Bakgrunnsartikkel

Digital omstilling

12. mars 2020 gjekk det ut e-post til alle tilsette ved Det Norske Teatret, til liks med veldig mange andre arbeidstakarar i landet.

Skrive av
Kommunikasjonsavdelinga

Utan å vere klar over det, var Det Norske Teatret rusta for pandemi.

Intern kommunikasjon og samhandling

Det Norske Teatret var allereie i gang med å konvertere det meste av samhandlinga om prosjekt og fildeling til kommunikasjonsplattforma Teams. For mange bedrifter var kanskje ikkje dette så rart, men teater er ei svært allsidig verksemd, der svært mange tilsette ikkje arbeider på kontor og har eiga datamaskin. Likevel hadde alle administrativt tilsette fått opplæring og var brukarar på Teams alt i 2019, kommunikasjonsavdelinga allereie frå 2018.

I byrjinga av mars 2020 fekk dei siste tilsette ved verkstadene og vedlikehaldsavdelingane våre opplæring, så da huset stengde, var det berre skodespelarane og laust tilknytte kunstnarar som ikkje var aktive brukarar.

Mobilfoto av Teamsmøte mellom teatersjef og skodespelarar. At det er høfleg å ha på kamera var framand for mange i mars 2020.

Dette gjorde at teateret allereie frå dag ein i "lock down" 2020 var operativ og samhandla relativt uanstrengt både internt og eksternt, trass i at alle sat i kvar sin heim. Det tok heller ikkje meir enn eit par veker før det blei arrangert møte mellom alle skodespelarane og teatersjefen.

Denne digitale heilomvendinga av ein ganske analog arbeidsplass gjekk sjølvsagt mykje raskare da heile arbeidsstokken frå den eine dagen til den andre var plent nøydde om å gå digitalt.

Utover våren gjekk kunstnarlege planleggingsmøte også digitalt. Her har ein tydeleg sett at digitale plattformer gir eit verdifullt supplement til reiser. Oppfølging av verkstadene frå ein kostymedesignar frå Tyskland kan for eksempel bli mykje betre når ein i tillegg lett kan snakke i lag gjennom levande bilde.

Digitalt teatertilbod

Korleis halde publikum varme, når dei ikkje kan komme til oss?
Dette spørsmålet stilte alle kunstinstitusjonar seg når landet stengde.
Samtidig var det eit offentleg forventningspress om å omstille seg og kjapt komme på banen med digitale tilbod.
Her vende Det Norske Teatret seg raskt rundt, og hadde også ein liten porsjon flaks.

- I underlege tider som desse, er det meir bruk for kunsten enn nokon gong.
Teatersjef Erik Ulfsby, mars 2020.

Digitalt teatertilbod - teaterframsyningar på nett

Å legge teaterframsyningar ut på nett kan kanskje høyrast ut som ei enkel sak, men det er fleire faktorar som gjer dette til ei utfordring. For det første må det eksistere eit godt opptak. Per i dag er det dei færraste framsyningane våre som faktisk blir filma. Det krev både tid og pengar å tilpasse ei framsyning til kameraproduksjon. I tillegg er det ein heil del rettar involverte - til dei som har skrive stykket, laga musikken, scenografien og lyset - og til dei som står på scenen, blant andre. Det var eit fåtal av framsyningane våre som i det heile eksisterte i eit godt nok opptak. Samtidig var det ei tid med stor økonomisk uvisse.

Solaris korrigert med Ane Dahl Torp. Foto: Erik Berg.

Men med ein god porsjon flaks, så hadde laget bak Solaris korrigert (2017) sjølv sørga for å filme framsyninga. Og alle involverte syntest det var heilt i orden at teateret fekk vise denne framsyninga. Derfor kunne Det Norske Teatret stolte, allereie 8 dagar etter at vi blei stengde, gi publikum ei heilaftans teaterframsyning - ein slags skrekkvisjon for framtida, noko vi alle kjende gav gjenklang i den krisa vi alle stod i. Nyheita skapte stort engasjement i sosiale medium, og dette var også gjeldande for alt "digitalt innhald" vi la ut denne våren. Solaris korrigert blei vist på Facebook og på nettsidene våre, og blei sett av over 400, noko som er nesten full sal på Hovudscenen for slike teaterframsyningar.

Teatersjefen var tydeleg på at dette ikkje var vanleg teater. Dette var eit opptak, redigert og miksa klart for skjerm. Vi nytta derfor tittelen "Digitalt teatertilbod", og utover våren klarte vi å legge ut eit nytt teateropptak kvar fredag, med god hjelp frå NRK og Applaus Scene. Med unntak av to fredagar. Ein fredag direktestrøymde vi i staden ein "digital" Bikubekveld med skodespelar Mimmi Tamba, rett frå hennar stove. Ein annan fredag la vi ut ein høyrespelversjon av Haugtussa som var spesiallaga (og heimelaga) under pandemien.

Mimmi Tamba sin direktesende konsert frå stove til stove til rundt 1350 lyttarar på Facebook.

Digitalt teatertilbod - små snuttar

Teateret hadde eit stort behov for å fortelje publikum at vi sakna dei, at vi var lei oss for ikkje å kunne treffe dei. I mars 2020 herska det også ei nasjonal og global einskapskjensle: Vi var einsame saman, og sakna alle våre vanlege - men forskjellige liv. Det første vi gjorde var derfor å starte planlegginga av ein film der heile teateret skulle bidra.

Dette resulterte i Medan vi ventar der Heidi Gjermundsen Broch syng Eg saknar fjella frå suksess-musikalen Next to Normal i 2010. I videoen er tilsette frå heile huset med i ulike heimlege, private og jobbrelaterte situasjonar i ei underleg tid.

