Bakgrunnsartikkel

Om korfor Fraulein Schneider har rosa hår

Skodespelar Gjertrud Jynge om arbeidet med rolla.

Eg hadde spelt ei av jentene i Kit Kat Klub i badedrakt, nettingstrømper og med blomst på hovudet på Rogaland teater for 33 år sidan, men trudde vel framleis at eg var i førtiåra, og kunne ikkje sjå for meg at det kunne vere noko i Cabaret som passa for meg. Det gråhåra gamle paret? Hadde åra verkeleg rast så fort? Men der var det ei interessant dame. Og ho var i sekstiåra. Fraulein Schneider.

Eg googla. Cabaret. Originaloppføringa, Broadway.

1966. Året eg vart fødd. 60 år sidan no. Originalcasten;
Fraulein Schneider… Lotte Lenya.
Lotte Lenya!
Lotte Lenya!!!
Då var det jo ei meining med det!

Lotte Lenya

Lotte Lenya, som song Sjørøvarjenny i 1928 då Tolvskillingsoperaen hadde urpremiere på Theater am Schiffbauerdamm!

Verdskjend songarinne og skodespelar, gift med komponisten Kurt Weill, og som måtte flykte til USA før krigen, og der laga seg ei ny karriere på Broadway, ei dame mange har gløymt, og det berre er om du seier “ho russiske skurken med kniv i skoa frå James Bond”, at du får til svar “Å, ho ja”. Ho var jo verkeleg skummel. Har du sett filmen, gløymer du ho ikkje.

Den tyske teaterlegenda Lotte Lenya spelte Fraulein Schneider i originaloppsetjinga av Cabaret på Broadway i 1966. Foto: Don Hunstein.

Mamma rakk å fortelje mange gonger historia om då ho møtte Lotte Lenya på fest heime hos storesøstera i Tyskland. Lotte Lenya var på besøk frå USA, og heile den radikale kultureliten laga fest for å feire henne. Og festen var heime hos tante Dagrun.

Det var noko med eit sjalusidrama, nokon hadde låst seg inne på eit toalett. Mamma var ei ungjente frå Stranda på Sunnmøre, og gjorde store auge. Den første store utalandsreisa. Og her var ho på fest med mange kjende folk. Forfattarar, kunstnarar. Politisk engasjerte folk. Høglytte diskusjonar. Lotte Lenya, venninna til Dagrun, var fin å prate med. Ei artig dame med eldraudt farga hår og knallraude strømpebukser. Ho skjøna vel at det var mykje å ta inn for ei ungjente frå nord. Den raudhåra dama gjorde ikkje noko nummer av å vere eit ikon.

Som ein del av kulturell utveksling og forsoningsarbeid etter andre verdskrigen hadde tante Dagrun reist til Tyskland med eit studentteater frå Noreg. Der vart ho kjend med ein tysk student, som seinare blei ein verdskjend forfattar, Hans Magnus Enzensberger, dei gifte seg, fekk ei dotter, og Dagrun hadde budd i Tyskland nokre år då elleve år yngre mamma i 1961 kom på besøk for å passe tantebarnet sitt.

Skodespelardraumen

Begge dei to søstrene bar på ein draum om å bli skodespelar. Mamma søkte teaterskolen dette året, ho fekk lese med skodespelar Ola B. Johannessen. Men kom ikkje inn.

Mor mi, Grete Overå Kristensen, spelte Nora i Et Dukkehjem på Landsgymnaset på Vinstra.

Planen til Dagrun var å bli regiassistent for Bertolt Brecht på Berliner Ensemble, men då han døydde i 1956 var kona hans, Helene Weigel, usikker på framtida, dei hadde eit møte, men regiassistentplanen stranda der.

Politisk aktivist

Etter at Dagrun skilde seg, var ho i 1967 med på å stifte eit politisk kollektiv i Berlin, “Kommune 1”, der dei eksperimenterte med andre måtar å leve på, det private var politisk, kjernefamilien var borgarleg og kvinneundertrykkande. Fridomen til å leve annleis vart prøvd ut, ikkje utan kostnader, og ikkje utan å provosere samfunnet rundt.

Ho vart då óg utvist frå Tyskland etter å ha vore med på å planlegge ein mjølbombeaksjon, “puddingaksjonen”, mot den amerikanske visepresidenten Hubert Humpfrey.

Tanta mi, Dagrun Kristensen, reiste som ungjente til Tyskland.

Og slik går historia att og fram. I musikalen Cabaret møter vi i 1929 eit Berlin der det framleis er stor fridom, det var lov å vere annleis, politisk fridom, høg toleranse for mangfaldet i seksuell legning, stor takhøgde for det menneskelege. Før det kjem eit brått stemningsskifte i 1930 med åtaket på fruktbutikken til Herr Schultz, og Fraulein Schneider bryt trulovinga.

I den verkelege verda sit Hitler med makta tre år etter. Og det kjem ein ny verdskrig. Den same verdskrigen som seinare er grunnen til at tanta mi reiste til Tyskland med studentteateret for å vere med på å bygge bru over gamalt hat. Og der ho sjølv nokre år seinare fekk kjenne på kvar grensa for ytringsfridomen gjekk.

Dei har gått ut av tida no, både søstrene med skodespelardraumen og den raudhåra dama med den store stemma, men eg trur at Lotte Lenya ville gledd seg over at tantebarnet til Dagrun låner rolla 60 år etter at ho spela Schneider for aller første gong - og som óg, i ein homage til henne, har farga håret nokre nyansar raudt.

Artikkelen er publisert 16. oktober 2026.