jo også ein slags sport. Eg kan kjenne meg heilt fri.
Noko han ikkje likte like godt, var å førebu seg til opptak. Han innrømmer at han brukte å vere litt meir av den late typen:
- Eg var 18 år, elektrikarlærling og hadde ikkje lese ei bok i heile mitt liv.
Bunken med manus til TV-serien blei skumma, men ikkje pugga. Det blei ikkje så godt teke imot. I byrjinga surra han med tekst og regissør Bendik Stalheim måtte ta fram den strenge stemma:
-«Serhat! Du skal kunne heile teksten når du kjem på jobb. Det går ut over alle andre når du ikkje er førebudd!», etterliknar han, men legg til at han skjønte at regissøren berre ville han godt.
Til slutt seig det inn over han at han både stal andre si tid og kunne gjere ein enda betre jobb dersom han arbeidde med stoffet på førehand. Han tok eit val om å endre seg.
Disiplin og hardt arbeid
I dag set skodespelaren disiplin og hardt arbeid høgt. Hettegenser og fades er bytt ut med ein litt vaksnare stil. Han kjem alltid 15 minutt før han skal til avtalar og alltid førebudd (han kom faktisk 30 minutt før denne intervjuavtalen, red. mrk.). Det vil komme godt med no når han skal ta over stafettpinnen i rolla som Ivor. Det er nesten 40 sider med tekst om å vekse opp som ungdom på Grønland, om kjærleik, raske pengar, dop og vennskap.
Kvar dag etter teaterprøvar på det andre stykket han er med i, går han heim og les tekst.
- Eg har ikkje sjølv vore del av eit slikt miljø, men eg har vore rundt det. Det er jo veldig mørkt.
- Eg er jo frå Oslo aust. Vi seier flus, sjofe, kæbe, mæbe… ikkje sant? Eg snakkar det språket her, det er heime. Men eg har alltid passa på at grammatikken er rett. Og det er ikkje alltid i teksten til Lovrenski. Det gjer det ekstra utfordrande å lære seg, seier Serhat, og sver på at han skal vere tekstfri den dagen overtakingsprøvane tek til. Han har laga ein plan for kor mykje han må lære seg kvar veke for at det skal gå.
- Det betyr mykje for meg å gjere det bra. Å gi framsyninga eit nytt liv, seier skodespelaren.
Han er oppteken av å få fram det autentiske i språk, veremåte, forstå korleis Ivor ser på verda og tenkjer. Tore å vere sår.
- Men eg må jo lage min versjon av Ivor, da. Jonas (Benyoub, red. mrk.) og eg er forskjellige personar, men vi er jo fødde og har vakse opp på Ellingsrudåsen begge to. Så vi deler mykje av dei same verdiane, språket og korleis vi har hatt det i barndommen.
Dei kjenner begge folk som kan minne om gutane i Da vi var yngre. Nokre gjekk det ikkje så bra med, nokre byrja med dop. Dei har ein felles kompis som blei drepen.
- Eg har ikkje sjølv vore del av eit slikt miljø, men eg har vore rundt det. Det er jo veldig mørkt.
I 2020 hadde Serhat ei av dei store rollene i filmen Alle utlendinger har lukka gardiner, basert på Maria Navarro Skarangers debutroman. Foto: SF Studios.
Verdiar og val
Han har tru på at det å sjå framsyninga kan vere ein vekkjar for ungdom der ute som kan minne om Ivor.
- Ivor har ikkje eitt problem. Han har mange: Han har det vanskeleg heime, han kjem borti eit hardt miljø, vennen hans døyr, mora hans mistar det totalt, forklarar Serhat.
- Men, seier han, og gjer ein meiningsfull pause medan han viftar med peikefingeren.
- Det handlar også om vala han tek. Livet består jo av val! Ivor får sansen for raske pengar, gatestatus og dop. Og han vel å gå den vegen.
- Ivor får sansen for raske pengar, gatestatus og dop. Og han vel å gå den vegen.
Å ha talent kan ta deg langt, men det er ikkje nok, har Serhat lært. Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret.
Dette med val er noko Serhat er personleg sterkt oppteken av. Han lever sjølv under mottoet: «Eg lever i dag og strevar for ein enda betre morgondag». Det krev at han gjer dei rette vala kvar dag.
- Og så må ein akseptere dei kjipe tinga som skjer. Men du kan alltid snu situasjonen! meiner han, og legg til at det er viktig med bra rettleiing for å lære seg å velje rett. Det manglar Ivor og kompisane hans. Det er ingen vaksne som ser dei og hjelper dei med å skilje rett frå gale.
Han håpar unge gutar og jenter som ikkje har nokon trygge vaksne dei lyttar til, kan sjå Serhat og dei andre på scenen og tenke:
- Det der kan jo vere meg. Men det er mykje kulare å vere han som spelar han som blir heroinmisbrukar enn å vere han.
Sjølv har Serhat valt å ta fagbrev som elektrikar før han gjekk tilbake til skodespelaryrket. Da har han noko trygt å falle tilbake på dersom det trengst. Men først er det hardt arbeid og disiplin som gjeld for å komme i mål til premieren på Da vi var yngre 21. februar.
Intervjuet er publisert 19. desember 2025.