Men som eit offentleg teater kunne vi ikkje møtast. Å finne alternative samarbeidsformer utandørs og heile tida halde 1 meter avstand var vanskeleg i praksis. Samtidig hadde vi ein heil arbeidsplass som var sprekkeferdig av verketrong. Også her kunne det digitale hjelpe oss. Ein kanal for å melde inn idear blei opna. Og som resultat av kuratering frå dramaturgiatet og innspel frå skodespelarane blei det produsert fleire "snuttar" som blei delte på nettsidene og Facebook utover våren, som kunstnarleg niste i ei tung tid.

Direktestrøymingar

Parallellt med digitale teatertilbod jobba leiinga ved Det Norske Teatret iherdig med å få på plass ei plattform for direktestrøyming av teater. Dei hadde lese teikna i tida godt, og innsåg at den lette opninga for å spele for nokre få publikummarar i salen våren 2020 kanskje kunne vere midlertidig. Å direktestrøyme teater er noko mange teater har snakka om i årevis, men både teknisk og økonomisk er dette avansert.

Det Norske Teatret hadde opna ei 6. scene – Det digitale scenerommet.

Direktestrøyming av framsyningar er eit resultat av innovativ tenking og raske avgjerder. Det Norske Teatret la tidleg ein strategi for teater i sanntid der enkle og sikre betalingsløysingar var avgjerande. Direktestrøyming av teater er ikkje teater i si vanlege form, men er eit kunstnarleg produkt av verdi, og må derfor koste pengar. I samarbeid med teateret sin digitale partnar TRY Apt og produksjonsselskapet SVAI, kunne haustsesongen opne med den potensielt mest folksame urpremieren i teaterets historie: 11. september blei Bienes historie vist for rundt 1500 betalande publikumarar på skjerm.

Gjennom denne satsinga har teateret nådd ut til nye publikumarar og nye grupper over heile landet. Både eldresenter og skolar, litteraturhus, kulturhus og bibliotek i heile Noreg har nytt godt av direktestrøymingane av Bienes historie og seinare Villanda gjennom pandemiåret 2020. I 2021 kom Slåttekar i himmelen og Tante Ulrikkes vei.

Prosjektet blei unnfanga og ferdig planlagt i 2020, og blei ferdigstilt på nyåret 2021. Her forklarar Laila My Ananiassen på målarsalen korleis dei jobbar der.

Digitale omvisingar

Kvart år skal alle 6. klassingane i Osloskolen besøke ein kunstinstitusjon gjennom Den Kulturelle Skolesekken. Gjennom "Møt Det Norske" har fleire hundre elevar kvart år strøymd inn dørene for å oppleve teateret innanifrå gjennom omvising, dramaverkstad og det å sjå ei ferdig framsyning.
Vi skjønte fort at dette ikkje var mogleg i 2020. Som ei erstatning blei det sendt ut formidlarar direkte til klasseromma, så lenge det let seg gjere. Men samtidig planla formidlingsansvarleg å gjere omvisingane digitale gjennom tre ulike filmar frå verkstadene våre. På denne måten kan skoleelevar og andre få tilgang til stader på teateret der ein elles ikkje slepp til, for å sjå korleis ei teaterframsyning tek form.

- Vi ser at dette kan opne opp teateret for publikum generelt og gjere teateropplevinga meir verdifull.
Formidlingansvarleg Erlend Dreiås.

Ny nettside og grafisk profil

Ny nettside og oppussing av grafisk profil var alt planlagt lansert våren 2020, og paradoksalt nok var det ei slags hjelp i at det var nokså roleg på teaterfronten. Dette gav kommunikasjonsavdelinga litt meir ro til å teste og legge over innhald i den nye drakt og nye tekniske løysingar, slik at dette var klart til lansering den 1. april.

Digitalt program

Skal vi ha program eller ikkje? Dette er eit spørsmål teateret har stilt seg kvar sesong. Programma er dyre og forureinande å produsere, men er også ein del av førebuingane til teaterbesøket og eit kjært minne for mange av publikumarane våre. Under pandemien gav svaret seg sjølv. Program blei kutta på samtlege biscenar av økonomiske omsyn, samtidig som planlegginga av "digitale" program sette fart. I lag med Try Apt blei det i løpet av hausten 2020 utvikla nye modular og ei eiga plattform som er kopla opp mot billettsystemet. På denne måten kan vi i løpet av 2021 lansere digitale program med spesialprodusert innhald.

Nokre av funksjonane blir også kopla opp mot dei vanlege nettsidene våre, slik du mellom anna kan sjå i denne saka.

Nettbutikk

Trass alt

Trass i at store delar av arbeidsstokken har vore på heimekontor størstedelen av eit heilt kalenderår, blei det altså produsert og skapt både kunst og minneverdige augeblinkar som ikkje hadde blitt skapt elles. Vi har vore nøydde til å tenkje nytt for å nå ut til publikum, noko som har resultert i nyvinningar og eit digitalt løft. Vi har nådd ut til gamleheimar og krokar i dette langstrekte landet vi ikkje elles hadde nådd, på måtar vi ikkje var i nærleiken av å få til da pandemien slo til. Korona har merkt oss alle, og mange vil oppleve at arbeidslivet blir endra for all framtid etter dette. Men vi har nådd ut til publikum på nye måtar, med nye middel og på heilt nye stadar - og det skal vi halde fram med.

Teatersjef Erik Ulfsby i samtale med historieskrivar Alfred Fidjestøl om annleisåret 2020.