Bakgrunnsartikkel

Rustar vi barna våre til å tole også det som er vanskeleg i livet?

- Om vi gjer alt lett og friksjonsfritt for barna våre, trur eg at vi gjer oss alle ei bjørneteneste. Da øver vi ikkje på det det vil seie å vere menneske.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonsrådgjevar

Regissør Peer Perez er sjølv barn av 80-åra, og det er mest som ein våt draum som går i oppfylling når han får gi seg i kast med Den uendelege historia i eit tid da nostalgien for dette tiåret står sterkt i populærkulturen. Forteljinga sit glasklårt i minnet til mange som er fødde seint i 70- og tidleg i 80-åra. Dei hugsar filmatiseringa med den fantastiske drake-hunden Falkor (Fuchur), hesten Artrax som døyr og ikkje minst poplåta Never ending stooooryyyy framført av Limahl, med verdas største og mest legendariske tofarga hockeysveis.

At Den uendelege historia hadde eit barn i rolla som helten som ordnar opp, var noko av det som trefte åtte år gamle Peer midt i magen da han såg filmen.
- Og scenen der hesten Artax døyr i Sorgsumpane var ein av mine første erfaringar med tap og død. Det var da eg skjønte at noko kunne vere så brutalt endeleg, seier han.

Med eit nytt blikk

No er han sjølv far til ein sjuåring, og oppdagar historia på nytt i lag med sonen, men frå eit foreldreperspektiv. Denne opplevinga har sett i gang tankar om korleis han og foreldregenerasjonen han er ein del av har mista av syne noko av det som var bra med den 80-talsoppdraginga han sjølv fekk. Regissøren og tobarnsfaren håpar at hans generasjon, og dei som er så unge at dei kanskje berre kjenner låta til Limahl fordi ho nyleg trenda på TikTok, skal ta med seg barna sine på teater. Han har noko å seie til dei.

- Barn i dag går glipp av å finne ut av ting sjølve, løyse konfliktar, problem og utfordringar. Vi er så redde for at barna skal bli utsette for fare, at vi røvar frå dei moglegheita til å lære sjølve å takle det som kan vere vanskeleg, meiner han.
Som barn var han vand med å gå ut døra, for så å komme heim mange timar seinare til eit avtalt tidspunkt. Kva han gjorde, kor og med kven visste ikkje foreldra nødvendigvis så mykje om.
- Samtidig er det vanskeleg å finne balansen mellom å sleppe barna fri og å vite at dei ikkje rotar seg vekk i noko vi ikkje har kontroll over, held han fram.

Stein knaskaren blir til på målarsalen. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.

Fantasidøden

- Barna våre er også i ferd med å bli oppslukt av ei form for ingenting gjennom all skjermbruken dei blir utsette for. Dei mistar fantasien og evna til leik tidleg. Det er ein kamp vi foreldre må orke å stå i, seier regissøren engasjert.
- I det heile er Den uendelege historia eit manifest for kor viktig det er å bevare og stimulere barns kreativitet og skaparglede lengst mogleg. Dette er under press, og barn blir vaksne litt for fort. Teateret er ein av arenaene eg meiner gir rom for meddikting, og det legg vi til rette for i oppsetjinga vår.

Alvoret i leiken

- Med framsyninga vår ønskjer vi å ta heile barnet på alvor, også med evna dei har til å forhalde seg til det mørke og litt skumle. Det er smerteleg å erfare sorg, eller det at nokon som er god og snill også kan vere det motsette. Men vi håpar å skape eit rom der dei kan stole på at vi saman skal komme gjennom desse utfordringane, forklarar regissøren.
Til dei som lurer på om framsyninga kanskje kan bli litt for skummel åtteåringen, har han ei tilråding:
- Ikkje ver redd for at barna skal bli redde. Det er ein invitasjon til å snakke om det som er skummelt eller trist, og kvifor.

Artikkelen blei publisert 3. oktober 2025.