Det første som møter deg når du sit i salen på Det Norske Teatret, er eit kunstverk på 200 m2. I 2025 var det 40 år sidan teateret fekk sitt heilt eige bygg i Kristian IVs gate, midt i Oslo sentrum. På opningsframsyninga 19. september 1985 fekk publikum oppleve sceneteppet for første gong. «Strekkomposisjon i broderi», eller ein dalande måke, som kunstnaren sjølv kalla det.
Jan Groth (1938-2022) var ein av dei fremste kunstnarane i Noreg, og verka hans blir stilt ut på dei største musea i verda. Han gjorde det til et livsprosjekt å dyrke streken, og var spesielt kjent for sine teikningar, og dei monumentale gobelina – vevde teppe – som han lagde saman med Benedikte Groth. Og det er linja, streken, i svart og kvitt, som i all hovudsak må seiast å vere signaturen.
Sceneteppet er sett saman av tolv panel brunsvart bomull. Streken er brodert med mercerisert bomullsgarn. Teppet er lyssett frå baksida. Foto: Ylva Catodotter Fyllingsnes.
- Den intensiteten eg kan oppnå i møtet mellom det intime og det monumentale, som til dømes i sceneteppet på Det Norske Teatret, er det eg vil, sa Groth sjølv.
- Det kan gjerne vere stort, og samstundes intenst. Men det må også ha ein intimitet, og den handlar om oss.
Sceneteppet skulle «vere eit uttrykk for vår tid. Det skulle slå an ein tone, utan å binde tanken,» var bestillinga Groth fekk frå arkitektfirmaet 4B, som hadde teikna det nye teateret.
Teppet er 9,5 meter i høgda og 22 meter i breidda, og på grunn av storleiken, var det ikkje mogleg å lage det i gobelin. Derfor er teppet i eit silduksmateriale i bomull farga i brunsvart. På dette er streken brodert med kvitt, mercerisert bomullsgarn inn i ei flate samansett av 12 panel som etterpå blei sydd saman. Dette arbeidet tok det seks kunsthandverkarar halvanna år å utføre.
Dei som utførte broderinga av sceneteppet var Irene Falck, Inga Gullhav, Ingunn Kleppan, Grethe Myrland, Lilleba Skau Kleven og Anne Ma Larsen. Arbeidet skjedde i eit atelier på Henie-Onstad Kunstsenter.
Sjølve samansyinga av teppet blei gjort i foajeen på teateret av seilmakar Fredrik Brodersen.
Groth var glad for oppgåva med å lage sceneteppet. Det var ei stor utfordring å få det til, ikkje berre på grunn av formatet, men også grunna dei arkitektonisk og spesifikke brukskrava som blei stilt. Sceneteppet er lyssett på baksida. Dette gjer at streken nesten blir sjølvlysande, svevande, som lausrive frå flata.
– Teateret hadde nok ønska seg noko i gull med frynser, meinte Groth, - og i byrjinga var dei forundra. Men no er dei nøgde.
Sjølv innrømte Jan Groth at når han var på framsyning på Det Norske Teatret, satt han gjerne og venta på teppefall.
- Å slå an ein tone,
utan å binde tanken.
Eit eige hus
Det Norske Teatret og vegen til Kristian IVs gate.
Les heile historia