Bakgrunnsartikkel

Publikum og pandemien

Kva er teateret si rolle når ein ikkje lenger kan ha publikum i salen? Når møteplassen plutseleg blir vurdert som farleg? Dette er ei forteljing om Det Norske Teatret og publikum i 2020.

Skrive av
Erlend Tårnesvik Dreiås
Erlend Tårnesvik Dreiås
Formidlingsansvarleg

Del 1: Stenginga av teateret

Tysdag den 10. mars 2020 sender Det Norske Teatret ut melding til publikum om endring i repertoaret. Framsyningane denne dagen, samt dagen etter, blir avlyste grunna korona-situasjonen. Teateret beklagar til alle som får endring i planen, men vonar det er stor forståing for avgjerda. På Facebook skriv teateret:

«Det Norske Teatret skulle gjerne ha spelt teater, men som offentleg samlingsplass vil vi sjølvsagt vere med på å ta ansvar for at situasjonen blir så kortvarig som mogleg.»

Laurdagen før var det premiere på Slåttekar i himmelen. Teateret sende ut informasjon til publikum om premiereetikette i koronaens tid: Korleis vaske hender. Hoste i olbogen. Ikkje klemme, men vifte med hendene for å vise entusiasme. I salen sat det nær 700 publikummarar. Ingen visste at det var siste gongen i 2020 at så mange var samla i salen i Kristian IVs gate.

Siste premiere før teateret stenger

Infoplakat i foajeen: Premiereetikette i koronaens tid
Infoplakat i foajeen: Premiereetikette i koronaens tid
Premieresamtale med Edvard Hoem. Midtgolvet var fullt av folk
Premieresamtale med Edvard Hoem. Midtgolvet var fullt av folk
Nær 700 i publikum på premieren på Slåttekar i himmelen laurdag 7. mars
Nær 700 i publikum på premieren på Slåttekar i himmelen laurdag 7. mars

Eit teater for folket

Teater er det fysiske møtet mellom scene og sal. Ein samlingsplass. Det Norske Teatret har eksistert gjennom to verdskrigar, okkupasjon, sensur, pandemiar, nedgangstid og unntakstilstand. Inspirert av Freie Volksbühne i Tyskland, er det eit teater av og for folket. Stifta som eit lutlag for dei som trudde på målsaka og teateret, og framleis gjer det.

Onsdag 11. mars 2020 sender teateret ut melding om at alle framsyningar og arrangement dei neste to vekene er avlyste.

Torsdag 12. mars 2020 sender Det Norske Teatret ut melding om at verksemda i Kristian IVs gate og på Rommen scene er stengd ned til etter påske. Teateret skriv på Facebook:

«Vi kjem sterkt tilbake når dugnaden er over!»

Teateret er ein stad for å bli utfordra, bevega, provosert, inspirert og underhalden. Ein fleire tusen år gammal arena for ytringsfridom og fiksjon, meiningsutveksling og verkelegheitsflukt. I 108 år har Det Norske Teatret vore nettopp det. Ein stad der du kan sjå deg sjølv i historiene som utspeler seg på scenen. Ein stad for opplevingar som forhåpentlegvis sit i kroppen og hovudet og hjartet i lang tid etterpå. Ein stad som mister funksjonen sin utan tilskodaren.

Det Norske Teatret er ein møteplass. Dei seinare åra har rundt 250 000 menneske funne vegen til teateret årleg. For publikum er teateropplevinga meir enn sjølve framsyninga. Det er også middagen du et med venner før du går inn i salen. Det er Innsikt-arrangementet du deltek på før framsyninga tek til. Det er samtalen over vinglaset i pausen. Det er programbladet du les på senga, etter at du har komme heim.

Rundt ein kulturinstitusjon som Det Norske Teatret er det eit stort omland. Kulturen inngår i eit økosystem, med kafear, barar og restaurantar som i store delar av 2020 har vore mørklagde. Kva som opnar igjen når publikum kjem tilbake, er det ingen som veit.

Kva er så teateret si rolle når ein ikkje lenger kan ha publikum i salen? Når møteplassen plutseleg blir vurdert som farleg?

Del 2: Teateret opnar igjen

Torsdag 7. mai blir det lov med 50 publikummarar i salen. Da har teateret vore heilt stengt for publikum i to månader. Meldinga kom frå Kulturdepartementet ei veke tidlegare, 30. april. Allereie dagen etter, fredag 1. mai, går teateret ut og inviterer til framsyning påfølgande veke. For teatersjef Erik Ulfsby var det viktig at teateret opna igjen med ei barneframsyning. Barna hadde vore utan venner, barnehage og skole i lang tid. På få dagar blir det gjort klart for urpremiere på Jakob og Neikob og Alle Andre, som eigentleg skulle hatt premiere 12. mars. For eit teater som har barn og unge som eit viktig satsingsområde, var det sjølvsagt at det var dei yngste som skulle få komme først tilbake.

