Kva skal ein gjere når ein er blitt singel deltidspappa, og har ei sjuk dotter? Jo, da er det berre å brette opp erma og ta på seg superheltdrakta.

Nett det er det skodespelar Niklas Gundersen gjer i denne kvikke, elleville monologen der han spelar mellom andre dottera, eksen, Batman, sjefen, Supermann og ein pappa som gjer sitt ytste for å vere superhelt både for barnet han elskar og i livet generelt.

For aleinefaren Magnus strevar med å få dottera si til å smile. Og skal han vere ærleg så skjønar han henne godt. Han ser heller ingen grunn til å smile så mykje for tida, nysingel som han er, og med ei dotter som er diagnostisert med ein alvorleg sjukdom. Men når livet er på sitt mørkaste, finn han krefter i ei kappe. Og vips oppstår Captain Amazing. Og alt det som nett var så tungt å bere, blir plutseleg til småting. For verda treng ein superhelt. Verda treng Captain Amazing. Og Captain Amazing har komme for å bli.

Byrja som standup

Alistair McDowalls kjappe monologtekst starta som eit einmanns-standupshow og enda opp som ein teatermonolog. I 2013 hadde framsyninga premiere på den anerkjende Edinbourgh Fringe-festivalen, og gjekk deretter sin sigersgang frå teater til teater i Storbritannia. Den underfundige blandinga av humor og tragedie, attkjenneleg kvardag, observasjonane av det store i det vesle i livet, og sorga over at livet tek tragiske vendingar trefte publikum rett i hjartet.

Finn ut meir