Bakgrunnsartikkel

Eit eige hus

Historia om Det Norske Teatret og vegen til Kristian IVs gate.

Skrive av
Erlend Tårnesvik Dreiås
Erlend Tårnesvik Dreiås
Formidlingsdramaturg

Da Det Norske Teatret opna sitt eige hus i Kristian IVs gate i 1985, var det slutten på ein prosess som hadde vart sidan teateret blei stifta i 1913. Frå første tomt blei kjøpt til huset stod ferdig, gjekk det 69 år. I løpet av desse åra blei det arbeidd intenst for å gi det nynorske nasjonalteateret ein permanent heim.

Mens åra gjekk, hadde Det Norske Teatret fleire korte og lange opphald på ulike spelestader. Samstundes som teaterdrifta gjekk sin gang, blei det kjøpt tomter, jobba med finansiering og reguleringsplanar.

Dette er historia om Det Norske Teatret og vegen heim.

Den første framsyninga til Det Norske Teatret var i teateret i Vestre Strandgate i Kristiansand. Teateret blei rive i 1966. Foto: Stein Nygårds samling/Kilden Teater og konserthus.

1913: Starten

Vestre strandgate, Kristiansand

Opningsframsyninga for Det Norske Teatret var i Kristiansand. Teateret der stod ferdig i 1895, etter at byens første teater brann ned i 1892. 2. januar 1913 hadde Det Norske Teatret si alle første teaterframsyning her. I salen var det plass til 500 i publikum.

Det Norske Teatrets første offisielle replikk blir framført av skodespelar Lars Tvinde:

«Det er då sant som folk seier likevel, at Flåviki er venaste garden i heile bygdi».

Det er frå Ivar Aasens Ervingen, som saman med folkekomedien Rationelt Fjøsstell av Hulda Garborg stod på programmet opningskvelden.

Det Norske Teatret drog vidare på spelferd rundt i Noreg: Vennesla, Arendal, Grimstad, Farsund, Flekkefjord, Egersund. Time, Stavanger, Sandnes, Haugesund, Leirvik, Øystese, Lofthus, Odda, Ulvik, Utne, Voss. Volda, Ålesund, Molde, Kristiansund. Levanger, Inderøya, Steinkjer. Røros, Tynset, Lilleelvdalen, Elverum, Lillehammer.

1913-1940: Bøndernes hus

Rosenkrantz gate 8.

6. oktober 1913 fekk Det Norske Teatret Oslopremiere i teatersalen i Bondeungdomslagets Bøndernes Hus. Første framsyning var Jeppe på Berget av Ludvig Holberg. Framsyninga hadde hatt premiere på spelferd 16.02.1913 i Volda. I hovudstaden blei det demonstrasjonar mot det vesle nynorskteateret, med store slåstkampar i gatene rundt teateret i vekene etter Oslo-premieren.

Teateret spelte på Bøndernes hus i 28 år, med nokre kortare avbrot på Centralteatret. Det var ikkje framsyning fredag kveld, fordi Bondeungdomslaget da hadde lagsmøta sine i teatersalen. I 1939 fekk teateret pålegg om å utbetre bygget og fasilitetane av Statens Arbeidstilsyn. Det førte til at Det Norske Teatret flytta inn på St. Olavs Plass 1 i januar 1941.

25. november 1940 hadde teateret si siste framsyning her. Det var Ein sjømann kjem heim av Howard Clewes.

I 28 år spelte Det Norske Teatret i Bøndernes hus. I dag blir teatersalen mellom anna brukt til kulturscenen Nynorskens Hus. Foto: Ragnvald Væring/Oslo Museum.

Centralteatret blei etablert i 1897. I 1930-åra var Det Norske Teatret der i tre sesongar. Sidan 1971 har Centralteatret vore biscene for Oslo Nye Teater. Foto: Oslo Museum

1931-1934: Central­teatret

Akersgata 38.

I tre sesongar var Det Norske Teatret i lokala til Centralteatret i Akersgata. Leigeavtalen gjaldt i 7-8 månader, derfor blei det også spelt teater i teatersalen på Bøndernes hus desse åra.

Første framsyning på Centralteatret var Veslelorden av Olav Hoprekstad med premiere 1. september 1931. Siste framsyning på Centralteatret var Jeppe på Berget med premiere 27. april 1934. Framsyninga spelte vidare på Bøndenes hus hausten same år.

1941-1945: ­­St. Olavs Plass

St. Olavs plass 1

I krigsåra var Det Norske Teatret på St. Olavs Plass. Foto: Nasjonalbiblioteket

I 1939 blei bygget på St. Olavs Plass 1 reist. Det inneheldt 300 hyblar, forretningslokale og ein teatersal. I 1941 flytta Det Norske Teatret inn. Det var 500 sitjeplassar og 50 ståplassar. Her var det betre scenetilhøve, betre skodespelargarderobar og det var ein del lagerplass, noko det ikkje var på Bøndernes hus.

