Bakgrunnsartikkel

Sårt og humoristisk om menn som ikkje taklar livet

Mange menn slit. Gutar gjer det dårlegare enn jenter på skolen. Dobbelt så mange middelaldrande menn som kvinner, er single. Menn slit med å snakke om kjensler, og å takle når livet buttar imot. Magnus i Captain Amazing finn imidlertid ei løysing: Han blir til ein superhelt.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonskonsulent

- Det handlar om utanforskap, om å ikkje henge med i karrierelivet og kjærleikslivet... I det heile om det å ta ansvar for livet sitt. Og det klarar ikkje Magnus som Magnus, han må bli Captain Amazing. Da kan han takle alt, trur han, seier skodespelar Niklas Gundersen, som for første gong skal stå mutters aleine på scenen. I den kvikke monologen Captain Amazing - eller kunsten å fly skal han spele rundt 15 ulike karakterar - mellom andre dottera, eksen, Batman, sjefen, Supermann. Og ein pappa, som gjer sitt ytste for å vere superhelt både for barnet han elskar og i livet generelt.

Komedie med alvor

Når dottera blir sjuk, skapar Magnus eit fiksjonsunivers medan han sit på sengekanten til dottera. Han slåst med slemmemannen, kranglar med Batman (han har jo ingen superkrefter!) og flyg i lag med Supermann. I desse forteljingane er Magnus helten, og er i tillegg både kul og tøff. Og gradvis glir fiksjonen over i det verkelege livet. Men sjefen blir overhovudet ikkje imponert når han troppar opp på jobb som vakt i superheltkappa. Og ingen av damene dånar, når han ber om at dansegolvet ute på byen skal ryddast før han - iført kappe - utfører sin eigen superheltdans.
- Det klikkar kanskje litt for han, etterkvart, ja, medgir Gundersen, som har blitt svært glad i superpappaen.

Men er det slik at menn må vere superheltar for å takle livet?
Skodespelaren tenkjer seg godt om.
- Stykket fortel vel at menn kan kjenne seg litt utilstrekkelege, ja. Mange har ikkje gjort det så bra på skolen, har vanskeleg for å knyte seg til andre, er ikkje så sjølvsikre. Dei klarer ikkje vere desse alfahannane som tek for seg av både kvinner og jobbar, og kjenner seg som taparar, rett og slett, tenkjer Gundersen.

Skodespelar Niklas Gundersen sjonglerer mange roller. Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret.

Med superheltkappa, er Magnus uovervinneleg, trur han. Foto: Dag Jenssen.

Farsott frå Storbritannia

Dramatikar Alistair McDowalls kjappe monologtekst starta som eit einmanns-standupshow og enda opp som ein teatermonolog. I 2013 hadde framsyninga premiere på den anerkjende Edinburgh Fringe-festivalen, og gjekk deretter sin sigersgang frå teater til teater i Storbritannia. Den underfundige blandinga av humor og tragedie, attkjenneleg kvardag, observasjonane av det store i det vesle i livet, og sorga over at livet tek tragiske vendingar trefte publikum rett i hjartet.
- Captain Amazing fortel ei sår, men svært underhaldande, historie om ein mann som prøver å fly, eller takle livet, rett og slett. Og for å få til det, krevst ikkje berre glade tankar. Det er ein jobb, forklarar skodespelaren.