Bakgrunnsartikkel

Møt Pål Christian Eggen

Pål Christian er ein sentral del av den moderne musikalhistoria til Det Norske Teatret. Med sine 190 centimeter og si djupe bassrøyst tar han plass i scenerommet. Han er kanskje aller mest kjent for å ha tatt over stafettpinnen frå sjølvaste Lasse Kolstad i Spelemann på taket. Men om du har sett Kan nokon gripe inn som løfta Stein Torleif Bjellas musikk inn i scenerommet, eller for den del Charlie og sjokoladefabrikken, Tolvskillingsoperaen eller Spynorsk. The Musical i dei seinare åra, kjenner du nok den djupe og klangfulle røysta til Pål Christian. I vår står han på Hovudscenen når høgdepunkta frå ein meir enn hundre år lang tradisjon blir servert i Biten av musikal.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

Kva er Biten av musikal?

- Det er jo ei svær fruktkorg fylt opp med godbitar frå heile historia frå start til slutt på Det Norske Teatret, av alt som har blitt sett opp av musikalar her. Mange godbitar, nokre svisker. Snadder!

Kven er Biten av musikal perfekt for?

- Det er eit vanskeleg og veldig lett spørsmål, fordi det passar for absolutt alle. Om bestemor har lyst til å ta med seg barnebarna på teateret så får dei eit innblikk i teaterhistorie samstundes som dei får ein kjempefin konsert, du kan med deg kjærasten din, familien din, gjerne gå ut og ete først, så får de ein heilaftan. Ta med deg bikkja for den del – kjem sikkert til å elske det!

- Mange godbitar, nokre svisker. Snadder!

Straffangen og helten Jean Valjeans gripande historie gjorde inntrykk på ein ti år gamal Pål Christian Eggen i 1988. Og nesten 154 000 andre nordmenn. Foto: Michael Le Poer Trench.

Kva er det beste musikalminnet ditt?

- Det første musikalminnet mitt er på ein måte det beste musikalminnet mitt. Eg sat her, i denne salen, i 1988, og såg Les Miserables. Da var eg ti år gamal og det var ei skilsettande oppleving. Eg kjem aldri til å gløyme det.

- Men samstundes var det like skilsettande for meg å stå her på denne scenen og gjere Spelemann på taket i 2014. Så det er dei to som er dei største minna mine frå musikalteateret. Begge på Det Norske Teatret!

Kva for musikalkarakter assosierer du deg med?

- Det er eit vanskeleg spørsmål, men eg vil kanskje seie Tevje. Har spelt han så mange gonger og blitt godt kjent med han. Eller Olaf frå Frost? Stort sprik.

Olaf frå Frost er ein fin liten fyr med godt humør og store draumar. Foto: Siren Høyland Sæter.

Her er Pål Christian Eggen i rolla som Tevje i 2014, ei rolle Lasse Kolstad gjorde til si etter Noregspremieren i 1968. Ein slags hoppe-etter-Wirkola-augneblink i norsk teaterhistorie som Pål Christian kom særs godt ut av! Foto: Erik Aavatsmark.

Kva for musikallåt har betydd mest for deg?

- Det må vere Om eg var ein rik mann. Den har eg sunge i veldig mange år. Dessutan drøymer eg også om å bli rik… Neida! Det stykket og den karakteren, musikalen er eit teaterstykke som kan stå fritt på eigne bein. Det er ein fantastisk musikal, og også eit veldig godt teaterstykke. Om den blir å høyre frå scenen? Tja, vi får sjå da…