Første premiere var Jo Gjende av Tore Ørjasæter med premiere 14. januar 1941. Siste premiere i første omgang var ei festframsyning 16. juni 1945.

I seinare tid leigde Det Norske Teatret lokalet til det som da var ABC-teatret, til prosjektet Bikuben i 1967-1969. Ideen var å organisere denne biscenen som ein eigen klubb med appell til ungdom, etter modell frå Club 7, med eige styre. Formålet var mellom anna å fremme ny norsk dramatikk, og i kjellaren blei det arrangert debattar, føredrag, opplesingar og jazzkveldar. Da Det Norske Teatret tok over Rosenkrantz gate 11 i 1970, og starta Scene 2 der, fekk Bikuben leige kjellerlokalet der. I 1981 skilde Bikuben lag med Det Norske Teatret og Bikuben Musikkteater blei drive som fri profesjonell teatergruppe frå 1981-1989.

I 1982 spelte Det Norske Teatret musikalen Det er jo mitt show! på St. Olavs plass.

Lars Tvinde, Edvard Drabløs, Henny Skjønberg og Eugen Skjønberg (?) fotografert framfor Stortingsgata 16 i høve teaterets 50-årsjubileum i 1962. Foto: Åsgeir Valldal/Norsk Folkemuseum

1945-1985: Casino Teater

Stortingsgata 16

Det Norske Teatret overtok lokalet i Stortingsgata 16 etter krigen. Teateret var opphaveleg Opera Comique (1918-1921), Casino Teater (1921-1928) og så Casino Kino (1928-1941). Under den andre verdskrigen overtok den tyske okkupasjonsmakta bygget. Deutsches Theater var ein del av ei omfattande satsing på musikk, teater og andre kunstformer i det okkuperte Noreg. Men i hovudsak var det ein scene for tyskarar stasjonert i Noreg.

Rikskommissær Josef Terboven førte bygget tilbake til teater, etter teikningar av den tyske arkitekten Hermann Bartels. Scenen blei utvida i djupna og det blei installert ein dreiescene, rundhorisont og moderne lysverk. Salen blei dekorert i sein nyklassisisme, ein stil som var karakteristisk for nazismen. I tillegg kom det ein losje for Terboven og hans adjutantar og gjestar. I salen var det plass til ca. 670 publikummarar. I august 1944 blei det tyske ensemblet sendt heim til Tyskland for å bidra til «den totale krig». Ein del konsertar blei likevel arrangert her frem til frigjeringa våren 1945.

Hausten 1945 hadde Det Norske Teatret sin første premiere i Stortingsgata 16. Det var Antigone av Sofokles, med premiere 6. september 1945. Dei 40 neste åra skulle teateret bu her. Siste premiere var Jaques og herren hans av Milan Kundera med premiere 16. mars 1985. Så var det berre å pakke saman og flytte inn til siste stoppestad i det nye bygget i Kristian IVs gate.

1970-1985: Scene 2/ Bikuben

Rosenkrantz gate 11

Det Norske Teatret kjøpte tomta i Rosenkrantz gate 11 i 1968. I 1970 flytta teateret frå kjellaren på ABC-teatret og inn på det som blei Scene 2, og ei vidareføring av Bikuben. Her hadde teateret biscene i 15 år, parallelt med at ein spelte på Hovudscenen i Stortingsgata. Teateret hadde 105 plassar i salen.

Første premiere i Rosentrantz gate 11 var Herr Mockinpott av Peter Weiss, med premiere 26. november 1970. Siste premiere var Natta, mor av Marsha Norman, 21. mars 1985.

Foto av inngangspartiet til Scene 2 i Rosenkrantz gate 11. Foto: Det Norske Teatret

Foto: Kim Hart/Oslo Museum

1978-1980: Saga Kino

Stortingsgata 28

I åra 1978-1980 leigde Det Norske Teatret den store salen på Saga Kino for å spele barneteater, samtidig som det blei spelt på Hovudscenen i Stortingsgata, og på Scene 2 i Rosenkrantz gate 11.

Tre produksjonar blei spelt i den store salen på Saga kino, med nesten 90 000 besøkande. Teateret leigde bygget av Oslo Kinematografar, som også var husvert for Stortingsgata 16. I 1980 gjekk kontrakten ut og blei ikkje fornya. Saga Kino blei ombygd frå å vere ein stor sal, til fleire mindre salar. Oslo Kinematografar sa også opp leigeavtalen for Stortingsgata. Truleg blei det gjort for å hjelpe teateret til å få byggeløyve.

