Bakgrunnsartikkel

Om Frost og den originale Broadway-produksjonen

Musikalen Frost hadde premiere på Broadway på St. James Theatre i mars 2018, med det største førehandssalet i Broadway-historia.

Frost er produsert av Disney Theatrical Productions. Det første året på Broadway var det den nye musikalen som tente inn mest i sin sesong. Musikalen har spreidd seg raskt, og turnerer no i Australia og Nord-Amerika, på West End i London, i Japan og i Hamburg.

Animasjonsfilmen Frost frå Disney hadde premiere 19. november 2013 og blei ein favoritt både hos kritikarane og på kino. Filmen spela inn meir enn 1,28 milliardar dollar på verdsbasis og blei den mest innbringande animasjonsfilmen nokon gong og den mest innbringande musikalfilmen, før han blei slått av den nye versjonen av Løvenes konge i 2019.

Frost II hadde den beste opninga på verdsbasis nokosinne for ein animasjonsfilm, og har sidan spela inn 1,45 milliardar dollar på verdsbasis.

Den første filmen vann to Academy Award-prisar – beste animasjonsfilm og beste originale song («Let It Go») – og to Grammy-prisar, for best samansette lydspor til eit visuelt medium og beste song skriven for eit visuelt medium («Let It Go»).

Hovudfoto i saken: Dei Oscar-vinnande låtskrivarane Kristen Anderson-Lopez og Robert Lopez/Disney.