Regissør Aksel Hennie er frå før mest kjend som teater- og filmskodespelar, og har spesielt gjort inntrykk med rollene sine i filmane Uno, Jonny Vang, Buddy, Max Manus og Hodejegerne. Hennie er også frå austkanten, frå Lambertseter i Oslo. I ungdommen var han del av eit ungdomsmiljø som har parallellar til det Ivor bevegar seg i.
På scenen står rapparen Jonas Benyoub (f. 1994) frå Ellingsrud i aust-Oslo. Han blei først lagt merke til da han som 16-åring var med i talentprogrammet X-factor. I 2017 blei han for alvor kjent som rappar, da låta hans blei brukt i NRK-serien Skam. I 2022 kom debutalbumet ZeroLove Deluxe. Same året blei han kåra til Årets stjerneskudd under By:Larm, Årets gjennombrudd under P3 Gull og vann Spelemannsprisen i kategorien Hiphop. Det er første gongen Benyoub står på teaterscenen.
Foto Aksel Hennie: Hallgeir Vågenes, VG/NTB
Foto Jonas Benyoub: Terje Bendiksby/NTB
Artikkelen er publisert 5. november 2024.