1985- Eit eige hus

Kristian IVs gate

Sånn ser fasaden til Det Norske Teatret ut i dag.

I 1985 kunne Det Norske Teatret endeleg flytte inn i eige bygg. Huset blei høgtideleg opna 6. mai av kong Olav. Opningsframsyninga var Romeo og Julie 19. september. Det var 72 år etter at teaterstyret sette ned eit arbeidsutval til å førebu byggjesaka, og 69 år etter at første tomt blei kjøpt.

Samstundes som teaterdrifta hadde gått sin gang alle desse åra, blei det jobba iherdig med tomtekjøp, finansiering, reguleringsplanar, og fleire ulike alternativ blei vurdert. Mellom anna var det konkrete planar om samlokasjon og bygging av teateret saman med Det Nye Teater (Oslo Nye Teaters hovudscene) i Rosenkrantz gate i 1928, og med Kunstnernes hus ved Slottsparken i 1930. Det var også ein ide om tett samarbeid med Folketeateret på Youngstorget, da det blei bygd på 1950-talet.

  • 14. juli 1916 blei Rosenkrantz gate 9 og 9B og Kristian IVs gate 4 kjøpt. Same år blei dei første planane for nytt teater lagt fram.
  • I 1919 kjøpte teateret Nygårdsgata 10 i Bergen.
  • I 1924 kjøpte styret Torggata 9, og det som var Fahlstrøms teater, som no er kjent som Eldorado Kino (bokhandel). Tomta blei seld til Oslo kommune i 1928.
  • I 1929 fekk teateret tilbod om ei tomt av det såkalla tivoliområdet. Det blei ikkje noko av.
  • I 1930 kjøpte teateret Kristian IVs gate 6 og 8b, (Blunck-tomtene) mot Kristian IVs gate.
  • I 1957 blei planane for kvartalet godkjent.
  • I 1968 kjøpte teateret Rosenkrantz gate 11 (Der Scene 2 blei oppretta). Tomta blei seld i 1985.
  • I 1975 blei Kristian IVs gate 8-10 kjøpt (Eventyrgården)
  • I 1976 blei endeleg reguleringsplan stadfesta.
  • I 1981 blei første spadetak tatt. Arkitekt var 4B Arkitekter.
  • I 1985 flytta Det Norske Teatret inn i eige hus.
Foto: Reidar Fure

I dag er Det Norske Teatret Noregs største teaterbygg med eit bruttovolum på 150 000 m³. Det har tre scenar, ein foajéscene, verkstadar, prøvesalar, restaurant og fleire barar. Bygget er plassert i ein trong kvartalsstruktur i sentrumskjernen av hovudstaden og er eit symbol på korleis nynorsken har kila seg inn i bokmålsbastionen Oslo. Teateret er teikna av 4B Arkitekter og er eit markant postmoderne bygg frå 1980-åra som i tillegg har ei sterk forankring i den modernistiske arkitekturen.

Foto: Monica Tormassy

Bygget fekk Oslo Bys kunstnarpris i 1986. Bygningen er av armert betong, og fekk same år æresprisen «Betongtavlen» for bruken av betong på ein miljøvennleg, estetisk og teknisk utmerkt måte. Fasaden er forblenda med raud tegl og taket er flatt. Scenetårnet er kledd i kopar, og med sine 35 meter er det svært synleg i taklandskapet i Oslo sentrum, spesielt frå sørvest. Fasaden er om lag 80 meter lang, inngangspartiet mot Sehesteds plass er konvekst utforma med fire søyler og store vindauge mot publikumsområdet.

Bygget står oppført på Gul liste som eit godt bevart føremålsbygg med høg samfunns- og kulturhistorisk verdi, i tillegg til høg symbolverdi som hovudarena for det nynorske språket i Noreg. I grunngjevinga frå Byantikvaren i Oslo står det vidare at teaterbygningen har høg arkitektonisk verdi som eit av Oslos viktigaste postmodernistiske bygg, med store arkitektoniske kvalitetar.

I 2025 var bygget 40 år, og siste framsyning er ikkje spelt.

Kjelder i saka

Trass alt, Det Norske Teatret (100 år) 1913-2013, Alfred Fidjestøl
Det Norske Teatret 75 år 1963-1988, redaktør Leif Mæhle
Det Norske Teatret 50 år, 1913-1963, redaktør Nils Sletbak
Det Norske Teatret 25 år 1913-1938, redaktør Oskar Braaten
Oslo By Leksikon: https://oslobyleksikon.no
Nasjonalbiblioteket: https://www.nb.no/
Digitalt Museum: https://digitaltmuseum.no/