Bakgrunnsartikkel

Undersøkingar i 2020

I løpet av 2020 er Det Norske Teatret med i tre større publikumsundersøkingar og -utviklingsprosjekt.

Skrive av
Erlend Tårnesvik Dreiås
Erlend Tårnesvik Dreiås
Formidlingsansvarleg

PUBDATA er eit forprosjekt for det som skal bli ei framtidig nasjonal analyseteneste og kulturmonitor for kulturfeltet, utvikla av bransjen saman med Norsk Publikumsutvikling.

Den vil gi oss brei innsikt i kven som kjem til Det Norske Teatret, og kven som ikkje kjem. Og den gir oss moglegheit til å samanlikne våre resultat med andre kulturinstitusjonar i Noreg og internasjonalt.

20 kulturinstitusjonar i Noreg var med i utprøvinga av piloten til PUBDATA, som er basert på ein britisk modell.

Med Effektstudiet har Det Norske Teatret, saman med ni andre institusjonar, målt effekten av tiltak for meir mangfald i kulturlivet. Er det skilnad på publikum som kjem til Det Norske Teatret i sentrum, og dei som finn vegen til Rommen Scene i Groruddalen? Betyr det noko å spele Tante Ulrikkes vei eit steinkast frå Tante Ulrikkes vei?

Effektstudiet har gitt oss verdifull innsikt i publikumssamansetninga, effekten av progammeringsval og kommunikasjon, samt eit verktøy til over tid å hauste erfaringar frå målretta arbeid for å nå eit meir mangfaldig publikum.

Effektstudiet blei initiert av Interkultur Drammen og fasilitert av WolfBrown, med NPU og Kulturrådet som støttespelarar.

COVID-19 Monitor var ei nasjonal tverrkunstnarleg undersøking av effekten koronakrisa hadde på publikum. Gjennom tre innsamlingsrundar i 2020 viser undersøkinga korleis publikum har endra seg gjennom pandemien.

Det har vore viktig i manøvreringa av aktivitet og kommunikasjon gjennom vekslande smitteverntiltak i 2020. Den har gitt oss større forståing for korleis publikum opplever tryggleiken på teateret, og interessa for digitale alternativ.

Undersøkinga av effekten koronapandemien har på kulturpublikummet vil halde fram i 2021.

For eit teater som har som oppgåve å nå eit stort og mangfaldig publikum, betyr kunnskapen desse undersøkingane gir oss mykje. Dei har vore viktige i manøvreringa i aktivitet og kommunikasjon i annleisåret 2020. Men enda viktigare har dei gitt oss verdifull forståing for korleis publikum opplever tryggleiken når vi igjen kan opne i 2021.