På Scene 3, som normalt tek 120 i publikum, er det 38 publikummarar til stades på premieren denne torsdagen i mai. Teateret har brukt dei åtte stengde vekene på å planlegge for nettopp dette. Både foajeen og salen er tilpassa eit nøye uttenkt smittevernregime. Publikum skal vere trygge når dei kjem tilbake til Det Norske Teatret.

For teatersjef Erik Ulfsby var det viktig at teateret opna igjen med ei barneframsyning.

I omtalen av Jakob og Neikob og Alle Andre skriv Aftenposten at det var teater med godt smittevern:

«Koronasituasjonen kan bety økonomisk fallitt for teatrene, men torsdagens premiere viser at den også kommer med en kunstnerisk bonus. Teatret ble til en intim, kollektiv arena. En opplevelse jeg unner alle skjermslitne barn.»

NRK si melding av framsyninga peiker på kva smitteverntiltaka gjer med opplevinga:

«Å sitte med minst en meters avstand i teatersalen var en ny opplevelse. Små, adskilte klynger i publikum åpnet opp for en helt spesiell intimitet. (...) Det skapte et helt spesielt refleksjonsrom den lille timen stykket varte. Dermed ble smittevernteater en intim og kanskje til og med rikere opplevelse enn om salen hadde vært full.»

Jakob og Neikob og Alle Andre skulle eigentleg ha premiere 12. mars. Første moglege møte med publikum blei 7. mai.

Å vere digitalt

Samstundes som teateret så smått får begynne å ha publikum i salen igjen, har det pågått eit parallelt prosjekt. Når teateret ikkje får drive med kjerneverksemda, så må vi finne nye måtar å vere i kontakt med publikum. Kvar veke frå mars, og gjennom heile våren, deler teateret digitalt innhald frå arkivet. Kvar fredag kan publikum sjå innhald frå repertoaret dei seinare åra, heilt gratis. Framsyningar som Solaris korrigert, Utafor, Abrahams barn, Peer Gynt, Kalvø og Musikalar i 100 blir delte på Facebook. Nyinnspelt høyrespel, basert på sceneversjonen av Haugtussa. Ein nylaga musikkvideo av «Eg saknar fjella» frå framsyninga Next to Normal, som ei kjærleikserklæring frå Det Norske Teatret til publikum.

Direktestrøyming

På same tid arbeider teateret med anbodsprosessar for å kunne strøyme teaterframsyningar direkte til publikum. Ideen er at publikum kan sitte heime i eiga stove og oppleve framsyninga idet ho utspeler seg på scenen i Kristian IVs gate. Humoristisk kalla «garantert smittefritt teater».

Direktestrøyming av teater er både ein risiko og ei stor investering. Teateret må bygge om nettsida si, legge inn nye funksjonar og kople dei opp mot billettsystemet. I tillegg må teateret finne eit produksjonsteam som vil ta på seg jobben med å filme og direkteklippe framsyningane. Og finst det eit publikum som er villige til å betale for teater på skjerm?

Dette er nybrotsarbeid for Det Norske Teatret. Det er ikkje teater når ein ser det på ein skjerm. Men direkteaspektet tek det fleire steg nærare det den digitale teateropplevinga bør vere. Og for eit teater som har som oppdrag å spele for folk i bygd og by, er dette ei stor moglegheit i det ein forstår blir ein krevjande haust med store avgrensingar i publikumstalet.

Det har blitt sommar når anbodsprosessane er ferdige. No er det bestemt at haustens storsatsing, musikalen Bienes historie, skal strøymast direkte til heile Norden.

Premiere på Bienes historie

Musikalen Bienes historie er eit ambisiøst samarbeid mellom teateret og Najonalballetten.
Musikalen Bienes historie er eit ambisiøst samarbeid mellom teateret og Najonalballetten.
Eit avgrensa tal publikummarar er tilstades på premieresamtalen.
Eit avgrensa tal publikummarar er tilstades på premieresamtalen.
Maja Lunde i samtale med Annette Orre går direkte ut til publikum i heile landet.
Maja Lunde i samtale med Annette Orre går direkte ut til publikum i heile landet.

Fredag 11. september er det premiere på Bienes historie. Midt under ein verdsomspennande pandemi kan Det Norske Teatret invitere publikum til den mest opne og inkluderande urpremieren i norsk teaterhistorie.

200 publikummarar er no lov i salen på Hovudscenen. I tillegg er om lag 1200 publikummarar direkte med frå heile landet.

«Ta på deg finskjorta, i kveld skal du på urpremiere frå sofaen!»

I løpet av hausten 2020 er det totalt fem direktestrøymingar av Bienes historie. Som eit tilbod spesielt med tanke på skolar og Den kulturelle skolesekken, har teateret to direktestrøymingar av Henrik Ibsens Villanda. I tillegg blir julekonserten Pakka inn i raudt laga som eit eksklusivt digitalt tilbod. Om lag 10 000 publikummar ser desse framsyningane frå eigen heim, frå bibliotek, litteraturhus, skolar og eldresenter i heile landet.

Del 3: Teateret stenger igjen

Utover hausten er det ein kontinuerleg diskusjon om kor ope samfunnet skal vere. Ulike interesser blir sette opp mot kvarandre: Behovet for å hindre smitte, redde kulturliv, næringsliv og arbeidsplassar, og utfordringa med ei stadig meir tiltakstrøytt befolkning. Noreg har fått eit heilt nytt vokabular: Villsmitte, kohort, sprite, meteren, «flate ut kurva», «slå ned viruset», mutasjon, koronafast, importsmitte, hytteforbod, Teams-møte, smittesporing, sosial mobilitet. Språkrådet kårar «koronaen» til årets nyord.

Den siste dagen i september seier byrådet i Oslo nei til regjeringas krav om å stramme inn for kulturnæringa. Frå 12. oktober skulle det framleis vere lov med opp til 200 i salar som tillèt dette, var meldinga frå Oslo Kommune.

Men med auka smitte utover i oktober og november, blei kravet om å få ned den sosiale mobiliteten i befolkninga utslagsgivande for å stenge teatera i hovudstaden.

Tysdag 10. november blir alle innandørs arrangement igjen ulovlege i Oslo. Teateret blir stengt og blir verande stengt resten av året.

Det Norske Teatret og publikum

Det blir sagt at det er når du mister noko, at du verkeleg forstår kva det betyr. For teateret er det publikum. Og det er ikkje berre snakk om eit filosofisk spørsmål: Om eit tre fell i skogen, og ingen høyrer det, lagar det da lyd? Det er heller ikkje berre eit spørsmål om økonomi og bortfall av eigeninntekter. For teateret er det snakk om eit vere eller ikkje vere. Teater kan berre oppstå i møtet mellom dei på scenen og dei i salen. Utan at det sit nokon der, så er det ikkje teater. Det har Det Norske Teatret – og mange andre scenekunstinstitusjonar i verda – fått erfare gjennom 2020.

Trass at 2020 har vore eit år med markant mindre publikumsaktivitet enn normalt, har kjennskapen til og kunnskapen om publikum aldri vore større for Det Norske Teatret. I løpet av året er Det Norske Teatret med i tre større publikumsundersøkingar og -utviklingsprosjekt.

For eit teater som har som oppgåve å nå eit stort og mangfaldig publikum, betyr kunnskapen desse undersøkingane gir oss mykje. Dei har vore viktige i manøvreringa i aktivitet og kommunikasjon i annleisåret 2020. Men enda viktigare har dei gitt oss verdifull forståing for korleis publikum opplever tryggleiken når vi igjen kan opne i 2021.

Og det er det vi no arbeider for: Den dagen vi igjen kan opne for publikum. Den dagen det å gå på teater ikkje er assosiert med noko farleg, utilrådeleg. Ete middag i Restaurant Løve. Høyre lyden av fleire hundre menneske som gler seg til ein kveld ute. Espressomaskina som durar, lyden av klirrande vinglas. Summinga i salen rett før lyset går ned. Orkesteret som stemmer instrumenta. Forventninga idet sceneteppet går opp og framsyninga startar. Frustrasjonen over dama på tredje rad som har gløymt å skru av mobiltelefonen. Eller den irriterande hostinga frå mannen på åttande rad. Ikkje fordi du er redd det er ein smittsam sjukdom han har, men fordi han forstyrrar opplevinga for alle oss som ei gitt tid er samla for å oppleve det same. Ei kort tid stenge verda ute, og berre vere til stades her og no.

Ein veit ofte ikkje kva ein har, før ein mister det. Men kanskje er vi desto meir glade for det, når vi får det tilbake. Og vi er visse på at vi får det tilbake. Teateret er ein fleire tusen år gammal arena for ytringsfridom og fiksjon, meiningsutveksling og verkelegheitsflukt.

Og det vil den vere i fleire tusen år til.

Teatersjef Erik Ulfsby og historieskrivar Alfred Fidjestøl i samtale om annleisåret 2020.